mandag, mai 21, 2007

Oppe i 2,5 time aleine

Idag har Swejsan og Tanja vore aleine i 2,5 time.. Me auke stadig på minuttene .. =)

lørdag, mai 19, 2007

tur

Idag gjekk me tur rundt sentrum, der me møtte 4 hundar på tur. Først hadde me allerede lekt oss litt med forskjellige kommandoar nede på grusbanen med kongla i luftå som belønning, før me gjekk vidare. Eg blei plutselig oppmerksom på at der kom ein mann bak oss med ein langhåra dachs. Eg snudde sånn at me kunne få trene på passering. Dette var første passering med hund på lenge, så eg var veldig spent.
Swejsan var ganske ivrig ved denne passeringen, men gjekk ikkje foran beina mine, men holdt seg på si side, bare litt långt framme. Øyrene var heilt oppe og han var tydelig ivrig etter å komme bort til denne hunden. Den andre hunden bjeffa, sto på to bein og strevde skikkelig med å komme bort til oss, men heldigvis blei det intet møte. Eg krøyta fææælt av Swejsan etterpå, og me snudde og gjekk bak dei igjen. Han gjekk fint ved fot, og hadde heilt slakt bånd som eg holdt i høgre hand, mens han gjekk på venstre side av meg.
Andre møte kom på siste delen av turen og dette var då ein terrier med spisse øyrer. Den også drog i bandet mot oss, peste men bjeffa ikkje. Swejsan var et prakteksemplar og gjekk heil perfekt ved fot, med øyrene bakover, med heilt slakt bånd som eg holdt i høgre hand og kikka seg bare bak når me hadde passert. 5 meter forbi datt han litt lenger tilbake, men var raskt på plass igjen. Eg roste og klapte han masse og han fekk fri til å lukte å tisse litt. Neste par ut var to jakthundar av et eller aent slag som gjekk i stramt band uten å bry seg om oss, og det same skjedde der. Swejsan hadde slakt bånd, gjekk perfekt ved fot, øyrene bakover og brydde seg lite om dei. =)
Salikatt!!!!!! Eg e skikkelig imponert av han idag.
Og i tillegg så har eg vondt i bekkenet og må av og til gå ganske seint, og til og med då går han heil t perfekt ved fot og drar ikkje i bandet..
Finally.. Skal holde dette godt ved like, og trene masse på det nå i båndtvangperioden, så han klare seg fint te hausten når båndtvangen oppheves igjen.