onsdag, august 23, 2006

Fin treningsdag

seperasjonsangst-trening:
Idag har det meste av dagen gått til å trene vekk seperasjonsangsten. Eg har vore heime pga av skulderbetennelse, så me har hatt mange muligheter til å trene.
* tatt i nøklane ca 10 gonger
* latt han vera igjen inne då eg henta posten. Ute ca 2 min. Kom inn igjen, ingen stressteikn, ingen bjeff medan eg var ute heller.
* stengt igjen dører etter meg så han ikkje har kunna følgje etter meg.
* stengt inngangen til garasjen så han måtte var aleine i hageområde. Siste gongen tutla han veldig på aleine i hagen, så eg måtte rope på han då eg skulle inn igjen.

Sjølstendighet er ein dyd
Iallefall hjå Swejsan. Men om ein oppsummering fra han kom til oss, og fram til dags dato, er det over hundre prosent forbetring. Bare det at han roar seg godt i bilen, ikkje blir heilt frå seg når eg går ut dørå gjer te at eg orker å fortsette.. I mårå skal eg ta tida på han. Først var ute eitt minutt, deretter komme inn igjen, sei hei, og fortsette med det eg dreiv på med. Så vil eg auke til 1,5 minutt neste gong eg går ut, gjere nett det same når eg går inn igjen.
Slik vil eg fortsette ut dagen, og så vil eg sjå framgongen i det. Dersom han takler dette bra etter første minutt vil eg auke på. Men om det viser seg at han treng meir tid, vil eg ikkje gå så fort fram.

Trening Swejsan
*Lengre sittar samstundes med kontakt
- Dette gjekk forsåvidt bra, men eg har gjort ein feil, å det er å trene både sitt og dekk.. Det som skjer er at han ofte setter seg heilt perfekt, men for så å legge seg ned halvt sekund etterpå. Idagens litle treningsstund klikka eg med ein gong han satt seg perfekt, og auka deretter kriteriene, så han tilslutt hadde lengre sittar på opptil 3 sekunder.
Følgje etter target
- Har begynt å trene med at 2 fingrar er target, og ikveld skulle han følge etter targeten. Han gjorde dette med han beit over når han nådde fram. Det eg gjorde då var at eg klikka for at han begynte å følge etter slik at han skulle vite at det var rett, og deretter klikka eg kun når han trykka snuten i fingrane, ikkje når han beit over. Eg fekk 3 gode repetisjonar på dette før eg ga meg.

Trening Tanja
*Sitt
- Tanja har heilt fantastiske sittar med kontakt. Hu setter seg med ein gong, så eg ser faktisk føre meg at eg begynner å legge på kommando inne i begynnelsen av neste veke. Me har endå ikkje trent på dette ute.
*Dekk
Etter langt om lenge klarte eg endelig å få klikka på at hu la seg. Eg begynte med å "lokke" hu ned, som eg vett er HEILT FEIL, men dette førte til at hu tilslutt la seg. Eg gjer absolutt ingenting aent enn å sjå på hu, klar til å klikke for at hu legg seg. Hu har litt forskjellige liggar, av og til er det framparten som kommer ned først, andre gonger er det bakparten. Først ikveld har eg fått begynt å klikke på at hu legg seg.
*Stå foran
- Denne var litt meir vrien i og med at eg har trent på både sitt og dekk, men eg fekk til 8 klikk der hu sto foran meg og såg på meg. Hu ville heile tida sette seg, men uansett ka hu gjer så har hu ein utrulig kontakt.
Må begynne å klikke for kontakt også, for å opprettholde denne.

2 kommentarer:

Kari Anne sa...

Eg har bare ein ting å seie: DU ER SÅ FLINKE!!!!! :-)

Olaug sa...

åh, men eg blir så stolte når du seie det. =) Det gir meg iallefall mot til å fortsette.. Takk takk..