Thassie har komt seg heilt etter operasjonane sin, og eg har endelig klart å sleppe henne “laus” igjen.
Me trener på rallylydighet og innimellom triks, i tillegg til at ho er den superkosete hunden vår. =)
Pelsen måtte ryke, for etter mange veker i ro og opptrening, vanntredemølle og muskleroppbygging, så var det ingen sjans for å spare på den, men Thassie har tatt det med knusande ro, og har nok bare syns det har vore ein lettelse..
Kosen har hu alltid vore, men dette har nok auka sidan sjukeperioden sin, og kan til alle tider finna seg et fang å krypa opp i for å få litt kos. Og me elske hu for dette. =)
Dagane går i rallytrening, turar, kos og å passe på kaninene, dette er det absolutt mest spennande for tida, og hu kan ofte sitte lenge å sjå på dei..
Mimi har vokst seg flott og nydelig, og har gjort det godt i utstilling. BIR og BIM, men nå begynner alvoret då 9mndsgrensa har passert. Me trener utstilling bortimot kvar torsdag med Team Salvebo på Sviland, og dette har vore heilt topp. Me har fått så mykje god kritikk ( og ros ikkje minst) og tid til å jobbe med både kondis og oppstilling, så me skal vera godt rusta til hausten og alvoret startar.
I mellomtida blir det utstillingstrening og rallytrening. Me har ein stor jobb å gjera innen lineføring, men det kjem seg for kvar gong. Hu er ei flink lita tøtte.
Frå Orre då hu blei BIR valp. =)
Mimi på Rallylydighetstrening.
Mimi i dekk. Flinke litle.. =)
Takk til Gerd Marit for kjekke bilder fra Rallylydigheten.
Nybada og fluffy som bare det.
Beware, det komme plutselig ein oppdatering igjen.