mandag, september 26, 2011

Oppe og går

Endelig har eg fått bloggen opp igjen, og kan komme med jevnlige oppdateringar om trening og utvikling. =)

Det har skjedd ein god del sidan siste skikkelige innlegg. Me har fått endå ein hund i hus som er ein personlighet uten like. Ein meir trygg, stødig og uredd kvalp veit eg faktisk ikkje om eg har opplevd før.
Han er tidvis ei bølle, og Thassie kan gi uttrykk for at det var heilt unødvendig å dra slikt i hus.. Men eg ser at det er positivt for hennar del, dersom ein ser på korleis forrige løpetid var mtp falsk drektighet, så skulle hu nå ha låge og berre sove, nesten ikkje ete, og egentlig vera vanskelig å jobba opp i treningssituasjon, men denne gongen har det vore ein god kombinasjon. Me hadde besøk av Oliver i verste løpetid, og hadde berre nokre dagar “aleine” før denne nye bølla kom i hus. Søndag 4. september reiste eg ut på flyplassen og henta heim ein skjønnas uten like ved navn Mitchell of Nathalie’s Pride, kalla både Myggen, Bølle og Kinky i heimesituasjon.
øvepåoppstilling

hodebilde

Han bryr seg lite og regn, og kan rett som det er finna på å ligga ute i plaskregn og kose seg med eit øyre eller ei anna leike. Det er utrulig deilig å ha ein puddel som fungerer i regn også.
Han har reagert veldig positivt på klikkertrening, og tilbyr allereie svært god kontakt i treningssituasjon. Han har funne sin plass i familien, og klarer fint å vera heime på dagtid medan eg er på arbeid. Eg har heldigvis det fortrinnet at eg kan stikka innom for å lufte nokre gonger i løpet av dagen, så det har vore lite uhell.
Men ikkje så lite uhell som Thassie hadde. Ho er framleis babyen min da.

Me har starta i ny treningsgruppe i Sandnes der det primært blir trent rallylydighet men også andre ting, og då me var der for 14 dagar sidan var det heilt utrulig deilig å sjå kor “skrudd på” ho var. Eg måtte minne meg på fleire gonger at når me går banar, så må eg huske på tempoet mitt. Når eg spurter igjennom ender eg opp med at ho går langt foran meg. Når eg setter ned farten har ho veldig god konsentrasjon og gir meg god kontakt. I 8-talet hadde eg henne utrulig bra med.
Det er framleis momenter me ikkje kan utføre, som ligg/bli og sitt/bli, og det blir primært desse me kjem til å fokusere på, iallefall på dei første kommande treningane.

250820111564

Thassie er framleis ei utrulig kosen jente, og har nå i den seinare tid tydd til både små og store for kos.

291202_10150306026272201_683337200_8326587_1272912441_o

søndag, september 25, 2011

problemer med opplasting fra livewriter

Har ei god stund nå hatt problemer med å laste opp innlegg skrevet i livewriter til blogspot, og det står at eg må flytte bloggen fra blogspot til wordpress for å få gjere dette vidare.
Eg vett ikkje heilt om eg har lyst til det, sidan eg like blogspot såpass godt, men fram til vidare blir det litt prøving og feiling, men forhåpentligvis kjem det nye oppdaterte innlegg om trening snarast...