tirsdag, september 12, 2006

2 potar og 2 gonger på kvar klo!!!!

klotrening:
Eg klarte ikkje la var. Eg bare måtte prøve ein siste gong før me gjekk å la oss på denne klotreninga. Og det ga resultater. Eg enda opp med at eg kunne ta opp poten hans, legge klotanga på kvar klo to gonger, altså fram og tilbake, så legge den ned, og ta opp den andre frampoten, og gjere det same på den. så fekk han klikk og Jackpot på det. WOW!!! Det kunne eg ikkje gjer tidligare ikveld.. hehe.. nænænænæ.. det virke.. Det eg gjorde når han prøvde å touche klotanga, var at eg klikka når han ikkje gjorde det, men faktisk låg fint, sjøl om eg hadde klotanga der, og holdt i poten hans. Genialt. Det som var forskjellen denne gangen, va at eg hadde blaut kattemat som belønning.. *humre-humre* Eg kan nesten ikkje vente med å fortsette, men akkurat for ikveld er det for seint.
doggyzen
Eg hadde også litt doggyzen med han, der eg kasta nåken pølsebitar på golvet, men fekk lagt handa over før han prøvde å ta de. trengte det bare ein gong, for han lot de ligga resten.

Happy kom også herte ikveld, og hu tok eg også klødne på.. det gjekk like fint som det alltid har gjort, men så fekk hu knallgod belønning også..

4 kommentarer:

Kari Anne sa...

Knallbra klokløpp-trening!!! Eg også kom nesten like langt!! Juhuu!!

Olaug sa...

Det e jo bare heilt genialt. Eg skal gjer alt for å gjere dette rett, for så langt har me aldri klart tidligare. Og om det blir ein lek å klippe negler, e jo ikkje det feil. Dette skal me klare alts¨å.... begge to.. =)

Anonym sa...

For en knallbra kloklipping trening!! Her går det unna :) Du er kjempeflink til å oppdatere bloggen din, noe som er koselig for oss som er innom å leser :) Takker også for at du stod tidlig opp for å være heiagjeng på utstillingen på søndag ;)

Olaug sa...

Eg e skikkelig fornøyd sjøl med kloklippen. Det ska bli spennande å sjå etter kveldens økt, kor langt me komme på den.
Er så kjekt at nåken e innom for å lese, og ikkje minst legge igjen kommentar.
Det va utrulig kjekt å sjå at Shaylee va blitt så flink i ringen, og det va ikkje lange stykke ned til Orre. Må få med meg slikt hvis eg har sjanse til det syns eg. =)