Ikveld har det tordna og lyna som aldri før, og eg såg fort at Thassie ikkje brydde seg om det. Då det starta for fullt rett før midnatt, tok eg med meg leike og Thassie utforbi for å eigentleg berre leike henne gjennom dette. Hu hadde stålkontakt og falt bare bort i tordenet nokre få gonger.
Eg byrja å gi henne kommandoar for å få stimuluskontrollen betre på både sitt og ligg. Ligg’en er heilt grei. Med belønning av leike, legg ho seg klask ned og får belønning for dette. Eg hadde også nokre gonger der eg faktisk ikkje belønna ho, for ho gjorde det før eg hadde sagt noko.
Etter ein liten pause var det sitt, og her har me virkelig ting å arbeide med. Samtlige gonger eg sa sitt, så la hu seg. Eg snudde meg vekk, for så å gi ho sjansen igjen, og denne satt som regel på 3. tilbakesnuing (som om det er eit ord). Betre blei det etter kvart då eg hadde oftare berre to i staden for tre, men på slutten gjekk det på første forsøket. Problemet mitt då blei at ho satte seg opp frå ligg/eller ned i sitt fra stå, men hoppa opp i “bamse” i det eg sa “JA!”. Så denne feilbelønningen gjorde jo til at ho regelrett hoppa opp frå ligg til sitt, med beina ganske høgt oppe.. Må i tenkeboksen her….. Eg hadde ei god avslutning, og hadde eigentleg tenkt å avslutte då..
Det hadde derimot ikkje Thassie..
Ho var framleis skikkelig gira på leika, og eg såg mitt snitt til å få ho til å arbeide skikkelig for belønningen, nemligen med “på plass”. Eg tok dette på kjøkkenet, og leika litt med ho for å få ho endå meir gira på leika. Så stilte eg meg opp utan å gjer noko som helst, og venta.. Ho tilbydde ligg, sitt, bamse, gå rundt, prøvde å gå gjennom beina mine, før det falt på plass for henne og ho ga meg ein skikkelig “schmokk-på-plass”! Eg fekk inn ei perfekt belønning og hadde 5 slike repetisjonar med “schmokkpåplass” før eg bytta leika ut med spaghetti og ga ho litt mat.
Etterpå var både eg og ho fornøyd, og eg ser fram til vidare arbeid med dette..
Eg må berre huske på kva det er eg vil ho skal gjera, korleis dette skal bli sjåande ut, og korleis eg kan få dette til ved evt. å dele opp i mindre sekvensar.. Så på ein måte kan ein sei det gjekk opp eit aldri så lite lys mtp. vidare trening ikveld.