mandag, mai 21, 2007

Oppe i 2,5 time aleine

Idag har Swejsan og Tanja vore aleine i 2,5 time.. Me auke stadig på minuttene .. =)

lørdag, mai 19, 2007

tur

Idag gjekk me tur rundt sentrum, der me møtte 4 hundar på tur. Først hadde me allerede lekt oss litt med forskjellige kommandoar nede på grusbanen med kongla i luftå som belønning, før me gjekk vidare. Eg blei plutselig oppmerksom på at der kom ein mann bak oss med ein langhåra dachs. Eg snudde sånn at me kunne få trene på passering. Dette var første passering med hund på lenge, så eg var veldig spent.
Swejsan var ganske ivrig ved denne passeringen, men gjekk ikkje foran beina mine, men holdt seg på si side, bare litt långt framme. Øyrene var heilt oppe og han var tydelig ivrig etter å komme bort til denne hunden. Den andre hunden bjeffa, sto på to bein og strevde skikkelig med å komme bort til oss, men heldigvis blei det intet møte. Eg krøyta fææælt av Swejsan etterpå, og me snudde og gjekk bak dei igjen. Han gjekk fint ved fot, og hadde heilt slakt bånd som eg holdt i høgre hand, mens han gjekk på venstre side av meg.
Andre møte kom på siste delen av turen og dette var då ein terrier med spisse øyrer. Den også drog i bandet mot oss, peste men bjeffa ikkje. Swejsan var et prakteksemplar og gjekk heil perfekt ved fot, med øyrene bakover, med heilt slakt bånd som eg holdt i høgre hand og kikka seg bare bak når me hadde passert. 5 meter forbi datt han litt lenger tilbake, men var raskt på plass igjen. Eg roste og klapte han masse og han fekk fri til å lukte å tisse litt. Neste par ut var to jakthundar av et eller aent slag som gjekk i stramt band uten å bry seg om oss, og det same skjedde der. Swejsan hadde slakt bånd, gjekk perfekt ved fot, øyrene bakover og brydde seg lite om dei. =)
Salikatt!!!!!! Eg e skikkelig imponert av han idag.
Og i tillegg så har eg vondt i bekkenet og må av og til gå ganske seint, og til og med då går han heil t perfekt ved fot og drar ikkje i bandet..
Finally.. Skal holde dette godt ved like, og trene masse på det nå i båndtvangperioden, så han klare seg fint te hausten når båndtvangen oppheves igjen.

fredag, april 13, 2007

1 natt aleine

Tittelen seier det heile. Var innover igår og pga at der låg kattungar på det rommet me vanligvis pleie å sove på, la eg Swejsan sitt teppe ut i gangen. Ca halv ett gjekk han ut der å la seg til å sove. Gamlehunden til far hadde allerede gått i gongen for å sove, og då eg rusla i seng litt over ett bare kikka han på meg, og la seg ned igjen. Eg ville ikkje gjer nåke gale med å lufte han før eg la meg, og eg hadde jo vore på tur med både han og Tass tidligare, og jammen holdt det og. Eg høyrte ingenting til han! Og var ganske overraska då eg sto opp og gangen ikkje var destruert...
Salikatt, dette love godt gitt. =)


*stoooort smil på meg*

fredag, mars 23, 2007

Tanja til dyrlege

Idag fekk eg tid hjå dyrlege til Tanja. Hu stinke i munnen, og eg har sett iallefall ei laus tann pga tannstein.
Det var et fryktelig resultat. På baktanna hadde tannkjøttet trukke seg så langt opp at delinga av rota hadde begynt å komme fram. Tanna ved siden av var heilt laus og måtte trekkast. Hu fekk behalde ei laus tann, som antageligvis ville feste seg igjen. Det fekk hu også sist gang hjå dyrlegen, altså behalde ei laus tann, og denne festa seg heilt fint igjen.
Det enda med 2 trekte tenner, ei laus som hu fekk behalde og nyyyydelige (resterande) kvite tenner, og ikkje minst, FRISK ÅNDE!!! =)
Og eg blei nesten 900 kr fattigare... Men akk, ka rolle spele det, sålenge eg fekk tilbake ein hund som slepper å ha vondt i munnen og som ikkje stinker lenger. =)

Swejsan er bare god for tida. Han er rolig heime, rolig i bilen, i går f.eks hadde eg parkert, vore inne på butikk, og når eg kom ut igjen så begynte eg nesten å lure på om nåken hadde tatt han utor bilen. Ikkje satte han seg opp, ikkje logra eller skulle finne pakke(teppe) til meg. Eg måtte etter at eg hadde kjørt nokre minutter rope på han så eg såg at han var der. Men eg merke at han liker når eg står slik parkert at han får sjå på folk. Det er då han er roligast. =)

mandag, mars 12, 2007

SWEJSAN VA 2 TIMAR ALEINE HEIME!!!!

Idag er eg heilt overgitt!! Boktavelig talt. Eg hadde kontrolltime 12.15, og låste meg ut av huset 11.40 i håp om at det skulle gå fint å ha Swejsan aleine heime idag. Det varte og det rakk hjå legen, og det nærma seg 2 timar før eg var heime igjen. Eg gjekk spent inn døra, for eg rekna egentlig med at det skulle ligge både ødelagte sko, tiss og bæsj der... Men til min stooore forbauselse såg eg ingenting. Swejsan kom i møte meg med teppe han hadde låge på, og logra gla slik han alltid gjer. Eg blei heilt lamslått av at det ikkje hadde skjedd nåke, men huska heldigvis på å ignorer han dei første 5 minuttene. Hang av meg kler, satte på plass varene, og gjekk i stova. I forbifarten nede i stova klappa eg han kjapt og sa hei, ikkje meir fuss enn det.. Wow, wow og atter wow.. Så utrulig deilig at det gjekk bra.

Eg kommer likevel ikkje til å la det gå så lenge framover når eg trener på dette, vil holde meg på 30-45 minutter og ta det 5 minutter derifra... kult, det funke jo..

torsdag, mars 08, 2007


Tanja har ENDELIG begynt å tygge på bein hu også... Juhuu...

tirsdag, mars 06, 2007

Kennelhoste

I går kveld begynte Swejsan å hoste og harke noko så voldsomt. Han spydde opp litt innhold, og litt mage"saus", men eg holdt han rolig heile kvelden siden det peip raude alarmar i håve mitt som sa kennelhoste. Idag ringte eg til Kari Anne og forklarte kossen han høyrtes ut, og hu sa at det heilt sikkert va kennelhoste. Ayla hadde det som liten kvalp, så eg tar hennas ord om det. Og faktisk, med dei forhåndsreglane som eg har tatt idag, så har det gått veldig møje bedre. =)
Så stakkar Tanja har kennelhoste i vente, eg har mange veker med rolige kveldar foran meg, så får me bare håpa at allmentilstanden deiras held seg slik den er.. =)

Så til ein aen god nyhet. Idag var eg på ny ultralydsjekk, alt var som det skulle inni magen med tanke på morkakeplassering og slikt, og så skal me få ei lita tullemor i juli. Tydelig viste hu seg idag, og det var ingen tvil om at det blir ei jenta. Me har også funne ut at hu skal heite Lea.. =) Som visstnok skal bety "villku"! hehe.. Stiligt..

søndag, mars 04, 2007

Bur-trening

I desse "vår bærbare=død" dagar har eg tilbringt tida på internett på min stasjonære data. På mitt "kontor" står også buret til Swejsan, selvfølgelig med åpen dør. =) Dei første gongene fekk han sjøl velge å gå inn der, og med ein gong han var inne, kasta eg ein neve med tørrfor inn til han. Etter ei lita stund på leit etter dei, la han seg ned og låg der ei lita stund. Nå kommer han og står i døråpningen bak meg og logrer så fint, og når eg då seie han bare kan få gå inn å legge seg, smyger han seg rundt meg og ligger der til eg er vel ferdig på dataen. I går, lørdag 3. mars låg han igjen 15 minutter før han kom tuslande inn i stova til oss. =) Dette går pigemeg framover.. =)

tirsdag, februar 27, 2007

Heime aleine

Idag prøvde eg å la Swejsan var igjen heime, medan eg sjøl gjekk ned på butikken. Eg var vel der ca 1/2 time, og då eg kom heim igjen hadde ingenting gale skjedd. Han var selvfølgelig veldig gla, men eg gjorde som det står skreve om seperasjonsangst, helste kort, og fortsatte med det eg hadde tenkt å gjer.. =) Så det var altså 30 minutter.. juhuu.. =) =) =)

mandag, februar 12, 2007

fugletur

Idag var eg og Elisabeth ved Breiavatnet for å mate duer. Og Swejsan var også med. Eg tenkte at eg kunne trene litt på at han var rolig når det var fuglar rundt han. Han var bare heilt fantastisk. Nokre gonger blei det litt for vanskelig for han, men det var tjukt med fugl så det er jo heilt forståelig. Han stressa skikkelig, begynte å flassa og skalv, men duene kunne var bare 1/2 meter fra han! =) Etter ei lita stund fekk eg skikkelig god kontakt med han, og han satt seg på kommando, la seg på kommando og fekk deilige bolla som belønning. Han stramte bandet ein god del, men i forhold til den ultimate utfordringen han fekk idag, så var det heilt fantastisk resultat. =) Eg er kjempestolt av han, og dette kommer eg til å gjer fleire gonger. =) juhu.. Desverre va mobilen tom for batteri, så eg fekk ikkje tatt bilde av heile den kjekke opplevelsen.

lørdag, februar 10, 2007

Fiskekrok i nasen!


Idag fekk Swejsan ein fiskekrok inni nasen. Han skulle sikkert lukte på kroken, og den hang kanskje litt fast då, men så blei han redd og tok ut med kroken i nasen så den skikkelig fekk kjørt seg fast. Eg hopte over hunden og satte meg så han ikkje kunne lee seg for å få slikka på eller ta foten på kroken. Ekkelt. Eg fekk småpanikk, men me fekk ringt dyrlege, og kom til ganske kjapt. Vanlig bedøvelse, samarbeid av alle 3, så etter ein time var kroken ute, Swejsan var 6 sprøytestikk rikare, me over 1700 kr fattigare, men med ein hund uten nåke kvast i nasen. *puh* Eg klarte ikkje la var å var aktiv hjå dyrlegen, så eg fekk hu til å bruke kniv for å komme gjennom det seige skinnet i nasen, og eg klipte av mothakå på kroken. Kan tru eg va letta når hu bare kunne dra den ut igjen. Lærdom til seinare: ALDRI FISKEUTSTYR INNE I STOVA MENS HUNDANE ER DER!!!

lørdag, februar 03, 2007

Bråstein


Eg ser det er lite eg har skreve om aent enn Bråstein, men eg og jentene tok Swejsan med oss te Bråstein idag også. Me va ute i iallefall 1,5 time, og han storkoste seg. I gårkveld var han skikkelig rolig, og då hadde han også fått vore masse ute, så eg tenkte me skulle få ein like rolig hund ikveld. Me traff utrulig mange hundar idag, og det va skikkelig kjekt. Mesteparten var faktisk blanding av border collie, men de hadde greit møte med han. Det va kun ein og aen hund som absolutt skulle ri på han, som gjorde litt for masse utav det, og som han ga beskjed til. Men det er for all del bare greit.. Som eg håpte på var han like trøtt etterpå, som han var igår. =)

tirsdag, januar 30, 2007

doggiezen

I det siste har eg sett at Swejsan har tilbakefallande anfall av det å snike, så eg tok meg ei økt med han idag. Og han var kjempeflinke. Eg enda opp tilslutt å kunne legge ein godbit på poten hans, uten at han tok den.
Tanja blei også introdusert til dette med doggiezen idag, for hu er heilt ekstrem til å ta det som dette på golvet, eller at hu jage kattane bort når de har fått mjuk mat, og eter det opp. Eg tok ein bit i handa, lukka kvar gong hu kom bort og/eller prøvde å få tak i den. Då hu "ga den opp", klikka eg og ga hu ein aen bit og sa versegod. Hu kom faktisk utrulig fort inn i dette, så dette gleder eg meg til å fortsette med henna. =)
Klipte forresten klørne til Swejsan også idag, men han holdt på å bite over handa mi, for eg klipte nerva hans. Foruten om den episoden, var han veldig flink. Han la seg ned i liggestilling heilt av seg sjøl idag. =)

lørdag, januar 27, 2007

Bråstein med begge

Idag fant me ut me skulle ta oss ein bråsteinstur. Eg lossa begge hundane inn i bilen, og var framme halv to. Hadde klikker og godbitar med meg. Me møtte utrulig masse hundar, og det var spesielt ein new foundlender så forelska seg heilt i Swejsan. Eigerane måtte gå kjempelangt for å hente han tilbake, for han stakk heile tida av for å leke og kose seg med Swejsan. =) Han storkoste seg på Bråstein idag, og ca halvvegs tok eg bandet på han for å trene litt på dette å ikkje bjeffe når det komme folk og andre hundar. Det hadde stor suksess, og eg tok av bandet, og ga kommandoen "gå fint". Dette gjorde han også, til tross for at det kom hundar i møte. Han fekk fri når me hadde gått 5-6 skritt.
Tanja derimot sleit litt meir. Halen var nede det meste av turen, og desse store hundane blei vel brultne mor ho. Men eg passa meg for å ikkje løfte ho opp å forsterke den kjipe følelsen hu hadde, men lot hu heller få gi beskjed sjøl. Etterpå, då det kom store hundemasser med store hundar, tok eg hu opp før de kom til oss. Dette gjekk strålande, og dei andre hundane brydde seg ikkje om hu eg haddei armane.. Folkå derimot, de spurte og dulla sånn med hu atte... Og de fleste va flinke til å sette seg på huk og rakte ut handa då dei skulle hilse. =) Det va jo kjempe strålande.. =) Eg blei storfornøyd, for hu tok sjøl kontakt med nåken då me gjekk og det det bare kom ein og aen hund.
Eg traff også på ein blanding som var akkurat lit Swejsan, Prikkar, farge, kroppsform, håveform, og det va kjekt å sjå andre som han. =) Faktisk fekk han også masse oppmersomhet idag, sjøl om det som regel e Tanja som får det.
Me var ute i 1,5 time, og då me kom heim va heime va han Swejsan så glad for dette at han logra opp igjen dette såret på haletuppen sin og begynte å blø.. Eg fekk plastra det ganske godt med ein gong idag, så eg slapp å måtte fram med bøtte og klut..
Det va ein kjempe herlig tur, som sagt så sleit Tanja ein god del idag, men har ein stor forbetring ifrå første gongen me var der. Då det kom hund imøte oss, valgte hu å "gå fot", og fulgte meg forbi hundane. Det var bare nokre hundar som ga hu skikkelig håvebry, ellers var de fleste veldig flinke. Men det er meir enn nok med dei som var for henne. Eg glede meg te hu blir litt meir sjølsikker, og går heile turen slik hu begynte og slutta den; med halen oppe og ein lykkelig gange..

onsdag, januar 24, 2007

Frivillig inn i buret

Idag, bare to dagar etter at eg flytta buret hans inn på kontoret, gjekk han faktisk inn å la seg der HEILT frivillig. Eg satt på kjøkkenet attmed bordet, då han så fint tusla inn i buret og la seg der. Det varte ikkje lenge, kanskje 5 minutter, men bare det at det skjedde er utrulig flott. Det ser ganske lyst ut med tanke på famtidig trening.
Igår klarte han å vifte med halen så han begynte å blø. Det va blod oppetter veggene, på kjøleskapet og gelenderet, golvet (selvfølgelig hadde eg rett føre vaska golvet). Så den så måtte te med vaskeklut og bøtta igjen, det va meg. Eg teipa rundt haletippen, men det var vanskelig å få det til å halde seg på plass. Resten av kvelden gjekk ut på å unngå at han slikka og beit på det. Og det gjekk ganske bra. Teipen holdt seg på sålenge han var i ro, men den sjenerte han tydelig når han var ute å gjekk på golvet. Idag har det ikkje vore teikn på blødning fra halen, så i mårå eller fredag rekne eg med at det er relativt ok igjen..

tirsdag, januar 23, 2007

Forberedelse

Idag har eg begynt å forberede "heime aleine treninga". Målet mitt mens eg nå likevel ikkje kan gå på jobb, er å få Swejsan trygg inne i buret i eit anna rom. Eg tar utgangspunkt i kontoret mitt. Der er det ikkje vinduer, og kan derfor bli heilt mørkt. Eg satte inn buret hans, med luka på og åpen, la inn ei tynn madrass slik at det blir godt å ligge der for han. Etterpå ropte eg på han og han gjekk inn i buret med ein gong han såg det.

Det eg håper skal skje i begynnelsen er at han går inn like frivillig som idag, og legger seg ned og får til å sove. I begynnelsen vil eg bare holde på med litt forskjellig der inne slik at eg også er i nærheten. Etter kvart vil eg begynne å kunne lukke døra mens han er i buret og eg er i rommet. Derretter vil eg mens han ligger i buret og med åpen dør forflytte meg lenger og lenger vekk. når det er ok med døra åpen, vil eg lukke den og gjere det med same hastighet. Eg ser føre meg at om ca ein måned kan eg var på kjøkkenet med han i buret på rommet og alt er ok for han. Eg har endå litt DAP igjen, og kommer nok til å sette inn resten når eg skal trene på å ha døra inn til rommet lukka..

Ein måned... Då skal me ha klart at han ligg i buret og er trygg og rolig..

mandag, januar 22, 2007

Tur i snøen

Etter at det har komme snø dei siste dagane så har Swejsan kost seg kjempemasse ute. Derfor tenkte me å gå ein tur i heia mellom Undheim og Ålgård. Dette var skikkelig kjekt for Swejsan. Han sprang opp bratte bakkar, og ned bratte skråningar, og skikkelig storkoste seg. Tanja hadde derimot puddelsyndromet, der snøen feste seg i håret mellom potane og gjorde vondt når hu gjekk. Men hu fekk gå så lenge hu ikkje halta eller skalv. Derretter tok eg hu inni jakken, så snøen fekk tine seg og hu fekk varmen igjen i kroppen. Hu koste seg også, sprang 5 meter fra oss, men bråsnudde for å komme tilbake igjen. Swejsan hadde teften av så mangt, og han var skikkelig gira. Kasta eindel pinne til han, og då den leken var omme, sprang han fornøyd rundt med pinnen i munnen. Ein kald og deilig tur. =) Kanskje aller mest fordi det IKKJE regna. =)

lørdag, januar 20, 2007

søndag, januar 14, 2007

Mosvatnet

Tok idag ein liten tur ved Mosvatnet. Swejsan hadde natt til lørdag ein skikkelig spyomgang, så han har ikkje vore i slaget siden dess, nåke som også ga utslaget på turen. Tanja drog til seg masse oppmerksomhet, men eg trur det vel er kombinasjon superliten og stor hund som gjer utslaget. Blei stoppa to gonger av folk som lurte på kor gammal den vesle kvalpen var, og som fekk store auger då eg sa hu var 5 år. hehe.
Swejsan er som tidligare nevnt ikkje i storform, han brydde seg lite om folk som kom bakfra og framanifra. Ikkje eingong andre hundar gjorde nåke for han. Då me nærma oss plassen der endene, gjessene og duene held te, tenkte eg at eg vill få litt å bry meg på der. Men den gang ei, han kikka på dei, gjekk med laust band forbi, og var bemerkelseserdig lite interessert i dei. Då var det møje kjekkare med dama som rett etterpå stoppa og ville helse på dei. Og på Swejsanvis, så blei det han som kom i fokus. Trekke masse oppmerksomhet, men det e jo bare kjekt og.
Tanja komme eg te å ta med meg masse ut på slike turar, for hu blir skeptisk når folk kommer både framante og bakante og stopper opp pga dette. Men det skal eg få ein stopp på, hu skal få masse sosialisering hjå oss. =) Men, faktisk, det gjekk jysla greit å gå med begge to i band idag, men det at Swejsan ikkje var så overivrig hjalp nok godt på.