torsdag, august 24, 2006

Tur med to

Idag tok eg med meg begge to hundane med på tur. Eg hadde fiksa meg ei godbitveske til å ha godbitane til Swejsan i, og denne fungerte kjempefint. Etter ca 400 m, stoppa eg for å trene litt med Tanja.
Tanja stresser veldig masse ute på tur, så det er minimale kriterier eg har for henne mtp trening ute. Eg bandt fast Swejsan og gjekk nokre meter fra. Hu var veldig interessert i alt anna enn å sjå på meg. Med ein gong hu kikka på meg, fekk eg klikka og gitt godbit. Eg hadde ingen formeining om frekvens eller andre kriterier enn at hu skulle sjå på meg, bare nok til at eg fekk nokre repetisjonar så hu også kommer inni dette også. 5 gonger tilbydde hu også sitt, så eg blei kjempe fornøyd med den vesle treningsøkta.

Swejsan derimot va heilt klar for trening, og me tok også kontakt. Først senka eg kriteriene, dvs latenstida, slik at han kunne få nokre klikk for kontakt. Dette gjekk greit, og eg auka kriteriene kjapt. Fekk til 3 sekunder før me blei avbrutt av ei dame på sykkel med ein schaefer på slep. Eg fekk masse pølsebitar i handa i ein fart, og han bjeffa tre gonger på dei då dei va ca. 50 meter fra. Eg klikka som ein tulling og fòrte på med pølsebitar, og han tidde stilt og tok imot. =) =) =)
Etterpå gjekk me vidare, og Swejsan va ein drøm å gå med ikveld. Heile tida gjekk han kun nokre få skritt foran meg, før han snudde for å komme tilbake. Eg veit han forventa godbit då, for han tok etter handa mi akkurat som om eg skulle gitt han det. Han fekk ikkje godbit før han gjekk ved sida av meg med hovudet vendt framover.
Man lærer av sine feil

Ingen kommentarer: