fredag, desember 31, 2010

Førjulstrening og nyttårsaftan

Me hadde avtalt med John og Odin ein liten tur oppi skogen rett i nærheten denne dagen. Dette var kjempekjekt, då me endelig kan bli kjendt med dette området også. Det var kaldt og bare litt snø, men det gjekk ikkje lange stunda før Thassie halta pga saltet. Dette var derimot heilt vekke oppi skogen. Både Odin og Thassie sprang og koste seg på vei opp, og då me var komme nesten på toppen såg me ein hjort som byksa opp på ein helling. Eg prøvde å ta bilde av dette, men det blei ikkje så tydelig då det var det “dårlige” kamera eg hadde.

 SDC10812

 

Thassie og Odin sprang og utforska luktene på toppen, og det var først når turen nesten var over at Thassie begynte å slite med kompakt snø mellom potane. Litt smelting av snø, og Thassie var klar igjen.

SDC10813

På kvelden kom Kari Anne og Emil opp fra sørlandet ein liten førjulstur. Emil fann fort ut at Thassie var i gong med si aller første løpetid, noko som gjorde at han til tider var et klistermerke i rompa på hu.. Hu snappa nokre gonger etter han, og knurra også et par gonger.. Jaja, greit nok. Så blei eg klar over det..

På kvelden tok me selen på hundane for å gå ut på tur. Vimsesnuppa for att og fram (bandtrening har vore eit manglande treningsmål), men sidan hu er såpass lett så går dette så utrulig fint endå.

Me gjekk ned til fotballbanen der me slapp begge hundane for å trene innkalling. Det blei innkallingstrening med heftige forstyrrelsar. Kari Anne og Emil skulle først trene på innkalling, og eg og Thassie byrja å springe og lage lydar mens me gjekk over banen. Emil var raskt på vei til oss, men etter eit lite rop fra Kari Anne, kasta han seg 180 grader rundt og galopperte mot henne. Dette gjentok me nokre gonger, medan me nærma oss dei, og det var same perfekte resultatet.

Då det var vår tur, gjorde me nett det same, og sidan me ikkje har hatt innkallingstrening på denne måten sidan sommaren, var eg særs spent på resultatet. 2 gonger i løpet av sesjonen var hu altfor langt vekke, med altfor kjekke forstyrrelsar og ikkje kom då eg ropte. Hu kom også denne kvelden og tilbydde meg kontakt, og var særdeles trenevillig.

Me bytta jevnlig på innkallingstreningen, og me blei gåande rundt Kari Anne og Emil både i sirkel og firkant der Thassie gjekk fri ved fot. Me klarte 6 skritt der hu gjekk å kikka opp på meg mellom kvar godbit, og dette blei eg så utrulig glad for siden me faktisk IKKJE har trent på dette. =)  Me avslutta raskt etter dette, avslutta mens me var på topp, og tok til på den korte veien heim.

 

På Ålgård har det i desse førjulstider komme ein god del smell frå kongeparken borti hogget her, og det har titt og ofte kome medan me har vore ute på tur. Et par gonger har Thassie heva hovudet for å sjå kva dette er, men uaffisert gått vidare etterpå.

Det har lova bra for nyttårsaftan med mykje gale smelling. Framleis ser dette ut til å gå veldig bra, begge hundane søv seg gjennom smell, men kan til tider tru det kjem folk, og gir beskjed om dette medan dei spring mot ytterdøra…

 

Sånn på tampen har eg endelig fått sydd utedress til Thassie på slike vinterdagar der snøen klumpar seg i pelsen hennar. Endelig treng ho ikkje ende opp som ein snømann bare fordi ho er ute 10 min i snøen. Foruten om desse gongene tviler eg me kjem til å bruke dress noko særlig.. Bare som litt føre var.

SDC10818SDC10815

lørdag, desember 04, 2010

Store lekekamerat

Idag fekk me besøk for helga, nemlig storpuddelen Mia.
Mia er ei stor jente, på heile 63 cm, og då blir det et stort sprang fra Tanja sine 22 cm og Thassie sine 36 cm. Til tross for dette går det så utruligt godt.

Mia er veldig flink å tilpasse størrelsen sin, og er forsiktig i nærleiken av både Tanja og Thassie.

Thassie har lagt sin elsk på Mia, for Mia gidder faktisk å leike med Thassie, noko det er svært lenge siden Tanja orka. Og slikt rører hjerta mitt.

Mia og Thassie leker sisten