mandag, august 21, 2006

Idag hadde eg avtalt med Kari Anne å komme ut til Vistnes for å ri, men sidan Sky har lause sko, så gjekk ikkje det. Då blei me enige om heller å gå tur med hundane. Og det gjekk så fint. Me skulle gå forbi garden med altslags dyr på, gjess, geit, høner, kattar m.m. Swejsan va heilt i fyr og flamme og sprang for å jage vekk det som kom litt i nærheten. Eg gjekk heilt vekk i fra det å prøve å prate til han, og snøra bare bandet inn, og gjekk gjennom. Det va utrulig slitsomt, men han koste seg skikkelig. Når me va komt øve det sista gjerdet, slapp me begge hundane, og de sprang og hadde det så kult ilag. De hadde allerede avgjort at ingen av de kom til å fyke på den andre, så det va bare kjekt. Swejsan e jo ein del lettare og smidigare enn Ayla, så det blei ein urettferdig lek med katt og mus. Men te gjengjeld har hu tyngden sin som fordel da. Me gjekk nede ved sjøen lenge, og prøvde på spor også. Han fant meg ganske fort, og gjensynsgleden va stor. Han fekk springe veldig lenge laus, og han storkoste seg. På vei opp tok eg på han band, og han gjekk veldig fint ved sida av meg. På garden kom sauen Ane, og den bjeffa han på, for hu blei litt vel nærgåande.
Eg sitte igjen med ein så god følelse av at han har fått sett så mange dyr idag, og sjøl om sauen kom litt vel nærme, så komme han nok te å bli vande med det også. Bare ein så koselig følelse, for han og meg, sjøl om han og drog nåke så innmari i bandet, så gjorde det faktisk ingenting.
Vel oppe fekk han seg vatn, og inn i bilen for å kvila. Ingen lyd fram te eg gjekk og det var timen etterpå.

For tida har eg Tanja heime, hunden til mor, som er her for å få litt trening, og turar, samt et godt slankeprogram. Det e e ein toypuddel, liten av størrelse, og då eg kom heim trente eg litt på sitt, og litt med henna. Hu er langt fra klikkerkloke, eller generelt kloke på dressurtrening, så ting tar tid med henna. Men så artig med puddel, hu e oppvakt, kjempegira, og prøve så godt hu kan. Eg tok hu med meg på tur rundt "kvartalet" etterpå, og akk og vel for ein drøm å gå tur med. I forhold til det andre "beistet". hehe. ikkje drog, bare gjekk der å trippa ved sida av meg. Hu reagerte litt på både folk, bilar og syklistar, men hu e ikkje så vane med det heller, eller sånn turgåing. Hu sovna pal då me kom heim igjen.

1 kommentar:

Kari Anne sa...

Ja, det var ein skikkelig koselig tur! :-) Me må gjenta den igjen snart! Kanskje me skulle våge oss til Bråstein i lag ein gong?

Ellers kan du jo huske koss det var å holde Ayla, så tenker eg du priser deg lykkelig for at Swejsan er halvparten så tung som Ayla ;-)

Gleder meg til å sjå kor langt du har kome med Tanja!!