onsdag, november 01, 2006

Tur ved elva

Idag tok eg med meg leverbitar og klikker og gjekk ut. Etter me fekk det nye halsbandet, har me så og sei slutta med selen. Både leieband og halsband e heilt perfekt nå. Eg stoppa kvar gong bandet blei stramt, og han hopte tebake igjen. Etter eit par skritt, uavhengig om det var et eller 5 så fekk han klikket og godbit. Nede på kjøpesenteret trente me på stå, sitt og ligg. Dette gjekk greit, men det var litt luftforstyrrelsar der, etter ein hund som utagerte mot han. Han blei bare veldig ivrig og bjeffa ein gong. Var ute nesten ein time, men med masse trening undervegs. Han fekk også springe litt laus nede ved elva, men han tok heldigvis ikkje uti etter fugl..

Ingen kommentarer: