Me hadde skreve oss opp på den aller første timen og hadde svært god tid då me kjørte inn på parkeringsplassen til Oljedirektoratet.
Eg klikka Thassie utav bilen, slik at hu kunne få seg ein luktetur før me skulle ha den private timen med Instruktør Siri Linnerud.
Då instruktøren dukka opp, gjorde me akkurat det same som eg hadde gjort då me hadde kome fram.
Eg klikke for kontakt, og for at hu låg, og fekk ein rolig hund ut av bilen.
Ute trente me på sitt med kontakt, kontaktlyd, følge etter meg når eg gjekk bakover og innkalling. Desverre var det MASSE folk som skulle fra jobb då me var der, og dette var møje meir interessant for Thassie enn det me holdt på med.. Eg fekk inn et par kontaklydar, og hu snudde då med ein gong og kom til meg.
Thassie er ikkje så godbitinteressert, så det dabba fort av med iveren. I framtida skal eg nok tenke å kombinere både godbitar og leker, slik at eg får hu litt gira igjen på sjølve treningen.
Eg fekk dog skryt for å klikke på rette tida, men eg er litt for kjapp til å lee på hånda for å finne fram godbitar.. Då eg har lert at klikk betyr godbit, så gjer eg jo selvfølgelig det fortast mulig, men må tenke på at fokuspunktet mitt skal var å halde handa i ro, til etter eg har klikka..
Lekse til neste veke er å trene på at hu skal følge etter meg når eg går bakover... Ikveld skal eg trene på det....
tirsdag, august 31, 2010
fredag, august 27, 2010
teorikveld og kvalpesosialisering.
Mandag som var, var det dags for første kurskveld, og teori. Teorien ga meg ingen umiddelbare aha-opplevelsar, men det var veldig greit å få repetert ein go del av det.
Me hadde ei fantastisk god kontakt-trening dagen etterpå.
Fredag var huka av for kvalpesosialisering, der me samla oss i sirkel rundt instruktørane då klokka bikka 18. Me blei informert om koss denne timen skulle foregå, og me fekk deretter beskjed om å ta hundane ut av bura rolige. Thassie var rolige heilt til hu kom ned på asfalten. Då var det masse som skjedde, men me klarte likevel å få inn nokre klikk for kontakt.
Me blei bedde om å sleppe hundane laus og gjorde så dette. Thassie er IKKJE glad i innpåslitne hundar som ikkje lar hu få fred, så mesteparten av første sleppet foregjekk under bilen for Thassie sin del. Heldigvis skulle gruppa delast i to etterpå, slik at dei som var forsiktige/skeptiske kunne gå samen, mens dei som brauta seg innpå dei andre fekk gå ilag for seg sjøl...
Dette gjekk strålande for THassie sin del, for då fekk hu jammen fred. Hu var vel av dei freidigaste av dei forsiktige, og det syns eg var godt for vår del.
Me hadde masse klikk for kontakt, både med andre folk/hundar langt i frå oss, og etterkvart som me nærma oss andre, så fekk me desto meir klikk.
Eg fekk også generalisert sitten hennar. =)
På slutten av denne siste økta såg eg interesser falt for dei sprekkgode godbitane eg hadde med meg. Men med ein gong eg anten rygga, eller prøvde å leke med hu, var hu kanonklar igjen. =) Trur eg skal kombinere både godbitar og lek som belønning i vidare trening.
Me hadde også ei god økt med trening ut av buret. Eg ga hu masse klikk for å ligge i ro mens eg styrte på med buret på forskjellige måtar. Både tok i døra, låste opp, lukka opp døra og til slutt tok på hu bandet. Heile tida låg hu puttens i ro. Djisess men det e kjekt med glupe puddel.
Rett før instruktørane avslutta siste kontakt-trening begynte Thassie å bite i bandet sitt, og eg ga beskejd om at eg ville ha hu inn i buret for nå var det nok for hu. Hu skulle bare tulle med bandet, så eg løfta hu derfor opp og bar hu til bilen. Eg satte hu baki, slik at hu sjøl kunne gå inn i buret. Godbitdryss, og hu la seg ned. Sov som ein stein då eg skulle til å kjøre derifra, og eigar som er sprekkgira på meir trening..
Kan tru dette ga meirsmak... Mitt første kurs, og min første kvalpesosialisering.... Dette har eg lyst å gjer meir av..

mandag, august 02, 2010
nytt besøk hjå John og Odin
I dag nytta me det fine vèret, og tok turen opp til John og Odin igjen. Thassie blei overlykkelig glad for å sjå John, og skvetta litt som den "gladtissaren" hu er.
Me gjekk inn i hagen deira etterpå, der Thassie mest var interessert i å snuse på alle luktene i hagen. Odin gjekk etter og antagelig lukta på den gode løpetidslukta fra Tanja.
Tanja har nemlig løpetid for tida, og er virkelig på det heitaste, og vil gjerne i nøden at Thassie skal prøve seg, derav er det nok lukt på Thassie..
I hagen til John er det litt forskellig underlag, nåke som Thassie såg ut til å synast var heilt greit. =)
John prøvde å få Odin og Thassie til å ha litt drakamp, men Thassie var som sagt meir interessert i å lukte rundt omkring i hagen.
--------------------------------------------------------------------
På tampen vil eg bare visa forskjellen på første gong me var hjå Odin og denne gongen.
--

søndag, august 01, 2010
tur i hundeskogen
Idag fekk me litt aleinetid, og tenkte me skulle nytte denne ein liten tur i hundeskogen. Me kledde på oss, og satte oss i bilen og kjørte. Då me steig ut or bilen vèl framme slo dunsten av haugevis av gammal hundedrit. Det var rett og slett vemmelig, men me tok likevel til å gå innover veien. På veien låg der plenty av etterlatte kaker, og eimen var like stram heile turen. Eg er ikkje prippen, men dette var rett og slett ekkelt.
Thassie fekk seg et par "merkelige hoppeadferd" og då hu beit ein gong i bandet snudde me og vendte nasen mot bilen igjen. Me hadde kanskje gått 10 minutter då me måtte snu, dvs rusla i 10 minutter..
Flinke Lea på 3 år trør villig til med å halde Thassie for et bilde og to..
Der va mange interresante lukter i skogen, og Thassie var ganske ferdige då me kom fram til bilen. Hakket før ei raptusøkt..
Vel heime frå den luktefulle turen fekk Tanja seg et velfortjent bad. Hu fekk ikkje vera med idag, for hu er midt i løpetida, og så heit at hu heile tida går og setter rompa foran Thassie i håp om der skjer nåke artig av det...
Me fekk til ei god klippeøkt av snuten, nåke som ikkje er det enklaste sidan hu bare har 6 tenner igjen, men eg er rimelig fornøyd med koss hu blei sjåande ut. Flinke som hu er, kun 3 gong med maskina i ansiktet på hu, tolererer hu veldig masse må eg sei. Eg fekk klipt godt inntil augene, så der går nok lang tid før det blir problemer utav dei håra.. Her et par bilder av koss hu blei sjåande ut..

Abonner på:
Innlegg (Atom)