Idag satte eg opp 5 kjegler i hagen i samanheng slik at me kunne gå i timasvis om me hadde kunna det.
Det var 90 grader venstre, heilomvending venstre, 270 grader venstre, 90-stopp-90, 90 venstre fram. Denne gjekk me to gonger kor me avslutta med 2 firkantar med 90 vendingar.
Me hadde oss ein liten pause og medan me hadde den fann ho ut ho skulle dytte på kjeglene så dei velta.. whuuuupsi, slikt kan me ikkje ha noko av, så me gjekk banen ein gong til før eg rydda dei vekk..
Hu er suuper i hagen, neste gong må det bli på grusplassen me prøver oss, så det blir spennande..
Ellers så sto det ein rockering ute, og eg hadde 7 godbitar igjen i veska. Eg såg muligheten for å lære henne å hoppe gjennom ein slik ein, ikkje veit eg om eg ein gong får bruk for det, men artig var det iallefall. Først skjønte hu ikkje heilt kva ho skulle med den, så hu brukte framlabbane og dytta borti den. Når ho ikkje fekk uttelling for dette, så gjekk hu gjennom den. Etter 4 repetisjonar, løfta eg den 10 cm frå bakken, og då begynte ho å trø på den, før ho fann ut at ho skulle gå over denne gongen også. Siste gongen fekk ho eit aldri så lite byks også.. Skal prøve å filme når eg kan flytte den litt høgare over bakken slik at ho faktisk hoppar.. =) Kjekt..