søndag, desember 17, 2006

klikka Swejsan inn i buret

Ikveld tok eg vanlig fòr og klikkeren fram og tenkte eg skulle prøve å klikke Swejsan til å bruke buret sitt. Og jammen hjalp det. Me fekk det i hus på tirsdag, men det blei bare brukt den første kvelden og ca ein halvtime på natta. Etter det har det fått stått i fred. Så eg tenkte altså ikveld at eg skulle bruke klikkeren, slik Kari Anne gjorde det med Ayla. Først sto eg foran buret, uten å sjå på han. Han tilbydde meg alt han kunne, stå, sitt, ligg, god dag, han prøvde også å hoppe opp på meg, men var ikkje borti meg, for det vett han ikkje er lov. Tilslutt valgte han å sette ein fot inn i buret, eg klikka med ein gong og han blei skikkelig gira. Etterpå gjekk han heilt inn og satt der, eg klikka selvfølgelig og han fortsatte å sitte inni buret. Eg klikka for at han satt der og ikkje gjekk ut. Han blei litt i vande då han valgte å gå ut, og ikkje lenger fekk klikket. Men etter eit par minutter så tok han det igjen, og gjekk inn i buret igjen. Eg klikka som ein galning, og han blei der inne. Etter tre minutter ca la han seg ned, og eg begynte på nytt å klikke som ein gal. Han bare fortsatte å lykkas, og eg jubla inni meg. Tilsamen 4 gonger gjekk han ut av buret, og siste gongen fant eg fram det deilige store oksebeinet som han bare elsker å gnage på. Han fomla i ca 20 sekund, men gjekk tilslutt inn, fekk klikket og det deiliga store beinet. Han slikte litt på det, tok det i munnen, og ville gå ut med det. Med ein gong det skjedde, at han var ute av buret med beinet, tok eg beinet, stilte meg opp igjen, og venta på at han skulle gå inn. Og jammen gjorde han det igjen. Då fekk han igjen klikket og beinet, og har nå låge der i iallefall 10 minutter. Eg har gått opp på kjøkken og vore ute av synet hans, eg har vore på loftet på badet, ute av synet hans, og han har låge heile tida å togge på detta beinet hans. Ser lyst på det framover nå. Forresten, då eg kom ned fra badet igjen, klikka eg og ga han ein fòrbit. Bare for at han skulle vite at det va fint han låg slik. Sjøl om han hadde beinet sitt der.
Skal klikke masse for dette de neste månadane, så kan han nok snart slappe skikkelig godt inni der.

Snart vintersolverv 21/22 desember

Har vært lite oppdateringar her igjen, men det e lite som har foregått. Har funne meg ein ny "rundtur" som er 2,7 km, og ikkje tar altfor lang tid. Swejsan går som ein konge på denne turen.
Det blir ikkje ofte tur på dagtid i dagslys lenger, siden eg ikkje slutte på jobb før 3-halv 4 tida. Nyte helgene som bare det, der eg kan gå ut og faktisk sjå at me ikkje bur i nord-norge der det delar av vinteren e heilt mørkt. Men nå e det altså ikkje lenge te solå snur. Og når den først gjer det, så tar det bare ein måned så er det allerede ein halvtime lysare om dagane. =) =) =)

Me har hatt nåken turar på Bråstein sidan sist, toke litt "sjå litt folk"-turar samt kontakt trening. Og fri-ved-fot turar. Han e umåtelig flinke i forhold te koss møje eg har trent på det, men det kunne vore så møje meir bedre om eg hadde trent meir.

Nå ser det ut som om eg får muligheten te å virkelig trene vekk all seperasjonsangst, då eg komme te å var heima et par år. I juli komme det ein liten her i huset, og pga at eg har den jobben eg har, blir eg antageligvis sjukemeldt i og med at de ikkje kan legge til rette arbeidet for meg, og det er generelt veldig tungt arbeid. Eg har heile planane klare, Swejsan ska bli trygg heima, og mor ska få litt meir "fritid" frå "kleggen". Det e det nye kallenavnet når det begynner å bli på tide med litt fri fra han. Eh.. Han e jo god, men altså, å gå rundt i huset med han 2!!!! cm fra leggen e ikkje så behagelig når eg ska snu meg. Det så skjer e at eg snuble øve han då. Så det e godt med litt fri fra kvarandre og. =) Altså, fra hunden.

Men altså, så snur solå snart, og då blir det andre boller. Strukturert trening, dagtid, kveldstid og über alles... Spesialt Mosvatnet.

mandag, november 13, 2006

Bitteliten Bråsteinstur

Idag etter jobb tok me oss ein liten Bråsteinstur, men me møtte heldigvis ingen hundar. Han oppførte seg litt rart, og bjeffa ein gong på eit eller aent i skogen. Det va kaldt ute, surt, regn, og eg uten regnklede. Så eg snudde, gjekk litt seint tilbake, men det blei alikevel 45 minutter. Men langt fra nok fra han si side.

I går var me forresten å henta han på kennelen der han hadde vore frå lørdag til søndag, og kjære gutten vår var overlykkelig heile dagen for å var heime igjen.. Han hadde visst vore veldig flink, og blei vurdert til å stå inne i huset for han var så roleg. Det var ein posistiv opplevelse, så kennel Zarstø i Sandnes kan absolutt anbefalast. Der hadde dei også ein stort inngjerda område hundane kunne springe fritt på. =)

søndag, november 12, 2006

Tilbydde "stå"|

Jaggu nytter det. Til tross for at helga har vore prega av overnattingsbesøk, og det at me har måtta vore vertar, så har me innimellom fått til å trene litt. Og det har gitt resultater. Idag tilydde han stå. Og eg kommer framleis til å klikke som ein hekkan når han står og ikkje har fått tid til å sette seg, slik at han er hundre % sikker på at det er det rette han gjer.

søndag, november 05, 2006

takk = kom og gi meg gjenstanden du har i munnen

Me har hatt ein liten lek gåande i helga. Han elsker dratauet sitt, og går ofte med dette i munnen dersom me entrer rommet eller han bare rett og slett blir glad for at me er der. Dei siste dagane har eg sagt takk akkurat i det han har sluppe tauet anten i fanget mitt, eller i handa mi, eller nr eg tar i det. Eg seier bra, og kaster det opp i lufta til han igjen. Dette har då gjort til at han kommer til meg med det, eg seier takk, og han slepper det hjå meg, altså enten i handa, fanget eller på golvet rett forran meg. Ikkje alle gongene har han fått det igjen med ein gong han har sluppe det, men eg har gitt han ny kommando, som t.d sitt, og når han har såte perfekt den tida eg i utgangspunktet hadde sett føre meg seier eg BRA og kaster det til han. S leke han litt med det, kommer mot meg, og eg seie takk, og det same skjer. Eg kan nokre gonger seie takk, bra og han får det igjen 3-4 gonger alt ettersom, for så å gi kommando slik at han må jobbe for å få tauet. Eg vett ikkje kaffor eg gjer det på den mten, men eg tenke at siden eg gjer det slik, så får han ingen indikasjon på at me skal alltid gjer det f.eks 3 ganger, før kommandoen komme.. jaja, diskutere dette også med Kari Anne trur eg..

fredag, november 03, 2006

Bråstein

Etter jobb idag, stoppa eg innom Bråstein. Eg syns det e like spennande kvar gong me komme der, ift ka hundar me treffe på. Swejsan busta med ein gong nede ved bilen, men eg hadde allerede blitt advart om det de har dreve på med der oppe. Han syns det va litt rart med all gravinga. Det gjekk heldigvis ikkje lang tid før det var øve, og me kunne fortsette turen innøve. Me var ute i 1,5 time, og på slutten av turen prata eg med ei dame med både Vorster og Pointer.
Swejsan va heilt ute resten av kvelden, og det va ein herlig avslutning på ei litt hard veke på jobb.

- Ting å ta til etterretning:

* Må få kontrollen over til meg sjøl når me er ute å går tur, der eg stopper opp når bandet e stramt. Slik det er nå, er det meir at han hopper tilbake og begynner å gå framøve. Kriteriet har jo bare vore at bandet skal var slakt for at me skal g framover, for med ein gong det har vore det, s har me begynt å bevegt på oss. Vil han skal var like rask tilbake ved stramt band, men avvente meg om nårtid og kor me skal gå.. Trene meir på dette..
--Evt. måtar å trene dette på:
- Kanskje snu total retning og gå ein aen vei dersom det er mulig.
- Få inn ein adferd at han skal komme tilbake å sette seg ved sida av meg før me begynner å gå vidare. Dette kan forsvidt alltid gjelde. At nr eg stopper, skal han sette seg automatisk.
M diskutere litt med Kari Anne om dette.. Ka som er reelt prøve på, ka andre ting eg kan gjere.

onsdag, november 01, 2006

Tur ved elva

Idag tok eg med meg leverbitar og klikker og gjekk ut. Etter me fekk det nye halsbandet, har me så og sei slutta med selen. Både leieband og halsband e heilt perfekt nå. Eg stoppa kvar gong bandet blei stramt, og han hopte tebake igjen. Etter eit par skritt, uavhengig om det var et eller 5 så fekk han klikket og godbit. Nede på kjøpesenteret trente me på stå, sitt og ligg. Dette gjekk greit, men det var litt luftforstyrrelsar der, etter ein hund som utagerte mot han. Han blei bare veldig ivrig og bjeffa ein gong. Var ute nesten ein time, men med masse trening undervegs. Han fekk også springe litt laus nede ved elva, men han tok heldigvis ikkje uti etter fugl..

tirsdag, oktober 24, 2006

Rolig dag

Idag oppdaga eg at Swejsan hadde bitt av ledningen til varmen i bakruta i bilen.. *bummer* Litt kjipt, men det kunne vore så møje verre...
Han fekk var heime når eg skulle ned på butikken for å handle. Det gjekk kjempefint det også, akkurat slik som første gong han va heima aleina.. Han va bare ekstra glad, men eg gjorde ikkje nåke særlig meir utav det enn å bare sei rolig hei te han når eg kom heim..

søndag, oktober 22, 2006

Tur ved Mosvatnet

Idag hadde eg egentlig tenkt å gå på Bråstein, men ombestemte meg. Swejsan har vore kjempeflink dei siste gongene me har møtt på hundar, og ikkje bjeffa, så me tok oss i stedet for ein tur ved Mosvatnet. Me gjekk ikkje rundt. Eg hadde med meg Tanja, og begge to gjekk kjempe fint i band. Då me hadde gått ca. 20 minutter, så stoppa me og tok oss ei treningsøkt. Med Swejsan trente me på ligg, sitt og stå med forstyrrelsar av diverse sort som andre hundar, joggerar, syklistar, folk med barnevogn. Og han var kjempeflink. Det va vått og surpete der me holdt til, men alikevel så både satte han seg og la seg.
Tanja var også kjempe flink. Hu hadde heller ingen problemer med å legge seg ned i sølå, eller sitte mens det gjekk folk forbi. Men, eg kan merke stor forskjell på dei to hundane. Medan eg trente Swejsan knurra hu bittelitt 2 gonger på andre hundar som gjekk forbi. Hu blei lettare distrahert når det kom hundar og folk forbi. Men utrulig flink til å vera henne likevel. Eg trente kontakt, sitt og ligg med henne og.
Seinare på kvelden kom Kari Anne innom med masse mat og nytt halsbånd til Swejsan. Det va bare heilt perfekt, så nå har Ayla og Swejsan heilt like halsbånd. =) Eg viste hu også kor kjapp Swejsan har blitt i ”ligg”. Me har brukt lek som belønning, og det lønner seg skikkelig med han. Då blir han nesten for ivrig til tider, at han kan begynne å bjeffe for han har så lyst på leika.. hehe.. Ganske frustrerande for han når eg då snur meg vekk og ikkje gir han nåke som helst oppmerksomhet

fredag, oktober 20, 2006

Aleine heime

Natt til idag opplevde eg nåke stort med Swejsan. Eg drog ned til statoilen for å kjøpe røyk, og lot bare Swejsan var igjan heime. Då eg kom heim, etter ca 5-10 minuter vekke, så var han bare glad. Han viste ingen teikn til seperasjonsangsten i det heile tatt. Og det gjorde meg kjempe glad. =)

torsdag, oktober 19, 2006

Skjerpings

Må skjerpe meg nå!

Det har skjedd ytterst lite siden siste posting, men litt har det alltids vore. Eg var med Kari Anne på Sviland og prøvde spor med Swejsan for aller første gong, og må sei eg blei jysla øvegidde. Første sporet me la var relativt enkelt. Rett fram sånn at begge to egentlig kunne lykkast. Han tutla seg vekk litte granna, men fant teslutt belønningen. Etterpå gjekk Kari Anne og jentene ut i skogen for å gjøyma seg vekk, og etter ei lita stund tok eg og Vetle ut etter dei. Me datt litt vekk av sporet pga oppdrift på bakken og underlags-skifte, men fant dei teslutt. Han ståkk så jysla at han begynte å bjeffa, og blei skikkelig glad.
Eg har vore der oppe ein gong etterpå, og blei lika øvegidde øve han då. Prøvde også et lite spor med Tanja, men det var ikkje det store. Komme nok det også. Same dagen tok eg ein del klikkertrening på begge. Swejsan måtte ein del gonger inn i bilen, for han va litt away, men Tanja va kjempe flinke. Tilbydde ligg med å bukke først.. Kanon..
Men, altså, nå er det tid til å skjerpe seg. Masse..

to be continued.....

torsdag, september 21, 2006

Trening på Ganddal

Ikveld avtalte eg og Kari Anne møtast i Sandnes for å ha litt "mørketrening". Aprostrof Kari Anne.. hehe.. ;) Og det fekk me også. Planen var den at Swejsan skulle få var ute i mørket, sjå både folk og hundar, UTEN å bjeffe. Altså bound not to fail. =) Han klarte det glimrande. Neste gong auke me kriteriene. Me må nok få til å møtast slik litt ofta i haust, for det va veldig nyttig på fleire punkt.

Me trente sitt under baklengs "ettelleraent". Eeh, huske ikkje ka det heite. Me trente på passering i laust band, og begge to klarte dette heilt fint. Me trente på kontakt medan det gjekk folk og hund i nærheten. Fant ut at den ultimate forsterkaren for Swejsan er pipeleke... Han blei heilt i hundre av det.. Også laaange grastrå gjorde susen.

Me møttes 19.30 og reiste ikkje derifra før klokka viste 22.. Kjenne eg e go og trøtt ikveld, og jaggu meg e ikkje Swejsan det og. =)

Kari Anne hadde handla 3 kg godbitar for meg, så nå skal det trenast. Eg trur eg skal ned å stå utenfor Mega'en i mårå kveld i dèt det begynner å bli mørkt, for nå har eg fått ein viss peikepinn på kossen eg skal gå fram.. =)

Tusen Takk Kalananne.. =)

mandag, september 18, 2006

Poff, så va dagen vekke.

Swejsan va med på jobb idag og, eg va ute lenge med han i pausen. Han fekk lukte og skvette det han ville. Eg hadde gløymt klikkeren heime idag, så eg bare roste han for å gå fint ved sida av meg med "bra" og godbit. Etter jobb fekk han springe på Bråstein. Der traff me bare 2 hundar idag, og Swejsan fekk skryt for at han var så grei hund. Det var to Whippet'ar. Den eine var litt engstelig av seg, og det var nettopp denne som Swejsan gjekk så greit overens med. Den andre var litt gretten, og fekk stort sett gå i fred. Eg kom heim, fekk besøk av Sigurd, og me åt middag ilag. Då han hadde gått, sovna eg. Og sov heilt til kl 21. Søren, og eg som skulle gjer så masse idag. Det der e så frustrerande..

søndag, september 17, 2006

Hjå tante

Atter ein gong har me vore ute hjå na tante idag. Fekk komla og deilige kaka.. Åt altfor masse. Etter dette reid eg og Kari Anne. Hu på Sky, eg på (hmm, ka va det hesten heitte igjen) Honda, Tonda eller et eller aent.. Trudde eg skulle dette av kvar gong den bøyde seg for å ete litt gras..
Kjempe kjekt egentlig altså, men det e bedre å ri på Sky.. Han har et møje bedre tempo som passe meg endå bedre..

lørdag, september 16, 2006

Bjeffa på UNGAR!!!!

fORBANNADE NABOAR SOM BEGYNNE MED EIN DIGER SLAGBOR SOM GÅR PÅ EIN DIGER LUFTKOMPRESSOR KL 7.30!!!!!!!!!! IDAG. Hadde eg hatt nåke så eg kunne brukt som sjokk på de akkurat då, så hadde eg jaggu meg gjort det. Og ikkje nok med det.. Det har søren meg vart heile dagen.. Hmmfr...Idag har me vore ute i hagen heile dagen, fjerna gamle råtne plommer, all hundeskit, demontert trampolinen, og klipt plenen. Swejsan har vore ute ilag med meg heile dagen. Ein episode var det ei jenta som sto på andre sida av gjerdet og koste med han. Med ein gong såg det ut som han koste seg skikkelig, før han plutselig begynte å bjeffe intenst. Dette syns eg va skikkelig fumt, så eg henta klikkeren og leverbitane og fortsatte ute. Naboen som han slettes ikkje liker, klarte eg å ha ein heil samtale med, og eg trur det var fordi eg klikka for at Swejsan var stille. Han fekk ikkje sjans til å bjeffe eingong. Så etter det var det ikkje problem. Happy var også ute lenge med oss, og bjeffa rett som det var, Swejsan heiv seg rundt for å springe for å sjå ka dette er. Nokre gonger brukte eg navnet hans, andre gonger sa eg bare sjå. KVAR EINASTE gong bråsnudde han. Eg klikka for at han ikkje bjeffa når det gjekk folk på veien også. Ret og slett heilt tilfeldig klikking. Bare at eg var egentlig litt foran han heile tida. Eg orke ikkje endå ein bjeffehund, då vett eg at eg klikke galen på an, så eg skal jobba intenst for å unngå at han blir det.

Kloktrening:
Toucha alle fire potane og klødne med klotanga. Ikkje prøvd å klippe, bare ros, klikka og gitt godbit for han har låge i ro. Dette kommer eg til å gjere i morgen også. Me trur eg skal bruke god tid på dette, og gjere det skikkelig.. så eg ikkje drite meg ut sånn som eg gjorde igår.. *skamme seg over'

fredag, september 15, 2006

Bjeffebikkje

Eg trur Swejsan har begynt å føle at nåken folk e skikkelig skumle. På kveldsturen i går, kom det gåande tre stykker ned ein bakke. Desse fekk han for seg at han skulle bjeffe skikkelig intenst på. Eg overhøyrte at de spurte han om han var sint, eg fekk sagt han bare var redd i det eg gjekk vidare. Då eg va langt nok vekke, plystra eg, og han kom som ei kule....Eg må ut på kveldstid med kattemat og klikker, å trene på dette... For eg vil ikkje ha det slik.. Eg må ta meg skikkelig i samen.
Idag har det skjedd lite igjen. Me har vore på kjøretur, så han har fått lite idag også. I mårå blir det nåke heilt aent. Han trenge det og, og fortjene virklig det
Ikveld også gjorde han det. Jentene hadde gløymt å lukke atte døra, og plutselig var han ute på veien, og bjeffa på nåken tilfeldig forbigåande.... Eg skal begynne å trene på at det kommer folk forbi etter at det har blitt mørkt. Nå nærme det seg jo den årstida der det e mørkt allerede når eg har komt meg heim fra jobb, og eg gidde slettes ikkje at han skal bjeffe på alle folk som kan hende ser litt skumle ut i mørket..

Kloklippe-trening:
Kattemat, tålmodighet og 5 klør klipt på framfoten. Tok ei altfor lang økt, så eg må hoppe tilbake eindel momenter før eg prøve på klipping igjen.. dumme dumme meg

Plutselig fekk han et skikkelig bjeffekick inne, midt på natta, nede i stova... Forbanna altså. Den bjeffingå begyne å bøgga meg skikkelig nå. Eg må sette meg opp ein plan, å trene det vekk før det blir for gale.. At eg har kunna latt det gå så langt.. Søren altså..

torsdag, september 14, 2006

Masse meir "I-RO"-trening

Dei to siste dagane har vært prega av lite trening. Eg håpte på å få fortsette med klotreninga igår, men denne planen gjekk i vasken. Igår fekk han i minste laget med tur. Fekk tatt litt generalisering på "sitt", men det va absolutt i minste laget det også.
Idag har eg tatt 2 økter med "I-RO"-trening. Swejsan blir skikkelig frustrert då, og ligge å bjeffe og bjeffe. Eg gir han ingen oppmerksomhet, og har ikkje gitt meg før han har sukka skikkelig tungt, og gitt det opp. Eg skal jammen trene meir på det, for eg merke eg blir skikkelig irritert på han. Men det e bare min egen feil at det e blitt slik. Heime går det som regel greit å legge han i ro på teppet sitt, men det er blitt adskillig verre når me er på andre plasser. Skal slå meg sjøl i håve på den der..
blærk

tirsdag, september 12, 2006

2 potar og 2 gonger på kvar klo!!!!

klotrening:
Eg klarte ikkje la var. Eg bare måtte prøve ein siste gong før me gjekk å la oss på denne klotreninga. Og det ga resultater. Eg enda opp med at eg kunne ta opp poten hans, legge klotanga på kvar klo to gonger, altså fram og tilbake, så legge den ned, og ta opp den andre frampoten, og gjere det same på den. så fekk han klikk og Jackpot på det. WOW!!! Det kunne eg ikkje gjer tidligare ikveld.. hehe.. nænænænæ.. det virke.. Det eg gjorde når han prøvde å touche klotanga, var at eg klikka når han ikkje gjorde det, men faktisk låg fint, sjøl om eg hadde klotanga der, og holdt i poten hans. Genialt. Det som var forskjellen denne gangen, va at eg hadde blaut kattemat som belønning.. *humre-humre* Eg kan nesten ikkje vente med å fortsette, men akkurat for ikveld er det for seint.
doggyzen
Eg hadde også litt doggyzen med han, der eg kasta nåken pølsebitar på golvet, men fekk lagt handa over før han prøvde å ta de. trengte det bare ein gong, for han lot de ligga resten.

Happy kom også herte ikveld, og hu tok eg også klødne på.. det gjekk like fint som det alltid har gjort, men så fekk hu knallgod belønning også..

mandag, september 11, 2006

Bråstein med liten vri

Uff.. Kjipe Swejsan på jobb idag. Hadde han med meg inn i pauserommet med ein gong eg kom på jobb idag, og det har presterer der, er å begynne å bjeffe intenst på ei dame som kommer inn der. Då eg bytter bil med Anders og har han ute litt før eg skal ha han i bilen igjen, bjeffer han på ein mann han NETTOPP har vore i same rommet som.. Merkelige.. men det er nok sikkert pga at eg trener vwkk weperasjonsangsten. Eg gjorde ingenting. Fekk bare han mannen til å stå i ro, så Swejsan kunne nærme seg i sitt eget tempo. men han bjeffa heile veien. Då han var stille litt, gjekk me vekk, og han fekk var i bilen idag. Han har bare vore rolig der, men eg kan ikkje ha det slik som det når han er med meg på jobb. Då er eg avhengig av at han er rolig og grei gutt.

Bråstein med liten vri

Det blei atter ein gong den nye yndlingsplassen Bråstein idag. Men, for at han ikkje alltid skal forbinde denne plassen med å springe laus, så gjekk me lenge i band. Eg prøvde i begynnelsen, men der va det altfor mange hundar som kom bort til han, og då blei det svært vanskelig. Etter et lite stykke traff me på ei setterjente som Swejsan likte veldig godt. De sprang, og de sprang, og lekte og lekte. Hu pleide visstnok aldri å leke, så det va jo kjekt at Swejsan fekk det til. Eg tok han i band etterpå, og me gjekk et langt stykke. Me kom forbi nåken digre, sikkert et eller aent bull, de likna boxerar, bare møje møje større. Dei va også i band, men veldig veldig annige etter å fra bort til oss og bjeffe og bjeffe. Swejsan gjorde også det selvfølgelig, men eg sa ingenting i motsetning til de andre eigerane, som både kjefta og tok fysisk i hundane.. Jæ**a lurt... Not. Etterpå fekk han springe litt igjen, men han valgte å gå ved sida av meg. Og det va skikkelig stas, så eg klikka som ein galning, og ga på med godbitar. Så fekk han "fri". Han var god og trøtt då me var framme med bilen, og var bare rolig etterpå. Seinare skal eg begynne på klotreninga. Eg har allerede skreve ned dei punktene me skal gjennom før eg tar kveld, og det var litt med hensikten at det blei Bråstein. Slik at han skulle var rolig og trøtt når me begynte..

Klotrening:
Prøvde oss for aller første gong på klotrening ikveld. Men eg opplevde et lite problem. Siden eg då tok med de første punkta også, at han skulle "touche" klotanga, så opplevde eg at han heile tida skulle borti å "touche" klotanga når eg skulle borti neglene hans. Eg hadde i tillegg til "programmet", egen klikkertrening med at eg bare holdt i poten hans, og at han holdt den i ro i handa mi. For det er endå veldig ekkelt for Swejsan. Men eg ser me kan komme veldig langt på dette. Blir intens trening denne veka, for eg vil komme så langt at eg kan berøre ein heil pote uten at han trekker til seg foten eller legger håve over, eller prøver å berøre klotanga og /eller bite over.. Me skal jammen komme i mål på denne ja..

søndag, september 10, 2006

Hundedag 2 av 2

Bråvakna 5 minutter før eg skulle kjøre avgårde, så i seinaste laget fekk eg heve oss i bilen. Me droppa å møte Kari Anne i Sandnes, og kjørte heller direkte til Orre. Var der i god tid før Anne Karin og Shaylee skulle inn i ringen. Swejsan bjeffa nåken gonger der inne, men la seg ned og roa seg utrulig godt til å var på utstilling. Han likte seg ikkje då me skulle ut og måtte gå gjennom alle de bura og eigerane. Og hundane ikkje minst. Ute gjekk det kjempe fint også. Han drog nesten ikkje i bandet, gjekk fint på sida av meg, bjeffa ikkje på nåken, ville bort å helse, og prøvde å dra seg framover. Eg har lovt meg sjøl at han ikkje skal få lov til det, så det klarte han heller ikkje. Eg prøvde å få han til å sitte ved forskjellige anledningar på utstillingen idag, og kvar gong gjorde han det rett. Ligg prøvde eg bare på ein gong, og han klarte det og. Då me hadde stått og gått litt der, fant eg og Kari Anne ut at me skulle gå rundt Mosvatnet inne i Stavanger. Men det enda opp med at me bare gjekk ATTMED vatnet. Swejsan drog, for att og fram, og oppførte seg som ei forvirra rotte. Eg blei lei, og me gjekk for å ta ein "timeout". Der fekk Swejsan VIKTIG "var i ro andre plasser enn på jobb og heime"-trening. Først etter at han hadde sukka tungt, og lagt seg ned for å slappe av, reiste me oss for å gå tilbake. Då hadde han reist seg ørti gonger, bjeffa fleire gonger, og bare kjeda seg mens me satt slik. Men etter 10-15 sekunder heilt i ro, kunne me også gå vidare. Eg klikka for at han gjekk fint på vei tilbake, og han gjekk som ein aen deilig hund. Rett heim etterpå, for idag e både eg og Swejsan slitne.. Endå ein herlig hundedag..

lørdag, september 09, 2006

Bråstein med Kari Anne og Ayla

Eg og Swejsan sovna nede i stova i går kveld. :/ Og formen var ikkje nåke særlig god. Har hatt vondt i halsen og nasen, og vore i ulage i heile dag. Likevel, eg hadde avtalt med Kari Anne at me skulle til Bråstein idag, og det ville eg ikkje gå glipp av for alt i verden. Me avtalte å møtas halv ett. Turen starta alldeles nydelig, og han fekk møte mange forskjellige hundar idag også. Mange kamerados som ville var med han å springe i skogen. Me såg også stålorm der idag, og tok hundane med oss og gjekk raskt vidare. Nesten 2 timar va me der, og det va så kjekt. Mange folk som stoppa for å prate, mest med Kari Anne og om hennar rottweiler, men det va nå kjekt likevel. =)
Swejsan va skikkelig ferdige etterpå. Resten av dagen har han låge å sove, vore kjempe rolige, og bare vore heilt fantastisk. *sukk*

Trening:
* Ligg/Bli:

- Han tilbydde dekk, og eg klikka 10 gonger rimelig kjapt.
*pause*
- Igjen tilbydde han dekk, og eg klikka 5 gonger med lågare frekvens på klikkingå.
*pause*
-Tilbydde dekk, og igjen litt lågare frekvens på klikkeren.
*avslutt*
Dette gjorde me på kjøkken.
Seperasjonsangst-trening:
- Lukka Swejsan inn i gangen, tok nøklane med meg, og gjekk ut og koste med kattane som låg ute. Var ute i ca 3 minutter. Kom inn igjen, sa hei, og gjekk inn og fortsatte med det eg holdt på med.

I mår ska me te Orre på utstilling. Swejsan ska var med, og det gledar eg meg faktisk til. På vei heim trur eg me stikke innom på Bråstein igjen.. Det va så kjekt der... juhuuu.... Tenk å bu så nærme, og ikkje vore der før nå.. Det er jo nesten litt skammelig jo..

fredag, september 08, 2006

Første gong på Bråstein

Idag begynte dagen som vanlig. Det eg gjorde annleis idag, var å la swejsan var igjen aleine inne i gangen då eg skulle kjøre fram bilen. Va vel vekke et par minutter, for eg tok meg god tid.
I løpet av jobbdagen har eg skreve ned ka eg har gjort med Swejsan mens eg har jobba. Og dette ser slik ut.

Klotrening: antall sesjonar: 1
- 1 sesjon består av å ta på beina hans, og halde poten i handa. Muligens ta litt innimellom potane dersom han er svært svært rolig. Kvart bein blir belønna med bra og godbit.

Ligge på teppet, vera på teppet: belønna antall gonger: 5
- Swejsan reiser seg av og til og står utenfor teppet sitt. Då unngår eg å gi han oppmerksomhet, og at han når bort til meg for å snuse. Med ein gong han er tilbake på eige initiativ, belønner eg med bra og godbit.

Ligg på teppet/er på teppet: belønna antall gonger: 13
- Kriteriene her er bare at han skal vera på teppet sitt, anten om han står, litte eller sitte. Dette er kun for å unngå at han ikkje går i veien, slik at han dunker borti skarpe glaskantar og liknande. Han blir belønna tilfeldig med bra ( et rolig sådan) og godbit.

Luftepause:
* 3 repetisjonar på sitt/bli-øvelse. Siste gong med lågare frekvens av klikkeren.
* 2 kontaktøvelsar. Siste repetisjon tilbydde han 3 sekunder kontakt med stor "luft/duft-forstyrrelse".
* Gå med slakt bånd
- Stoppa 7-8 gonger. Klikka når me var komme igong og han gjekk ved sida av meg. Klikka også mens han gjekk ved siden av meg med slakt bånd, før fristelsen for å gå fram blei for stor.

Etter lunsj blei det veldig kaotisk inne i hallen, så Swejsan fekk var i bilen. Eg var mange gonger borte med porte og sjekka om han bjeffa, men han gjorde ikkje det.

Bråstein for ALLER første gong

Det va skikkelig spennande. For meg. Swejsan koste rævå av seg. Me møtte så mange hundar, og alle var greie å møte. Møtte ein fra jobben, fra den andre avdelingen i bedriften eg jobbe i, og på slutten av turen såg eg ein hund som virka kjent. Eg stoppa for å prate med dama som gjekk med han, og fant ut at det faktisk VAR den hunden som også hadde vore i hallen der eg jobba. Bare at då hadde han vore med "bestefar" på jobb. Så kult å kjenne igjen hundar slik da. Dei to har bare kjent teften av kvarandre, men ikkje møtst før idag. Eg må bare sei det høgt. EG ELSKE BRÅSTEIN. Eg komme te å stoppe der kvar dag etter jobb når eg har med meg Swejsan. Nå ligge han i "korga" si og e heilt kjørt.

Ja, forresten så klikka eg intenst heime på at han valgte å IKKJE springe etter kattane, men heller ta kontakt med meg. Herregud for ein flott dag, te tross for at eg kjenne på ein mulig forkjølelse.

I mårå e det Bråstein med Kari Anne. Og eg kan nesten ikkje vente. Har nesten lyst å reise ut der igjen før det blir mørkt, SÅÅÅÅÅÅ kjekt det va...

WOW..

Ja, Kari Anne. Det er nok ein genial idè for oss å gå i umiddelbar nærhet av kvarnadre neste gong me går tur ilag. Eg vil og tru me vil komma oss framøve øitt kjappare då ja.. =)

torsdag, september 07, 2006

Hjå Kari Anne

Idag reiste eg ut til Kari Anne rett etter jobb. Me hadde planlagt å gå tur ilag. Me kom oss avgårde etter litt mat, og det gjekk ganske bra. Kari Anne retta litt på kroppsspråket mitt, nåke som var veldig bra turen vidare. Ayla og Swejsan sprang lenge ilag lause, og plutselig fekk han teften på nåke. Spora som bare det, og rett etterpå fauk der opp 8-10 fuglar. Så blei det baj-baj te Swejsan. Han kom tilbake etter nokre minutter, så det va ikkje så farlig..
DÅ me va ferdig med turen, prøvde me på sitt og bli trening. Men Swejsan var veldig ukonsentrert, så det bare avslutta me. Fekk litt gongen i det, og då eg kom heim måtte eg bare prøve igjen. Her blei det derimot knallbra resultater.
Han satte seg frivillig, eg forklikka 10 gonger. Dette repeterte eg ein gong til før eg gjekk over på litt lågare frekvens på klikkinga. I stova gjorde me ligg og bli trening. Same opplegget då som på sitten. Han va heilt gira på godbitane eg hadde kjøpt på dyreshopen før me kjørte heim. juhuu...
Eg bar inn alt fra bilen då eg kom fram, og seperasjonstreningen for idag, i tillegg til alt han har vært i bilen, var å vera inne i gangen då eg gjekk ut for å hente det aller siste. Strålande resultat.
Tenke å ta litt intensivtrening i helgå på dette at eg går ut av huset, og blir vekke litt.

onsdag, september 06, 2006

"fri ved fot"

Heiv meg opp av sofaen idag, og kledde på meg regnkler. Hadde langt ifra nåke særlig lyst å gå ut på tur, men eg vett jo koss godt det er etterpå. Eg tok bandet te Swejsan over skuldrene og gjekk ut. Eg hadde han laus fram til me kom ned til fotgjengarfeltet, og då hadde eg han bare i band fram til stadion. Der sprang han fram og tilbake, gjek fint på sida av meg når eg sa han skulle det, og sprang som bare det når eg sa "ver så god". Han snuste høgt og lågt mens me gjekk attmed elvå, og gjekk fint bak meg gjennom smauet. Då me kom fram til veien igjen, hekta eg på bandet litt slik at han ikkje skulle kunne springe ut i veien. Vel over på fotgjengarfeltet tok eg det av igjen. Siste del før heime, var det på med bandet igjen. Der er det av og til nåke kattar under bilane som står parkert, og det får han IKKJE lov å belønne seg sjøl med å springe bort til. Det kom ei dama rett foran oss i det me skulle til å runde hjørnet til heima, men sjøl om eg igjen hadde tatt av bandet, så sprang han ikkje... Heile turen klikka eg, og belønningen var både kaviar og leverpostei på tube.

Seperajonsangst-trening:

* Tatt i nøklane 5 gonger.
* Gått ut ytterdøra uten han 2 gonger.
* Lagt han på teppet, og gått ut av rommet 3 gonger. Han fekk då et deilig tyggebein. Låg fint, og brydde seg ikkje spesielt om at eg kom tilbake..

fredag, september 01, 2006

Atter bare ein hund i hus igjen

Mor ville ha Tanja heime i 14 dagar nå, men eg tar hu med meg neste gong eg drar innover igjen. Hu er fremdeles overvektig og trenger å få meir tur og passelig med mat, samt trening. Swejsan ville knapt bli med i bilen, så han var veldig glad når me endelig var heime.. Ei lita stund etter me var komt heim, fekk me besøk, og detta va kjempe kjekt for Swejsan. Eg og han gjekk ein rask tur på kvelden. Rask som i raskt tempo. og det var faktisk ingen tilfeller av at eg måtte stoppe for at han drog då. Tempoet passa han heilt perfekt. Han stoppa før bandet blei stramt, og fekk godbit for det.

torsdag, august 31, 2006

GJENNOMBRUDDET KOM

Idag har det vore et gjennombrudd med Swejsan. Han har vore i bilen fra morgonen kl 7.00 og fram til lunsj kl 11.45. Då hadde eg han ute i ca 15 minutter, så me fekk trent litt, han fekk snuse, og skvette, samt at han fekk var litt med meg. Etterpå lot eg han stå i bilen igjen, og der va han til eg var ferdig på jobb kl 15.30. Eg er heilt overgitt over koss bra det har gått.

Etter jobb reiste eg innover, og denne gangen var det tyskerar på besøk. De gjekk å lista seg rundt i huset, nåke som ikkje falt Swejsan i smak. Dette gjorde til at han bare ville bjeffa på de. De prata stilt, gjekk stilt, og eg hadde nok også bjeffa på folk som smaug seg slik rundt i huset... Hallemann, alstå.. Ute gjekk det veldig bra igjen. Då satt de jo å prata med far, og var slettes ikkje stille i det heile tatt, og då brydde han seg ingenting..

Me gjekk ein tur på kvelden, og han fekk for det meste springe laus. Dette gjekk veldig bra, og han kom tilbake når eg ropte på han.

onsdag, august 30, 2006

A taste of freedom

Idag har me slått alle tidligare rekordar me har på det at Swejsan er aleine i bilen. Eg kom på jobb kl 07.00 og lot han stå i bilen. 7.30 kjørte eg til tannlegen, og tilbake igjen 8.30. Først kl 10 tok eg han inn på jobb! Foruten om den tida eg var i bilen å kjørte var han 3!!!! timar. Sukk, det va deilig. I lunsjpausen tok me vår vanlige luftetur, men med litt generalisering på sitten hans. Det gjekk forsåvidt greit, men skal nok gå bedre neste gong me prøve. Eg sa sitt til han, og han satte seg, fekk klikk og godbit. Eg sa sitt igjen, og det same skjedde. Etter desse to gongene sa eg ”blad” med same tonefallet, men han satte seg ikkje!! =) Selvfølgelig fekk han klikk og godbit på det. Dette skal eg fortsette me i pausane våre, for det e egentlig litt kjedelig å bare sitte å vente på at me skal ta opp igjen arbeidet på jobb, og då kan eg likegodt bruke tida på å trene Swejsan. Det trur eg også kan var med på å opprettholde det at han er så rolig i bilen. Etter ca 20 minutter fekk han komme inn i bilen igjen, då var klokka ca. 12.15, og der var han til 14.30.. endå nye to timar.!!!!! Så tilsamen var han altså 5!! Timar aleine i bilen idag. Gutten som ikkje klarte 5 minutter då me fekk han eingong.
Eg trur eg kan bruke det at han ikkje vil var med meg på jobb til nåke også. Idag igjen stoppa han heilt opp idet me skulle gå ut døra. Og det gjere han ALDRI når me bare kla gå på tur, eller ut generelt. Men eg kler jo på meg arbeidskler om måren, så hvis han blir med meg ut på den tida, då e det bare ein ting me skal. Og det er på jobb. I mårå skal eg gå ut av døra uten Swejsan, og vente utenfor i 2 minutter. Eg skal ta tida på det. Neste gong skal eg auke til 3 minutter. Sånn skal eg gå fram til me er oppe i 10 minutter. Så skal eg gå over til å gjere det på ettermiddagen, når eg antageligvis har bedre tid til å kunne vente.. Det er herlig å sjå at me komme framover.
Idag var Swejsan møje i bilen pga at me har to stykker der som monterer på nåke. Desse er tydeligvis litt skumle for Swejsan, så han bjeffe på de sjøl om de e 2 meter eller 10 meter fra han. Eg har desverre ikkje hatt mulighet til å klikke dette vekk idag, ellers kunne me gjort det også.. Blir spennande i mårå. Trur eg kjøre same løp som dei to føregåande dagane då.. =) Er herlige hund å var ilag med, men eg kan kjenne det at det stresse meg ein del når eg aldri vett om han finne ut han skal bjeffe på nåke eller det at eg er ute av synet litt for lenge.. Så det gjer det ekstra deilig når han faktisk kan ha det bra ute i bilen, rolig og fin, bare ligge å sove uten nåke tegn på seperasjonsangsten hans.. =)

mandag, august 28, 2006

"med på jobb-veke"

Swejsan skal var med meg på jobb denne veka, og idag tenkte eg å prøve at han var meir i bilen enn vanlig. Lot han stå 1 time etter eg ankom jobb, og dette gjekk strålande. Då eg henta han låg han bare samenkrølla i bilen og sov. Etter lunsj (tissepause) og litt kontakttrening aå fekk han ligge 1,5 time aleine i bilen. Også dette gjekk likedan. =) =) Eg er så fornøgd at eg klare nesten ikkje få fram ord. Då eg hadde tatt han inn etter lunsjen, kunne eg faktisk gå over 20 meter fra han uten at han bjeffa for at eg skulle komme nærmare. Eg var også ute av synet nokre minutt, UTEN at han bjeffa eller stressa av den grunn. DEILIG!!! Det er så deilig at det virke det eg har gjort til nå.. Juhuhuhu...

fredag, august 25, 2006

Tur med trening

Eg hadde satt meg klare mål ikveld på å trene på at de skulle gå kvar si side mens me gjekk. Dette gjekk strålande, for Swejsan gjekk like fint ikveld, som han gjorde igår. Tanja vimsa litt fram og tilbake, men gjekk for det meste på høgre side som eg på førehand hadde bestemt meg for. Swejsan får gå på venstre side, for det er lettare for meg å fortsette med han på den sida sidan han e så stor. Som igår tok han også ikveld masse kontakt, gjekk fram til bandet blei stramt, men stoppa før det rykte i det. =) Eg e så stolt, for me trengte det så masse at nåke går vår vei også.
Framme ved butikken bandt eg hundane i kvar sin stolpe så dei ikkje skulle vikle seg inn i kvarandre. Eg gjorde teikn til begge at de skulle var der, så gjekk eg inn for å handle det eg skulle. Då eg va ferdig, stoppa eg opp for å høyre om de bjeffa eller nåke, men det va ingenting. De såg ikkje mot veien eg gjekk eingong, så detta går strålande. På vei til butikken høyrte me to hundar som var i slagsmål ikkje så langt frå oss, men Swejsan skarpa bare øyrene sine, og blei litt ivrig, men dette gjekk fort over. Vel heime tok me bittelitt trening. Swejsan fekk sitt med kommando og kontakt uten klikker, medan Tanja fekk kontakt og ein sitt uten kommando og uten klikker.

Note to myself: HUSK KLIKKER PÅ TUR!!!

torsdag, august 24, 2006

Tur med to

Idag tok eg med meg begge to hundane med på tur. Eg hadde fiksa meg ei godbitveske til å ha godbitane til Swejsan i, og denne fungerte kjempefint. Etter ca 400 m, stoppa eg for å trene litt med Tanja.
Tanja stresser veldig masse ute på tur, så det er minimale kriterier eg har for henne mtp trening ute. Eg bandt fast Swejsan og gjekk nokre meter fra. Hu var veldig interessert i alt anna enn å sjå på meg. Med ein gong hu kikka på meg, fekk eg klikka og gitt godbit. Eg hadde ingen formeining om frekvens eller andre kriterier enn at hu skulle sjå på meg, bare nok til at eg fekk nokre repetisjonar så hu også kommer inni dette også. 5 gonger tilbydde hu også sitt, så eg blei kjempe fornøyd med den vesle treningsøkta.

Swejsan derimot va heilt klar for trening, og me tok også kontakt. Først senka eg kriteriene, dvs latenstida, slik at han kunne få nokre klikk for kontakt. Dette gjekk greit, og eg auka kriteriene kjapt. Fekk til 3 sekunder før me blei avbrutt av ei dame på sykkel med ein schaefer på slep. Eg fekk masse pølsebitar i handa i ein fart, og han bjeffa tre gonger på dei då dei va ca. 50 meter fra. Eg klikka som ein tulling og fòrte på med pølsebitar, og han tidde stilt og tok imot. =) =) =)
Etterpå gjekk me vidare, og Swejsan va ein drøm å gå med ikveld. Heile tida gjekk han kun nokre få skritt foran meg, før han snudde for å komme tilbake. Eg veit han forventa godbit då, for han tok etter handa mi akkurat som om eg skulle gitt han det. Han fekk ikkje godbit før han gjekk ved sida av meg med hovudet vendt framover.
Man lærer av sine feil

onsdag, august 23, 2006

Fin treningsdag

seperasjonsangst-trening:
Idag har det meste av dagen gått til å trene vekk seperasjonsangsten. Eg har vore heime pga av skulderbetennelse, så me har hatt mange muligheter til å trene.
* tatt i nøklane ca 10 gonger
* latt han vera igjen inne då eg henta posten. Ute ca 2 min. Kom inn igjen, ingen stressteikn, ingen bjeff medan eg var ute heller.
* stengt igjen dører etter meg så han ikkje har kunna følgje etter meg.
* stengt inngangen til garasjen så han måtte var aleine i hageområde. Siste gongen tutla han veldig på aleine i hagen, så eg måtte rope på han då eg skulle inn igjen.

Sjølstendighet er ein dyd
Iallefall hjå Swejsan. Men om ein oppsummering fra han kom til oss, og fram til dags dato, er det over hundre prosent forbetring. Bare det at han roar seg godt i bilen, ikkje blir heilt frå seg når eg går ut dørå gjer te at eg orker å fortsette.. I mårå skal eg ta tida på han. Først var ute eitt minutt, deretter komme inn igjen, sei hei, og fortsette med det eg dreiv på med. Så vil eg auke til 1,5 minutt neste gong eg går ut, gjere nett det same når eg går inn igjen.
Slik vil eg fortsette ut dagen, og så vil eg sjå framgongen i det. Dersom han takler dette bra etter første minutt vil eg auke på. Men om det viser seg at han treng meir tid, vil eg ikkje gå så fort fram.

Trening Swejsan
*Lengre sittar samstundes med kontakt
- Dette gjekk forsåvidt bra, men eg har gjort ein feil, å det er å trene både sitt og dekk.. Det som skjer er at han ofte setter seg heilt perfekt, men for så å legge seg ned halvt sekund etterpå. Idagens litle treningsstund klikka eg med ein gong han satt seg perfekt, og auka deretter kriteriene, så han tilslutt hadde lengre sittar på opptil 3 sekunder.
Følgje etter target
- Har begynt å trene med at 2 fingrar er target, og ikveld skulle han følge etter targeten. Han gjorde dette med han beit over når han nådde fram. Det eg gjorde då var at eg klikka for at han begynte å følge etter slik at han skulle vite at det var rett, og deretter klikka eg kun når han trykka snuten i fingrane, ikkje når han beit over. Eg fekk 3 gode repetisjonar på dette før eg ga meg.

Trening Tanja
*Sitt
- Tanja har heilt fantastiske sittar med kontakt. Hu setter seg med ein gong, så eg ser faktisk føre meg at eg begynner å legge på kommando inne i begynnelsen av neste veke. Me har endå ikkje trent på dette ute.
*Dekk
Etter langt om lenge klarte eg endelig å få klikka på at hu la seg. Eg begynte med å "lokke" hu ned, som eg vett er HEILT FEIL, men dette førte til at hu tilslutt la seg. Eg gjer absolutt ingenting aent enn å sjå på hu, klar til å klikke for at hu legg seg. Hu har litt forskjellige liggar, av og til er det framparten som kommer ned først, andre gonger er det bakparten. Først ikveld har eg fått begynt å klikke på at hu legg seg.
*Stå foran
- Denne var litt meir vrien i og med at eg har trent på både sitt og dekk, men eg fekk til 8 klikk der hu sto foran meg og såg på meg. Hu ville heile tida sette seg, men uansett ka hu gjer så har hu ein utrulig kontakt.
Må begynne å klikke for kontakt også, for å opprettholde denne.

mandag, august 21, 2006

Idag hadde eg avtalt med Kari Anne å komme ut til Vistnes for å ri, men sidan Sky har lause sko, så gjekk ikkje det. Då blei me enige om heller å gå tur med hundane. Og det gjekk så fint. Me skulle gå forbi garden med altslags dyr på, gjess, geit, høner, kattar m.m. Swejsan va heilt i fyr og flamme og sprang for å jage vekk det som kom litt i nærheten. Eg gjekk heilt vekk i fra det å prøve å prate til han, og snøra bare bandet inn, og gjekk gjennom. Det va utrulig slitsomt, men han koste seg skikkelig. Når me va komt øve det sista gjerdet, slapp me begge hundane, og de sprang og hadde det så kult ilag. De hadde allerede avgjort at ingen av de kom til å fyke på den andre, så det va bare kjekt. Swejsan e jo ein del lettare og smidigare enn Ayla, så det blei ein urettferdig lek med katt og mus. Men te gjengjeld har hu tyngden sin som fordel da. Me gjekk nede ved sjøen lenge, og prøvde på spor også. Han fant meg ganske fort, og gjensynsgleden va stor. Han fekk springe veldig lenge laus, og han storkoste seg. På vei opp tok eg på han band, og han gjekk veldig fint ved sida av meg. På garden kom sauen Ane, og den bjeffa han på, for hu blei litt vel nærgåande.
Eg sitte igjen med ein så god følelse av at han har fått sett så mange dyr idag, og sjøl om sauen kom litt vel nærme, så komme han nok te å bli vande med det også. Bare ein så koselig følelse, for han og meg, sjøl om han og drog nåke så innmari i bandet, så gjorde det faktisk ingenting.
Vel oppe fekk han seg vatn, og inn i bilen for å kvila. Ingen lyd fram te eg gjekk og det var timen etterpå.

For tida har eg Tanja heime, hunden til mor, som er her for å få litt trening, og turar, samt et godt slankeprogram. Det e e ein toypuddel, liten av størrelse, og då eg kom heim trente eg litt på sitt, og litt med henna. Hu er langt fra klikkerkloke, eller generelt kloke på dressurtrening, så ting tar tid med henna. Men så artig med puddel, hu e oppvakt, kjempegira, og prøve så godt hu kan. Eg tok hu med meg på tur rundt "kvartalet" etterpå, og akk og vel for ein drøm å gå tur med. I forhold til det andre "beistet". hehe. ikkje drog, bare gjekk der å trippa ved sida av meg. Hu reagerte litt på både folk, bilar og syklistar, men hu e ikkje så vane med det heller, eller sånn turgåing. Hu sovna pal då me kom heim igjen.

onsdag, august 09, 2006

Idag har det gått veldig fint med Swejsan. Han va med meg på jobb, og der kunne eg gå ut av hans syne i mange minutter uten at han begynte å bjeffe. Han låg fint på teppet sitt heile dagen. I pausen tok me igjen litt target-trening, samt kontakt, men det blei lite siden det regna, og eg ikkje hadde regnkler med meg. I lunsjen var han i bilen, heile 45 minutter aleine uten bjeffing. Då eg kom for å hente han, låg han heilt fint, samenkrølla på teppet sitt baki bilen. =) Etter jobb bar det rett heim for å hente ein masse ting og ikkje minst Happy. Me kjørte te Kari Anne, der eg og hu reid på Sky. Ein vanvittig flotte hest, som iallefall eg blei heilt forelska i. =)


Swejsan var også der ubeskrivelig flink. Eg hadde han i bilen heile tida me reid, og eg høyrte bare han bjeffa intenst to gonger. Eg hadde bestemt meg for at idag skulle eg ha han i bilen, så fekk det bare gå som det gjekk. Men det gjekk heilt strålande. =) Ikkje peste han då me kon tilbake, ikkje sikla, eller va stressa. Han bare satt bak i bilen å kikka på oss. Flinke guten. Han og Happy fekk seg ein liten luftetur, før me gjekk inn for å ete. Då også var dei i bilen. =) Ingenting bjeffing då heller. Det e heilt optimalt det som har skjedd ikveld, og det viser bare at det nytter å trene på å bli kvitt seperasjonsangsten.
Me trente også litt. PÅ target, rygging og kontakt. Det gjorde godt med andre auger igjen, så me fekk til ganske effektiv og gos trening ikveld, om ikkje det varte sålenge, føler eg at det var til stor hjelp med endå litt ny input.
=)
Eg e strålande fornøyd idag, og hadde ingen formeining om at dagen ville utarte seg slik då eg sto opp.. =)

mandag, august 07, 2006

Swejsan va med meg på jobb idag, og det gjekk strålande fint. Rett før ferien gjekk det i bakken ein masse glas så skremte nesten livskiten utav han. Den dagen det skjedde bjeffa han masse, så eg va ekstra spent på om det gjekk bra idag. Det gjorde det. =) Han låg stille fram til lunsj, då gjekk me ut og han fekk tisse. Eg hadde med meg klikker og godbitar, og fekk han til å bruke handa mi som target. Han trengte litt tid på å finne ut ka eg ville, at han ikkje skulle gi meg "high five", og han prøvde litt av kvart. Han satte seg, ga meg "high five" både med venstre og høgre labb, tilslutt tok han snuten borti handa mi, og han fekk klikket og jackpot. Me tok nok repetisjonar slik at han kanskje husker dette til neste gong.
Etter trening fekk han ligge i bilen til lunsjen va øve, og han låg heilt i ro. Ingen bjeff, ingen skraping på vinduet eller døra. Han la seg godt ned og sov mens eg åt. Dette varte ein halvtime. Eg e kjempestolt øve at han klart seg så lenge med tanke på at han hadde vore så passiv og stille heile tida på jobb. Resten av dagen fortsatte slik. Han ga vel 4-5 bjeff ein gong når eg va ute av synet litt for lenge, men eg gjekk ikkje tilbake så han kunne sjå meg før han var stille igjen.

lørdag, august 05, 2006

i går gjekk me ein liten tur ned på butikken etter at sola hadde gått ned. Eg hadde med meg godbitar og klikker og trente på å gå fint ei god stund. Over fortgjengarfeltet trente eg på at han skulle sette seg og gå fint ved fot over, og dette utførte han heilt perfekt. Då eg h adde vore på butikken å handla, kjøpte eg ei tauleike som han bare elske. Me trente kontakt med den, og var oppe i 4 sekunder her også. På ein eller aen måte kom me plutselig til å gå sideslengs!!. Begge to. Swejsan gjekk med si langside mot ei side, mens eg gjekk same vei. Det va knallkjekt å plutselig dumpe oppi nåke nytt. =) Han blei skikkelig gira av dette, og såg ut til å kose seg masse mens me holdt på. På vei heim fekk han gå å snuse uten å trekke i bandet, men eg må innrømme, eg måtte stoppe opp nåken fleire gonger enn eg egentlig skulle ønske.
Note to myself: trene meir på at Swejsan snuse, uten å trekke i bandet.

Idag e det igjen velig varmt, men eg skal rydde hagen for lort, og kanskje klippe den. Prøver på litt slalom mellom beina etter solnedgang. =) Glede meg masse til det.

tirsdag, august 01, 2006

Idag va egentlig ikkje rette dagen til å ta ein stor treningstur, då Swejsan dreiv å bjeffa på ting utforbi i heile natt. Det føles iallefall slik, for eg e utrulig lite utsoven.
Men, anyways. Eg tok med meg frolic, kaviar og leverpostei på tube, og gjekk ut. Tenkte eg skulle late som om eg hadde med meg ein ukjent hund. Og det fungerte veldig bra.
Eg fekk han til å holde kontakten ute med masse forstyrrelsar både av syklande og skitlukt, bilar og møll i heile 4!!! sekunder. Eg e faktisk kjempefornøyd, for det har gått relativt kjapt med auking av kriteriene.
Eg gjekk ned til elva, og trente også på at han skulle gå fint i selen, dvs at han kan snuse på det han vil, på mi venstre side, uten å få bandet stramt. Men han har så masse energi, og fekk seg ein skikkelig energi-utblåsning, hopte og sprang å styrte på. Eg gjekk då bakover, og plutselig hadde eg kontakt med han igjen, som eg selvfølgelig klikka for. Men, hekkan, det gjorde vondt i håndå når bandet blei revet i alle retningar. Sterke e den guten.
Me gjekk inn på fotballbanen, og eg slapp han laus. Han sprang, sprang, og så sprang han ja. =) På vei heim gjekk han heilt perfekt. Eg har aldri hatt så enkel heimtur, ever! Så eg trur han blei godt trøtt at det me gjorde.
Under kontakt-treningen fant eg ei måkefjør som eg brukte som belønning, men den blei han heilt gira av, og klarte slettes ikkje å konsentrere seg. Det gjekk kun to gonger, men eg fekk 3 sekunder av han siste gongen. Egentlig ikkje verst i grunn.
Me var ute i 1,5 time, men gjekk ikkje meir enn 1 km. Masse lukter, trening, og innlæring har gjort te at han nå ligge som et slakt. =) Deilig.

Håpe virkelig han kutte ut det bjeffetullet i nått.. =)

Seperasjonsangst-trening:
-Tatt opp nøklane, på med jakke og sko, lagt på plass igjen, og fortsatt med det eg gjorde.
- Lukka igjen dørene etter meg slik at han ikkje kan følge etter.
- Fått han til å ligge på teppet, mens eg gjekk opp på kjøkkenet, utav syne i 1 sekund, for deretter å returnere..

mandag, juli 31, 2006

Idag trente eg kontakt med Swejsan på kjøkkenet. Eg hadde på forhånd funne ut koss eg skulle auke kriteriene, kor fort, og ka eg forventa av han. Me tok det relativt kjapt, brukte ca 20 minutter innimellom middagslaging, og kaffikoking(slik at han også kunne få pausar mellom øktene). Eg begynte med kontakt i fra utgangspunktet frå sist trening, 2 sekunder. Det gjekk ca 4 gonger før det gjekk opp et lys for han og eg fekk klikke for det. Etter 5 repetisjonar, tok me pause. 100% når han først kom inni det. Då me tok til igjen auka eg det til 3 sekunder. og det gjekk strålande lett. 5 repetisjonar, og pause atter ein gong. Neste gong 4 sekunder, same mønster då også, men eg lot han få litt fleire repetisjonar på både 4 og 5 sekunder. Me enda opp på faktisk 6!!! sekunder. Dette var den siste gongen før me ga oss.

Det va skikkelig godt med så god progress.. Den trengte me også..
I mårå vil eg prøve å komme opp på 10 sekunder, men eg skal bruke pølser som godbit då. Idag gjekk det på frolic.


Seperasjonsangst-trening: Idag va me hjå "tante", der han fekk låne buret til Ayla. Et stort deilig plastikkbur. Det va ingen problemer å få han til å gå inn der aleine, og han roa seg faktisk med ein gong. Eg gjekk ut av rommet, for så å komme rett inn igjen. Han hadde det like greit der inne for det. =) =) =) Etter nokre minutt lukka eg opp igjen dørå på buret, men han syns visstnok det va jysla greit inni der, for han kom ikkje ut før et par minutter etterpå..

fredag, juli 28, 2006




tenkte bare å legge ut nåken bilder av det flotte spisebordet våras, som eg er kjempe stolt over. Nåke av det finaste eg har fått kjøpt nåken gong. =)

De andre bildene e bare fra forskjellige vinklar i fra stovå..





torsdag, juli 27, 2006

idag hadde eg avtalt med Anne Karin å møtas på Undheim for å trene. Og det va virkelig godt å få litt gang på ting igjen. Me trente bare på kontakt, for det e nåke me virkelig har behov for. Og jammen va det godt å møtast idag, for Swejsan kom seg opp i å halde augekontakt med meg i 2 sekunder!!!! Kjempeforbedring!! Og alt dette bare på 1 time.. Eg har slete så voldsomt med at han e fjern og flakkete når me trener generelt, at han holder lite på kontakten, og derfor va det så godt å trene ilag idag. Me kom fram til at eg har antageligvis holdt meg for lenge på et stadium, så han har bare tilbydd å sjå bitte bitte litt på meg. Men dett forandra seg veldig idag. Til og med med Anne Karin og Aro ute som forstyrrelse kom me opp i 2 sekunder.

Godt va det å ha nåken der, så eg kunne skjerpe meg ekstra med å klikke rett også. =)

Eg hadde også med meg ei venninda som hjalp til med utstillingen til Shaylee. Shaylee vegret seg, men tilslutt blei det greitt nok å stå foran likevel. Ikkje kult, men det gjekk til nøds. Og Anne Karin va kjempe flink til å gå fram med Shaylee med rett tempo ettter at hu hadde vegra seg. =)

Kjempe godt å endelig komme seg litt vidare...

søndag, juli 23, 2006


idag har det vore atter ein varm dag. Eg har luka bed i 2 dager, og Swejsan har vore med. Grove der eg just har grove, og lagt seg paddeflat midt i blomebedet, pesen og varm. Me har for det meste gått i bedet, og vore i skuggen fra den fæle varme sola desse dagane. Ikveld er det planlagt ein lengre tur med Swejsan, så han får ta seg litt ut.

Han har også begynt å begynne å bjeffe på et dartspel me har hengande ute, han syns visst det e skikkelig løye når me hive pilene. Ser på han at han er virkelig med då.

Ellers så plages han litt med fluene. Han ligge og prøve å ta de store delar av tida han ligg på teppet sitt. Eg går på fluejakt, for eg får fnatt av de eg og.
Matlysta hans er på topp, men det ser ikkje ut som det hjelpe så møje å gi han ekstra mat med tanke på at eg vil ha han opp i vekt.
Lite trening har det også blitt desse varme dagane, så egentlig håpe eg på litt overskya ver nå den siste ferieveka mi, slik at eg får trent litt meir med han. Det blir jo lenge til eg får muligheten til å var så masse heime igjen.

fredag, juli 21, 2006

I ettermiddag tok eg med meg Swejsan og ein haug med godbitar, samt 4 jenter fra 5 til 8 år ned til vatnet for å bade. Turen dertil gjekk strålande, masse båndtrening, klikking og godbitar. Jentene spurte masse om kaffor eg klikka han, og eg forklarte i det fulle og det breide. Vel nede ved vatnet sprang alle 4 uti med ein gong. Swejsan blei kjempe frustrert, for han simpelten ELSKER å bade. I et stille øyeblikk gjekk også me uti. Eg bretta bare opp buksene, så vassa me ut. Han blei litt fortumla når me bare sto der, så eg tok av den eine slippersen og kasta ut i vatnet til han. Han tok sats, og svømte ut for å hente den til meg. Dette gjorde me fleire gonger, før me gjekk opp for å varme beina litt.. Men det gjekk ikkje lenge før han igjen blei frustrert og ville bade. Me gjekk atter ein gong ned, og repeterte det me hadde gjort. Idag klikket eg for at han kom til meg med skoen, og det såg ut som badenymfå storkoste seg.
Då me hadde komme opp igjen, bjeffa han litt for han ville uti igjen, men eg fekk han bare til å legge seg for å slappe av litt.
Då kom der same schaefer-blandingen som me hadde møtt på sist, oghan blei heilt tullerusk. Eg forstår ikkje kaffor, for eg hadde allerede før de kom gjort klar lengden på bandet så eg slapp å ålla med det om ein slik situasjon skulle oppstå. Men det spelte visstnok ingen rolle. Han hoppa, bjeffa intenst, hoppa over meg som satt nede på bakken. Kjente eg blei heilt stressa, men gjorde ikkje nåke aent enn å halde han fast, og prøve å halde meg sjøl i loddrett stilling. Det er faktisk vanskelig å holde seg sittande oppreist når ein hund på 25 kg blir litt vel vilter... Men dette gjekk heldigvis oer, og me kunne igjen nyte roen og den vakre naturen.
Eg hadde meg tre treningsøkter. ei med sitt, og to med kontakt. Eg må seriøst trene masse på kontakt, for det har eg forsømt dei siste vekene.. Det e nok det eg må prioritere mest når eg tenker meg om, ja..
Vel heime så slapp eg han inn i hagen. Der gjekk han heilt aleine mens eg praa med nabodamå om problemhunden hennar. Som bjeffe og bjeffe og bjeffe. Hunden er for øvrig ein ungarsk puli... men egentlig likna den mest bare på ein veldig overvektig dårlig klipt mellompuddel... men men... same det.. Ga henne nåken råd om ka hu skulle gjer, og ABSOLUTT ikkje gjer.. som f.eks å kjefte på hunden, eller gå etter den å rope navnet hennas... vel, vel.. eg kan jo alltids prøve å hjelpe hu litt da.. mens eg sto der med dette, kom det bare 2 enkle bjeff fra Swejsan. Så det va jo bra.. =)
I mårå vil eg og må eg ut på parkeringsplassen å iallefall ha 5 treningsøkter med han.. Det er mitt mål i morgen..

onsdag, juli 19, 2006

Woila!!!

Idag tok eg med meg Swejsan når eg skulle ned på butikken for å handle litt. Det er bare 2 minutter herfra, så det va jo ikkje akkurat den store turen. Men, me har altså den GALNE hunden som nabohund, ein som bjeffer INTENST når det går folk forbi, som IKKJE stopper før de e vekke, og som bjeffer skikkelig AGRESSIVT når Swejsan er på den sida av huset. Bare ein kort forklaring på koss irriterande ekkel den hunden er. Det som skjedde var idag at me gjekk på den sida, på vei til butikken. Nabohunden kommer i ein fykande fart til gjerdet, og begynner å bjeffe agressivt og truande, for å ta Swejsan. Eg bare går vidare med Swejsan, men eg ser han blir stressa av dette. Han hopper litt rundt, bjeffer 3 gonger, så bare oversåg han den. =) =) =)
Vel, nede på butikken finne eg så ein telefonstolpe med skygge, og binder han i denne. Seie fra til han at eg kommer tilbake og skal bare på butikken. Så snur eg meg og går inn. Bandt han ca. 50 meter fra inngongsdøra. INGEN BJEFFING!!!! =)=)=)

Eg handle kjapt, og går ut igjen, stoppe opp for å høyre om han bjeffe, men INGEN BJEFFING!!! =)=)=) Så deilig.. Han e selvfølgelig overlykkelig når eg komme ut igjen. Eg løsne han stille og rolig fra stolpen, grave fram ein pakke med makaroni som han får i munnen. Og likesågreit, så bærer han denne heilt heim. Trur han blei litt ivrig av dette, for han ville dra heile tida då. Men det gjorde ingenting, for eg satte bare opp farten, og stoppa når det gjekk litt for fort.. =)

Syns det va så artig at han bar denne pakken med makaroni heilt heim.. Flinke guten min.....

tirsdag, juli 18, 2006

Her e go'guten, endelig heime fra 9 dagar på kennel. Gladare gut kan eg nesten ikkje huske igjen. Skjønt, lite slår Joey-gutten te tante når hu komme på besøk.. ;) Men, faktisk, han va ein smule gladare enn som så.....
I kveld gjekk det brått og uventa opp et lys for meg. Eg har jo INGEN planar om å ha Swejsan til 1.plass i lydighet, så kaffor stresse eg så då? Eg vil jo bare ha han kvardagstrent og TRYGG. Eg trenger jo heller ikkje følge til punkt og prikke den norske klikker-treningen der det går ut på å ikkje sei nåke under trening. Vel, det siste kommer eg nok til å prøve å holde likevel, men om eg hjelpe til litt blir eg ikkje vanvittig skuffa over meg sjøl.. Bare slik som f.eks når han ligge, og skal opp i sitt igjen så på ein måte får eg ha til å reise seg opp i sitt igjen ved litt bevegelsar med hendene. Eg skjønner at det ikkje e den rette klikkermetoden, men av det blei han iallefall veldig glad og gira på å trene meir. På kveldsturen tok eg med meg godbitar og klikker for å fjerne litt av uvanen han har tatt tilbake siste vekene pga flytting og kennelopphold, nemlig, det å dra seg framover i band. Eg klikket kjempemasse i begynnelsen, og måtte stoppe opp 8 ganger bare de første 200 m. Men så var eg lynkjapp, før han fekk dra, så klikket eg, og det det endte opp med var ein deilig Swejsan som titt og ofte snudde seg til meg for kontakt(godbit) høhøhø--

Nei, det va deilig å sjå at det ikkje e glømt det me har dreve på med.

torsdag, juli 06, 2006

06 July 2006

Vel kommen inn i det nye huset, og utslått av varmen, har me såvidt fått sett oss litt om. Ca 600 meter fra huset ligge der et vatn, og idag va me nede der alle samen og bada. Swejsan også, og selvfølgelig som den badenymfå han e, e det ingen aen mulighet enn å binde han for å halde han utav vatnet. Det var fleire hundar der, og Swejsan begynte å bjeffe på dei. Me gjekk rolig forbi, og eg kunne høyre det bare var IVER-bjeffing. Som i "eg vil bort å leike". Han fekk helse på ein blandingskvalp av schaefer/alaska eller nåke i den dur, og det gjekk kjempe fint, bare masse initiativ til lek.
Når ferien er over, me e komme heim fra reis, blir det seriøs hardtrening på både tur og dressur.

mandag, juni 26, 2006

25 June 2006

Atter ein gong tok me sykkelen i bruk. I kveld begynte han å dra skikkelig godt. Eg merka tydelig forskjell opp bakken fra han drog og til han ikkje drog. Det er lett å få han til å springe lett og ledig attmed sykkelen, og idag gjekk det kanonfint å passere folk også. Han er selvfølgelig lettare distre når han ser kattar og fuglar, men slik det gjekk idag, er det veldig overkommelig.
Då me kom heim, fekk han bandet sitt i kjeften, og bar dette for meg medan eg satte sykkelen på plass, og fekk komme meg fram til ytterdøra. Då bytta eg bandet mot ein godbit. Så flinke gutten te mor e. Når me endelig hadde komt oss inn, av med sele, jakke og sko, tok me litt targeting.
Slik blei kriterieplanen sjåande ut.
-----------------------------------------------------------------------------------------------
Status før trening: Berører target, men biter over.
Delmål: Berøre target med nasen, uten å bite over.
treningsøkter:
1-1-0-0-0 40% 1-0-0-0-1 40 %
1-1-1-0-0 60 % 1-1-0-1-1 80 %
Status etter trening: Status quo, med litt mindre frekvens av biting.
<<<<<>>>>>>>>>>
- Eg klikket feil, der han beit over på iallefall 4 av 0'ane hans. Dette er min egen feil og eg må bli flinkare med klikkaren.
-----------------------------------------------------------------------------------------------
Litt seinare på kvelden skulle eg sette på meir kler te vask, og tilbydde eg bare nåke skitne kler til Swejsan som han tok i munnen med ein gong. Eg gjekk ut til vaskerommet og ropte på han. Der sa eg takk, og han slapp og fekk godbiten. Det eg ikkje skulle gjort va å gitt han godbit, for etterpå ville han absolutt ikkje ta nåke som helst i munnen, han ville bare tilby meg sitt, ligg og kontakt. Eg avslutta det heile, for då kan me heller ha kos og prat som belønning på det å ta ting som me gir han i munnen, fram til eg skal begynne med apportbukk.
Eg hadde også endå ei økt med targeting, der dette blei resultatet.
----------------------------------------------------------------------------------------------
Status før trening: Berører target, men biter ein og aen gong over.
Delmål: Berøre target uten å bite over.
treningsøkter:
1-0-1-0-1 60% 1-1-1-1-1 100%
0-1-0-1-1 60% 1-1-1-1-1 100%

Status etter trening: Mindre frekvens av biting over target.
<<<<<<>>>>>>>>
Klikket på at han beit over 2 gonger, han tilbydde å bite over i stedet for touch der han ikkje fekk klikk, altså at latenstida også blei overskridet i tillegg til feil adferd.
-----------------------------------------------------------------------------------------------

fredag, juni 23, 2006


22 June 2006

Eg reiste innover rett etter jobb, og Swejsan va igjen heime. Der hadde han og samboaren dreve å raka ut singel. Han hadde vore ute heile dagen, og storkost seg. Va regelrett kongen på haugen. De hadde dratt på fisketur på kvelden, og badenymfå vår måtte tilslutt bindas for å haldast ute av den vesle elva. Han e skikkelig ekstrem til å bade, og han kose seg skikkelig når han kan springe laus.
På fredagen etter eg kom heim, tok me litt kontakt-trening på 5 minutter. Han va skikkelig med, men det e sikkert fordi det ikkje har blitt den store treningen de siste dagane. Siste turen blei heilt vanlig, då eg va så trøtt.
Lørdag fekk han også litt sitt og ligg på kjøkken med mor, med restene av kjøttdeig som belønning. På kvelden sykla me, og det eg trudde skulle var ein tur på 1/2 time, blei nesten ein time. Eg slapp han laus nede på fottballbanen mens eg sykla over den, og han sprang i 8-tall forran meg. Han storkoste seg, og resten av turen sprang han fint på sida av meg. Han snuste ikkje så masse på denna turen, men han fekk massevis av sjansar til det. Va greit trøtt når han kom heim. Forbi postkassen henta me posten, og eg ga han et brev som han kunne gi til Anders når han kom heim. Kjempeflinke gutten gjekk rett og ga det. Hehehe, det e så artig når me får te slike ting. =)
I mårå e det konsert på Viking stadion, då har me ikkje aen mulighet enn å la han var aleine heime, og det gruar eg meg kjempemasse til. Rekne med det blir masse vasking når me komme heim, opprydding osv. Men, sålenge det må var slik, må me bare ta det som det kommer. Eg har iallefall lite lyst å la han var aleine heime. Det har han ikkje vore sidan me fann ut at han hadde seperasjonsangst, og eg ville heller ikkje utsette han for det før me var komt endå lengre på vei.

torsdag, juni 22, 2006

21 juni 2006

Vel, då var atter ein dag over, og eg går gjennom koss den har vore. Idag va Swejsan med meg på jobb, så han heime kunne sove lengre enn til 10 etter nattskiftet. Det gjekk forsåvidt veldig greit, heilt fram til etter lunsj. Me hadde forresten ei forsåvidt vellukka treningsøkt i pausen, der dama som Swejsan e skamredde og bjeffe på, kun blei bjeffa 5 gonger på. Eg hadde med meg godbitar og klikker, og såg intenst mot retningen hu pleie å komme fra. Plutselig fekk eg auge på hu, og starta med kontakt-trening. Kjempe-effektivt. Men neste gong skal eg bare klikke for at han ikkje bjeffer, og pøse på med godbitar for det. Var nok litt kort-tenkt, for eg kunne ha gjort den gyldne muligheten bedre. Etter lunsj fòr det masse glas i golvet, kun nåken få meter i fra Swejsan, og dette skvatt han så av, at han bjeffa masse etterpå. Eg har han liggande på teppet sitt når han e med på jobb, og der han han låge for det meste av dagen. Selvfølgelig har han strekt litt på seg, men etter hendelesen idag, virka han nåke shaky ja. Veeeeldig dumt, og eg blei stressa av at han bjeffa inne i hallen, så eg håpe me sleppe fleire slike dagar.
Idag tok eg turen hans med 2 hensikter. At han skulle få springe av seg litt, og forhåpentligvis slite ned litt på klørne sine. Så me sykla idag. Han va perfekt å sykle med, t.o.m uten springer. Men eg trur det hadde liten nytte egentlig, for han var ikkje møje pesen når me kom heim. Det blei ein forsåvidt lange tur, og det gjekk veldig fint, eg sykla ikkje fort, og sykla slik at han for det meste sprang på graset i vegkanten.
Då me kom heim, kom nabodamå heim og satte tolleren (hu har han bare av og til) ut i band utenfor. Eg skulle ned med bosset, og måtte då gå forbi denna hunden. Siden Swejsan ikkje klare å var aleina heime, va han med. Det så va skikkelig brødteit, va at denna damå hadde lagt opp bandet til denne tolleren slik at han kom seg tvers over veien, så møte var uungåelig. Men detta e heldigvis ein veldig fornuftig hund, og me tok likesågodt kontakt-trening, og forbigåing (MED KLIKKER). Dette gjekk også strålande. Han va sjuk etter å komme bort å helse, men satte seg likevel (veldig overivrig vel å merke) ned å såg på meg, og ga meg kontakt. Forbigåinga var med laust band. :D
Så då hadde eg iallefall nådd et av måla eg hadde satt meg for dagen. Det var å trene 3 intervaller med Swejsan på kvar 5 minutter. Og det klarte me! Det andre målet var å pakke 3 øskjer, men eg har bare pakka 1 diger ei... Men så e ikkje dagen heilt slutt for meg endå. Så eg har nå 1,5 time til på meg til å gjere det..

Er veldig sliten for tida, med nedpakking av huset for flytting, og ferie for tur, og jobben med masse tunge løft, så eg grave djupt for å finne inspirasjon til trening. Men det e ein herlig følelse å faktisk ha gjennomført planen.

onsdag, juni 21, 2006

20 Juni 2006

Huff, eg må trene meir. Var på besøk hjå Kari Anne ikveld, og eg kjenne eg slite skikkelig med å slappe av ilag med Swejsan. Skulle ønske eg hadde ei hard samenrulla avis ikveld, så eg kunne dengt laus på meg sjøl.
Note to myself; Det e din egen feil at Swejsan IKKJE kan ting!!
Vel, det som skjedde va, at nautahåve meg måtte selvfølgelig "hjelpe" han ned i ligg, slik som å ta frambeina hans og få han ned i ligg. Olaug, DU SKAL IKKJE gjer slik når du klikkertrene. Fa*n, for et nautahåve eg kan var. Eg måtte t.o.m bare gå ut, å telle ned fra 10, for eg hadde skikkelig lyst å bare gi opp heile klikkergreiene.. Og pga alt detta så blei Swejsan skikkelig utilpass, som igjen gjorde at han blokkerte meg heilt ute.. Blei sånn "away".. huff.. huff... huff....
Eg må skjerpa meg... Så te di grader og..
Vel, i bilen på vei heim gjekk det fint. Måtte inn på butikken, og eg høyrte ingen bjeffing mens eg va der inne. Når me kom heim fant eg et stykke jorde, så han fekk springe av seg litt. Det og gjekk greit. Men eg sitte med ein ekkel følelse i meg ikveld, og det må eg få gjort nåke med.
Vel, som eg så ofte pleie å sei; det blir sikkert ein bedre

søndag, juni 18, 2006


18 juni 2006

Swejsan e verdens (selvfølgelig) skjønnaste guttebasse, og har sterkt utvikla seperasjonsangst. Me trene (prøve på iallefall) kvar dag på at han skal bli meir fortrolig med dette å var aleine heime. Han like det slettes ikkje. Han er av den typen som sikle, ule, hyle og bjeffe, han drite og tisser inne, han ødelegger, han prøver å grave seg ut av bur, og sette liv og lemmer på spel for å oppnå dette. Me har klare gjeremål kvar dag, og fram til han klarer å var heime aleine, er han med meg på jobb, så han sleppe å oppleve desse fæle følelsane kvar dag. Han er også ein såkalla "cross-over" hund, altså han er tradisjonelt trent før eg fekk han, mens eg bare klikkertrene med han. Sjølv om både eg og han er ny på dette, skal me nok få det til bare me får litt input ein gong i blandt. Og takk og pris for at eg har søster mi, som også driv med klikkertrening i tillegg til å gå på klikkerkurs, så skal me nok ende opp på rett side av veien likevel.
Vel, over til dagens gode hendelse. Eg og Swejsan drog te strandå, der eg tenkte han skulle få springe laus. Eg har fått tips om å ha ein liten pakke kattemat i lomma på slike turar dersom han frastår å f.eks springe bort til hund å begynne slosskamp, jakte på fugl osv. Slik at i stedet for at han gjer dette, så komme han til meg, og får denne pakken med kattemat. Dette funker. Me gjekk på stranda, hadde hatt litt kontakt-trening, der kriteriene var svært låge siden me var der me var. Han skulle bare sjå på meg så fekk han klikket. Etter ein liten pause, auka eg kriteriene til et sekund, og dette gjekk strålande. Eg slapp han laus som tenkt, og me tusla bortover stranda, han tok kontakt med meg, og fekk seg ein liten godbit for å gjere det. Men det som skjedde var, at i vatnet låg det 10 ender, desse såg eg på lang avstand, og tenkte at eg skulle holde godt kjeft om han fekk auge på desse for å sjå ka han gjorde. Endene begynte å lage lyd, og Swejsan blei oppmerksom på de, sto i to sekund og så, før han kasta seg rundt og kom galopperande mot meg. Fekk heile kattemat-jackpotten og me tusla lykkelig vidare.
Etterpå gjekk me motsat vei, der det kom et par med ei tispe i band. Eg tenkte å ta litt band-trening, men slo heller til på at han bare skulle observere at de gjekk forbi. Den andre hunden sto på to bein i flexibandet sitt, hylte,bjeffa og kvein for den hadde så lyst å bort til oss. Me var kanskje 8-9 meter fra. Swejsan sto slik til at han kunne sjå de heile veien til de var vel forbi, og han såg på dei, såg på meg, og gjorde ingen utfall. Hverken drog i bandet, eller bjeffa! Så stolt.
Etter dette, då dei var komt laangt forbi, slapp eg han laus og han fekk seg ei skikkelig springerie. Deilig å sjå at han tar seg sånn ut, og gjett om merke det etterpå. Han ligg så rolig på teppet sitt. =)
Turen tilbake til bilen gjekk like fint som det hadde gått fram til dess. Han fekk bandet litt stramt, då stoppa eg og, han kom tilbake, me gjekk vidare med laust band. Herlig å kunne gå tur med stor hund på den måten, altså