onsdag, juni 29, 2011

Lyn, torden, stimuluskontroll og “på plass”

Ikveld har det tordna og lyna som aldri før, og eg såg fort at Thassie ikkje brydde seg om det. Då det starta for fullt rett før midnatt, tok eg med meg leike og Thassie utforbi for å eigentleg berre leike henne gjennom dette. Hu hadde stålkontakt og falt bare bort i tordenet nokre få gonger.

Eg byrja å gi henne kommandoar for å få stimuluskontrollen betre på både sitt og ligg. Ligg’en er heilt grei. Med belønning av leike, legg ho seg klask ned og får belønning for dette. Eg hadde også nokre gonger der eg faktisk ikkje belønna ho, for ho gjorde det før eg hadde sagt noko.

Etter ein liten pause var det sitt, og her har me virkelig ting å arbeide med. Samtlige gonger eg sa sitt, så la hu seg. Eg snudde meg vekk, for så å gi ho sjansen igjen, og denne satt som regel på 3. tilbakesnuing (som om det er eit ord). Betre blei det etter kvart då eg hadde oftare berre to i staden for tre, men på slutten gjekk det på første forsøket. Problemet mitt då blei at ho satte seg opp frå ligg/eller ned i sitt fra stå, men hoppa opp i “bamse” i det eg sa “JA!”. Så denne feilbelønningen gjorde jo til at ho regelrett hoppa opp frå ligg til sitt, med beina ganske høgt oppe..  Må i tenkeboksen her….. Eg hadde ei god avslutning, og hadde eigentleg tenkt å avslutte då..

Det hadde derimot ikkje Thassie..
Ho var framleis skikkelig gira på leika, og eg såg mitt snitt til å få ho til å arbeide skikkelig for belønningen, nemligen med “på plass”. Eg tok dette på kjøkkenet, og leika litt med ho for å få ho endå meir gira på leika. Så stilte eg meg opp utan å gjer noko som helst, og venta.. Ho tilbydde ligg, sitt, bamse, gå rundt, prøvde å gå gjennom beina mine, før det falt på plass for henne og ho ga meg ein skikkelig “schmokk-på-plass”! Eg fekk inn ei perfekt belønning og hadde 5 slike repetisjonar med “schmokkpåplass” før eg bytta leika ut med spaghetti og ga ho litt mat.

Etterpå var både eg og ho fornøyd, og eg ser fram til vidare arbeid med dette..

Eg må berre huske på kva det er eg vil ho skal gjera, korleis dette skal bli sjåande ut, og korleis eg kan få dette til ved evt. å dele opp i mindre sekvensar.. Så på ein måte kan ein sei det gjekk opp eit aldri så lite lys mtp. vidare trening ikveld.

søndag, juni 26, 2011

Sykkeltur

Idag tok eg og Lea fram syklane våre og eg monterte opp skikkelige springer på min. Eg hadde i tillegg til sjølve fjøra, laga til ei ekstra forlenging ned til Thassie i og med at dette var ein springar som var berekna på hundar over 10 kg. Det hadde eg ikkje trengt, men brukte den likevel.

Thassie haldt seg fint på høgre sida heile turen, og me sykla ikkje fort sidan Lea på straks 4 år ikkje kan sykle utan støttehjul. Første stopp var nede hjå endene der me ga dei gamle brødskiver. Thasse brydde seg ikkje om endene og måkene, men såg ein hund hu gjerne skulle helst på. 2 hestar gjekk også forbi, men ho sat bare å kikka på dei. Ho blei varm pga sola, så eg satte ho uti elva for å kjøle ho ned. Vatnet nådde ho ikkje opp til magen eingong.

Då me var ferdige å gi endene mat, sykla me vidare ein 150 meter til, der me stoppa med nokre treleiker på eit grasstykke.Der møtte me på naboane som har lundehund. Ei lita skjønn tøtte på 8 veker (Åsne) og ei på 10 mnd. Thira (10 mnd) har Thassie truffe før, og desse har ein super kjemi. Det blei bjeffa av fleire hundar i og rundt denne situasjonen, men Thassie forhaldt seg rolig. Diskusjon om trening og kurser, og eg enda opp med endå ei som ønskte trening i området fra hausten av. =)

Etterpå sykla me vidare nedover til ei lita bru over elva, der me gjekk ut på den. Thassie fulgte kjempebra med, såg hu syns ikkje dette var det kjekkaste, men såg både hale og haldning komme seg mange hakk då eg skrytte av ho. Hunden me møtte på vei vekk frå elva viste ikkje slik ei haldning. Den bortimot sto på alle 4 beina medan eigerane drog den med over. :/

Etterpå snudde me og begynte på turen heim. Planane mine om trening iløpet av turen gjekk ikkje som planlagt, men eg fekk såpass til at ho både leika og tok godbit frå meg då det var ganske mange forstyrrelsar rundt oss.

Thassie er ei herlig jenta å ha med seg attmed sykkelen, eg passa heile tida på at eg ikkje sykla for fort, men ho drog heile turen. Sele=lov å dra, og eg kjente at på flat mark drog hu meg opp i fart på sykkelen. Måtte bremse for ikkje å komma opp i for rask fart, både med tanke på Lea og hu.

Eg glede meg te neste dag me kan ta ut sykkelen, og akkurat idag skulle eg ønske eg hadde ein hund til som eg kunne ha sykla med. =)

Herlige dag!!

søndag, juni 19, 2011

Bloggen er 5 år

Idag kom eg plutseleg på at eg har vore bloggar i 5 år nå. Den 18. juni i 2006 kom mitt aller første innlegg, det kan sjåast her. Eg hadde blitt stor hundeeigar, og hadde fått ein god del bagasje med på “kjøpet” med han. Han kom frå Fido, og hadde blitt etterlatt ilag med søster si. Me skulle berre opp på fritidsgården og kike, men eg falt pladask for denne stakkaren som hadde stått der ein månad. Han hadde ekstrem seperasjonsangst, og eg blei kasta inn i eit ganske hardt og omfattande arbeid med ein gong.

Me kom långt, meg og Swejsan, men eg såg mi begrensing då eg fekk ei lita jente å halde styr på også. Swejsan blei omplassert til Tryggvi Islandshestegård. Han kunne ikkje ha kome til ein betre plass, for Swejsan er utrulig sosial og trong iallefall å vera rundt folk heile tida. Her fekk han mogligheit til det, og Karen som driv denne garden var svært åpen for mi positive trening og ville vidareføre denne med han.
Eg har sidan den gongen hatt god kommunikasjon med henne, og me har til tider hatt han innom på helgebesøk, noko som har vore svært kjekt.

I årskifte 2006/2007 overtok eg mor si litle toypuddeltispe då ho døde, og har hatt Tanja sidan dess. Tanja har masse patella, med forkalkningar, ho har slite med tenner og betennelse i munn, og sit igjen med bare hjørnetennene sine. Ho får kun oppbløtt mat, så dette har inga betydning for henne. IMG_6520

I februar 2010 oppdaga eg ved ein tilfeldighet at der fantes fleirfarga pudlar, og fekk ikkje ønsket om ein slik ein vekk frå tankane mine. I heile mi puddeleigande stund har eg ønska at der fantes fleirfarga pudlar, og jammen gjer det det også! =) Eg undersøkte og fant fram til ein nydelig kull frå ei som eg tykkte virka seriøs. Og i ettertid viste det seg jammen at det var ho også. 1. juni 2010 tok eg den lange vegen ned til Franfurt for å hente heim Thassie, og det har vorte myyyykje kos og glede etter dette. Eg har aldri hatt kvalp før, og hadde difor ingenting å samanlikne med. Men me var svært heldige, me fekk ho på ei gunstig tid og hadde god tid til å vera ilag med ho.

DSC02147

I ettertid har me støtt på mindre og større fjell, men ilag stig me over. Ho er utrulig lettlært, og tidvis har eg store vanskar med å halde tritt med ho. Det er då eg er ekstra glad for Kari Anne er utdanna klikkerinstruktør og kan hjelpe meg.

----

 

Eg er utrulig glad for dei pudlane eg har, men eg ser også det at desse blir ikkje aleine. Med tida dukkar det nok opp fleire som blir med i gjengen, og då er det jammen godt puddelen ikkje røyter. =)

lørdag, juni 18, 2011

Butikktur

Thassie er herlig å ha med seg kor eg enn skal, og idag gjekk turen til dyrebutikken på plassen. Me skulle snike oss til litt helsing på to kvalpar på 8 veker og 14 veker, brun og svart, og eg må sei det ikkje hjalp på kvalpasjukå eg har for tida.

Thassie fekk helse på masse folk, og trivdes betre og betre ettersom tida gjekk. Ho kika litt på ein ARA-papegøye, og denne prata til ho.  Ho la fint på hovudet, før ho gjekk bort for å snuse på tarantellaen.

170620111314

Eg hadde ikkje lyst at ho skulle begynne å “skrape” på dette buret, så me tok oss ein runde i butikken. Fiskane blei ho svært fascinert av og sto lenge og fulgte med dei.

170620111315

Ein degus falt også i smak, og ville nærmast ikkje gå frå.

170620111316

Heeeilt til ho såg kaninene… Kanina skvatt, og eg fann ut det var lurast å fjerne ho frå område. Kunne jo ikkje risikera at dei byrja å hoppe utor heller.. Det skulle tatt seg ut..

 

Vèl heime var ho fremdeles i hundre for butikkturen, men dette roa seg etter ein matbit.

torsdag, juni 09, 2011

Frøken bøllefrø <3

Å arbeide i hagen er ikkje alltid det enklaste, iallefall ikkje med et aldri så lite rampete phantom. =) Ho er bare så herlig!

litle bøllefrø

torsdag, juni 02, 2011

Kloklipp, og problematikken rundt dette

Thassie har fra dag ein vore svært sensitiv på potane sine. Eg har gjort svært mykje, både med håndtering, touching, leik, klikkar og alt for at dette skal bli betre, og det har tildels blitt betre også. Med ein svært forsiktig utvikling.

Bakbeina går fint, der kan eg klippe som vanlig, men med ein gong eg prøver meg å frambeina begynner ho å hoppe opp på to bein, nykke til seg føtene, prøve å springe vekk egentlig alt untatt å bite..

Her er et lite klipp, som uforståelig nok ikkje blei av verste sorten, på korleis ho er med klotang.

kloklipp med tang

På klippet over nykker ho beina til seg, trekk seg vekk frå meg og står urolig.. Ser tydelig på Thassie at dette er noko ho IKKJE likar. :/

For ei vekes tid sidan fekk eg prøve ein kloslipar av Lene, som har ei skjønn phantomjente frå Sverige og hundefrisørsalong her på plassen. Eg fekk virkelig sansen for denne, og gjekk inn på nettsida der ho hadde fått tak i sin, og bestilte med ein gong.

Denne kom i posten i går, og med ein gong eg fekk den i hende tok eg til med tilvenningen hennar. Det eg har gjort dette siste døgeret er å halde i klosliparen medan den har vore i gong, holdt forsiktig i foten hennar medan eg holdt i sjølve sliparen. Me har vore borti poten med maskina utan å slipe noko, toke tak i kloa hennar uten å slipe, putta kloa inn i eit av dei andre hola utan å slipe, og slipt ei klo utan at ho trakk til seg foten. Eg har leika med henne med klosliparen liggande ved sida av oss i gong, og leika medan eg har haldt i den. Dette har eg repetert mange gonger, og gjort det eigentlig i tide og utide.

Så, etter eit døgn med kloslipar i hus, ser det straks MYKJE lysare ut med tanke på framtidig klo-problematikk, og det vert sjåande slik som klippet nedanfor viser. =)

klosliping

Me har endå lang veg å gå før me er i mål, men eg tykkjer at dette er stor forbetring etter bare eit døgn med sliparen i hus, og eg er veldig glad for at me har funne noko som fungerar for oss.

fredag, mai 27, 2011

Fredagstrening

Idag satte eg opp 5 kjegler i hagen i samanheng slik at me kunne gå i timasvis om me hadde kunna det.

Det var 90 grader venstre, heilomvending venstre, 270 grader venstre, 90-stopp-90, 90 venstre fram. Denne gjekk me to gonger kor me avslutta med 2 firkantar med 90 vendingar.

Me hadde oss ein liten pause og medan me hadde den fann ho ut ho skulle dytte på kjeglene så dei velta.. whuuuupsi, slikt kan me ikkje ha noko av, så me gjekk banen ein gong til før eg rydda dei vekk..

Hu er suuper i hagen, neste gong må det bli på grusplassen me prøver oss, så det blir spennande..

 

Ellers så sto det ein rockering ute, og eg hadde 7 godbitar igjen i veska. Eg såg muligheten for å lære henne å hoppe gjennom ein slik ein, ikkje veit eg om eg ein gong får bruk for det, men artig var det iallefall. Først skjønte hu ikkje heilt kva ho skulle med den, så hu brukte framlabbane og dytta borti den. Når ho ikkje fekk uttelling for dette, så gjekk hu gjennom den. Etter 4 repetisjonar, løfta eg den 10 cm frå bakken, og då begynte ho å trø på den, før ho fann ut at ho skulle gå over denne gongen også. Siste gongen fekk ho eit aldri så lite byks også.. Smilefjes med åpen munn  Skal prøve å filme når eg kan flytte den litt høgare over bakken slik at ho faktisk hoppar.. =) Kjekt..

onsdag, mai 25, 2011

180 graders vending, stopp-90-stopp, 270 venstre og fvf

Det er 9 dagar sidan me starta med å lære inn venstrevendingar, og har til tross for masse stygt ver fått nokre gode treningsøkter ute, både her og der.

Og slik ser det ut når me prøver oss uti hagen, med ein labrador som står å brøler litt lenger nedi gata.. Ser Thassie ser den veien nokre gonger.. Men ein plass må me begynne. =)

fri ved fot og litt venstrevendingar

tirsdag, mai 24, 2011

Venstrevendingar og lineføring

Eg blei rimelig inspirert av Carita og Oliver sitt innlegg ikveld, og pakka samen både boks, leiker, godbitar og klikkar då eg såg at vèret ikkje var haustprega lenger.

Me rusla nedover til grusbanen attmed kyrkja der det sto ein gravemaskin ikveld. Av ein eller aen grunn syns Thassie denne var litt ukul, så eg bestemte meg likesågodt å trene der. Eg lot hu få snuse godt på den før eg gjorde meg klar til økta vår.

Eg hadde is i magen, og fekk klikka for kontakt etter ei lita stund. Dette aukte så i frekvens, og eg fekk sjans til å dra fram den fantastiske rosa pipeleika som me fekk av Kari Anne forrige gong, og fekk intensiteten opp på hu.

Eg tok bandet og begynte å gå, og hadde ca 6 vendingar der hu ikkje fulgte med meg, så hadde eg kontakten med henne og eg fekk inn mange klikk/godbit for nydelig lineføring. Me hadde høgrevendingar og venstrevendingar og hu kasta nærmast bakparten inn på sistnevnte og eg kunne endelig fiske fram rosa leika igjen og kaste den som belønning. Hu var heilt i hundre for dette, og heiv den opp i veret sjøl før hu kom galopperande tilbake til meg med den. Eg drog den langs bakken for å gjere den endå kjekkare. Me gjentok heile denne omgangen 5 gonger med varierande forstyrrelsar som bilar, vind i tre, folk som gjekk forbi, tuting, syklistar, ungdommar som prata både høgt og lågt(og som ikkje alltid er lika kjekt).

Etter ei lita snusing som avkopling, drog eg fram boksen, og hu klaska begge frampotane på den. Eg ga hu ein godbit, og stilte meg opp ved siden av henne mendan hu åt den, og begynte å flytte på meg, venstrevendningar. Hu heiv bakparten etter meg mens eg flytta meg til høgre, og me hadde ei lita leikeøkt etter at eg hadde toke vekk boksen og prøvd uten. Det var akkurat same resultat, hu var med meg til venstre med ein gong eg satte foten 90 grader foran henne….. Løøøvely!!!

Me rusla heim etterpå, og fleire gonger på vei heim kom hu på sida av meg, og gjekk fint ved fot med kontakt. Eg måtte jo belønne for det, men ingenting anna. Eg var jo så fornøyd.. =)

torsdag, mai 19, 2011

Bakpartskontroll utan “boks”

Ikveld har me altså jobba vidare på bakpartskontroll og tok første gongen å jobba ho inn mot mi venstre side. Eg sto i ro, medan hu forflytta bakenden sin og enda opp på mi venstre side. Dette tok hu svært kjapt, og andre økta hadde eg som kriterie å “ta venstre vendingar” der der eg heile tida plasserte meg ved sida av boksen og ho hadde potane i “midten” av boksen.

Den tredje økta foregjekk på same måte, med vendingar til venstre slik at ho heile tida måtte forflytte bakenden inntil meg. Og 4 økta tok me vekk boksen.

Slik er 2. repetisjon etter dette som eg heldigvis fekk filma. =)

“utan boks”

onsdag, mai 18, 2011

Bakpartskontroll vidareutvikling

Å høyre med sin mentor om korleis vegen vidare bør forekomma er slettes ikkje det dummaste ein kan gjera, for då blir plutseleg bakpartskontrollen sjåande slik ut. =) Dette er 5 økta ikveld med à 10 godbitar, og 2. gongen eg prøver meg på å få henne til å flytte bakparten sin rundt når eg tar eit skritt til høgre.

 

bakpartskontroll

bakpartskontroll del 2

tirsdag, mai 17, 2011

17. Mai og barnetog

Idag hadde eg bestemt meg for at dersom det var greit nok vèr, så skulle Thassie få bli med å gå i barnetoget. Hadde hu syns dette var skikkelig ukult, hadde det ikkje vore verre enn at eg trakk meg vekk slik at hu likevel kunne få sjansen til å ha ein OK opplevelse..

Men dette gjekk over all mi forventning. På vei opp til start traff me mange folk, hundar, barnevogner og andre ting og tang. Hu gjekk som hu aldri skulle gjort noko anna, og satte seg ned då me sto og venta på å komme inn i toget.

Eg såg med ein gong at å gå inni folkemengden ikkje var det heilt store for Thassie. Halen gjekk ikkje så veldig langt ned, men litt meir opp enn bare vannrett.

Så eg trakk meg ut til sida, slik at me gjekk attmed folka som sto og såg på toget. Dette var storarta for hu, og halen kom opp godt over ryggen igjen. Ho trippa og såg ut til å storkose seg.
Det sto mange hundar med eigerar ved sida av veien, og til tross for at 4-5 stykker gjorde utslag mot oss, så mista hu ikkje halen, men gjekk bare vidare. Det kom ikkje eit einaste pip/bjeff fra henne under heile marsjen.

Eg høyrte mange kommentarar om henne, folk peikte på ho og kommenterte både farge, halsbånd og sløyfe. Smilefjes med åpen munn

17052011121017.mai tog

Anders kommenterte også kor mange som faktisk la merke til ho og kom med komplimenter.
Eg såg også ein utrulig trist ting, der det var ein liten dachs som kom med et bjeff mot toget, og eigaren tar heile hovudet i handa, klemmer til og drar hunden opp mot seg så den mister bakkekontakt med frambeina medan ho kjeftar så eg høyrer det heilt bort til meg. Eg måtte gi beskjed til Anders om å sjå på det også, for eg kjendte eg blei skikkelig brydd. Stakkars hund! Eg er glad eg ikkje har et slikt hundehald!

170520111221

Toget avslutta nede på fotballbanen, og me blei ståande å sjå litt medan resten av toget kom inn på stadioen.

170520111222   170520111223

Me var svært heldige med vèret, det regna bare såvidt nede på fotballbanen, og me rusla heim for å få ein god frukost. Thassie sovna under bordet, noko ho aldri plar gjere. =)

Etter ei lita stund heime reiste me innover til Stavanger til søster til Anders. Der var også “farfar” som er skikkelig stas. =)

Og her nokre bilete derifrå.

Det brydde ho ikkje med rullestol.

17.mai 1 Thassie17.mai 2 Thassie17.mai 3 Thassie17.mai 4Thassie

Inne slappa ho veldig godt av då ho fekk ligge på jakken min <3

17.mai 5 Thassie17.mai 6 Thassie

17.mai 7 Thassie

Kjekt å utforske ny hage. =)

17.mai Thassie

Godjentå mi Smilefjes

mor og Thassie

mandag, mai 16, 2011

Prosjekt bakpartskontroll

Thassie har slettes ikkje vore klar for mi trang til ein rolig dag etter helga si strabasiøse aktivitetsnivå. For mange er dette heilt vanlig helgeaktivitet, men ikkje for meg.

 

Så hu blei noko leiken og utforskande og klarte ikkje finne roen. Eg tok med meg ei treplate på kjøkkenet, fann fram klikkar og godbitane som vart igjen etter helga, og satte meg på golvet for å vente på hennar kreativitet.

Og eg trong ikkje vente lenge. Med ein gong eg hadde kasta plata på golvet, sprang ho bort for å undersøke. Då klikka eg og ho fekk godbit, bare for at ho skulle skjønne at me skulle jobbe med den. Det varte nokre sekunder før ho sprang bort til den igjen, men då eg ikkje klikka for at ho berre snuste, satte ho likesågodt foten på, og fekk klikk og godbit.

Ho var kjempevillige til å arbeide for desse godbitane idag, og eg avslutta det heile etter 12 minutter, der ho 3 forskjellige plassar endte opp med å ha begge beina på plata.

Eg kunne gjerne holdt på lenger, men fann ut at eg måtte rådføre meg med min mentor først, Kari Anne, om korleis eg skal gå vidare herifra.

Det var kjekt å sjå kor raskt ho tok dette, i og med at eg har både brukt klikkar og “bra”, og IKKJE MINST har vore svært flink å leda henne i vårt arbeid (noko som eg har lagt av meg), så er det deiligt at ho har falt på plass som klikkarhund. =)

Rallylydighetskurs

I helga var det duka for Rallykurs, og det starta fredag kl 18-21. Kjente det hadde vore ei hard veke på jobb, men hadde likevel god konsentrasjon heile økta.
Lørdag møtte me opp kl 10 og starta ute med å ta ein og ein hund ut for å vise lineføring og sitt/dekk og bli. Det var eg og Thassie, Edel og Lady (storpuddel), Sunniva og Pia(toypuddel), Gerd Marit og Cora(pinscher), Anne Cathrine og Nova(cocker spaniel) og Gunn og Embla(rottweiler).

Me hadde jo ikkje nåke inne, men eg var særdeles fornøyd med Thassie for at hu klarte å arbeide til tross for at der sto ganske mange folk og såg på, det var ein heilt ny plass, ikkje spesielt varmt, gras rett attmed pluss pluss. Eg fekk mine fokuspunkt og det var å halde handa vekke fra godbitveska, gå langsomt (då det viste seg at Thassie fulgte mykje bedre med då) og gi godbiten heilt nede slik at ho slapp å strekke seg etter den.
Etter at alle hadde vist fram det eine og det andre, gjekk me inn for å ta litt teori. Det regna ganske så bra, og me drøyde an det me kunne før me måtte ut igjen. Ikkje det at det hjalp på regnet, men då var me alle saman veldig klar for arbeid.
Me vart delt i 3 grupper på 2 og skulle bytte på å ha hunden ute. Thassie blei ganske fort våt, etterfulgt av kald, men klarte likevel gi meg masse og jobbe godt.
Etter lunsj fortsatte me, og Thassie hadde ei teit økt der hu ikkje ga nåke som helst. Eg jobba virkelig for å få hu med, men det varte kanskje 2 sekunder, så var ho poff vekke for meg igjen. Frustrasjonen og ønske om å gi opp kjem særdeles raskt hjå meg, og ho fekk kome i bilen i ein forrykande fart. Då det igjen var vår tur, fekk eg kanongod hjelp av Kari Anne til å få ho med, og me gjekk både høgresvingar og slalom og hadde ein suuupergod økt. Så var det rett opp igjen, og målet om å nå rallystart var der igjen..
Etter endt dag var både eg og hund ganske slitne, og det freista lite med både matlaging og andre hus-ting… Så det blei med å slita sofaen.
Søndagen var motet oppe igjen, men dag 2 skulle vise seg som utfordring på mange måtar. Eg måtte igjen jobbe hardt for hennar oppmerksomhet, men denne dagen var iallefall veret på vår side, og gjorde til at eg endte opp tomatrød i ansiktet og heilt utslitt. Kari Anne hjalp oss igjen vidare med både kontakt og lineføring, og det blei sjåande ut slik som videoen under. Thassie og eg er heilt i byrjinga av all lydighet, og derfor ser dette slik ut..

ScreenHunter_01 May. 16 19.59

Oppsummeringen etter siste dag er likevel ikkje den aller verste til tross for at me ikkje har kome så långt i lydighetstreningen. Thassie kan (når eg jobber rett) gi og gi i 8 minutter, hu går fleire steg i lineføring på heilt ny stad med andre folk til stades og med leik som belønning. Me har fått gode instrukser på koss me skal arbeide vidare og eg gler meg til eg får energi nok til å begynne for fullt.
I morgon er det 17. Mai, og i den forbindelse har Thassie fått seg nytt halsbånd, som eg sydde ikveld. Og ei lenke som eg også fiksa. Om ikkje veret er godt nok for at hu blir med i morgon, så får ho iallefall gått med det her heime. =)
klar for 17. mai

fredag, april 29, 2011

Forbereding til Rally-lydighetskurs FVF

Me har vore stille ei god stund nå, men det har kun vore pga veldig travle kvardagar og helger.

 

Men, me har smått begynt å trene på det me har fått beskjed om BØR sitte inne til Rallykurset 13.-15. Mai, som er lineføring (me har trent Fri Ved Fot), sitt og bli & dekk og bli.

 

Eg har hatt små korte økter etter arbeidstid, då eg har funne ut at denne tida er svært gunstig å trene med Thassie på.  Eg har fått ho til å gå ved siden av meg, og belønna med leiking då hu har gått perfekt FVF med stålkontakt. Dette har me gjort 1-2 minutter, av og til ein gong til dagen, andre gonger fleire økter på 1-2 minutter.

Idag hadde me hatt makaroni til middag, og eg fann ut at eg skulle bruke dette i belønning ved FVF sidan me aldri har prøvd godbitar på dette. Med EIN gong eg hadde toke veska på meg med godbitane oppi, fann hu plassen sin ved siden av meg, og gjekk nydelig FVF. Eg hadde høgre vendingar og venstre vendiongar, stoppar der hu satte “på plass”, nokre gonger skeivt andre gonger perfekt utgansgstilling.

Eg blei heilt i hundre over kor bra hu gjorde dette, til tross for at det svinsa 2 andre hundar rett foran oss pga godbitar. Med andre ord, ganske mange forstyrrelsar. Eg fekk Anders til å filme, og er klar over det teite feilklikket eg hadde på andre belønning, men driter egentlig i det. Hu var så flinke atte. =)

Her er den vesle videosnutten.

Fri Ved Fot

mandag, april 04, 2011

Rallytrening og lineføring

I dag skulle me få vera med på første trening med tanke på å delta i Rally-lydighet ein eller aen gong.

Me har jo primært fokusert på miljøtrening og triks og fanteri, men idag var det duka for lineføring.

Dette hadde eg allereie bestemt meg for på førehand, og hadde som kriterie at me skulle komme i gang med dette og ho skulle vera motivert og åpen for godbitar medan me trente blandt hundar og folk.

Eg gjekk litt vekk for å gjera det lettare for ho, og stilte meg ved sida av muren ved parkeringsplassen. Etter litt undersøking kom ho opp ved sida av meg og eg hadde nok band til at ho ikkje gjekk så langt føre meg. Eg sa sitt, og ho kika opp på meg og eg fekk inn eit klikk med påfølgande godbit.
Eg repeterte klikket og gobiten medan ho satt og såg på meg, før eg tok det vidare med å gå fram et steg. Då smalt baken i bakken og ho ga meg stålkontakt og eg fekk belønt for det.. Eg gjekk vidare og prøvde det same igjen, men tilslutt kom me litt for nærme dei andre, og me leika oss litt bakover igjen. Opp same ruta med ho innerst mot muren og eg kunne ta 1 steg, 2 steg og 3 steg med tilhøyrande sitt og kontakt. 
Etter ei lita stund med dette, for det er klart eg gløymte tida då dette gjekk såpass bra, så vart ho litt distrè. Om det var fordi eg ikkje auka kriteriene hennar fort nok, eller at det blei nok for henne, veit eg egentlig ikkje, men ser at det kan vera begge deler.

Me hadde totalt 5 slike treningar, men såg fort at siste gongen var ho allerede “lost”. Eg fekk likevel ei fin avslutning på lineføringen, men ser korleis eg skal gjera det neste gong. I staden for å få ei fin avslutning, skal eg auke kriteriet og flytte meg vekk fra muren. Eg skal også ta fleire steg..

Men alt i alt er eg smilande og fornøyd etter kveldens to kalde timar ute, og gler meg allerede til i morgon.
5 minutter trening kvar dag fungerer så utrulig godt for Thassie, og eg ser i samband med triksa eg har lært ho, at det når inn meir enn eg trur. =)

tirsdag, mars 29, 2011

Kurs i rallylydighet på Sørlandet, Vennesla

Helgekurs i Rallylydighet i Vennesla 29.4 - 1.5

Det blir holdt helgekurs i Vennesla helgen april/mai 2011.
Vi starter fredag kveld med teori, og fortsetter lørdag og søndag med praksis iblandet noen teoriøkter.
Hundene som deltar bør kunne SITT, DEKK, BLI og LINEFØRING.
Kurset koster kr. 1800, og det vil være to instruktører fordelt på maks åtte deltakere. Det vil være mulig for observatører å delta (uten hund), da koster helgen 500.
Målet for kursen er at ved kursets slutt skal ekvipasjen kunne gå en full konkurransebane i Klasse 1.
Virker dette interessant? Ta kontakt med hovedinstruktør Kari Anne Overskeid på mail: kanover@live.no eller på telefon 466 80 100.

http://rallylydighet.blogspot.com/2011/02/helgekurs-i-rallylydighet-i-vennesla.html

søndag, mars 13, 2011

Thassie i skikkelig puddelklipp

Thassie før klipp.

IMG_6329IMG_6335

Thassie ferdigklippa =) Utrulig fina jentå mi. <3

 

DSC02142DSC02147IMG_6344

mandag, mars 07, 2011

Å sitte bamse

Eg har siden kvalpekurset trent på å få Thassie til å sitte bamse, og nå i slutten av januar tok me skikkelig opp igjen dette trikset. Eg begynte med å la hu ta target på handa mi slik at hu kom opp i sittestilling. Lenge gjorde me dette, medan eg prøvde å fjerne targethjelpa. Dette har gått svært seint, men eg har klart å komme et lite museskritt nærmare “kun kommando”” heile tida. Tilslutt sat eg igjen med eit lite vink med eine fingeren medan eg sa ordet “bamse” og idag kunne min kjære mann sei kommandoen “bamse” og ho gjekk rett opp i herlige bamsestilling.

Ein liten videosnutt for å vise. Videoen er tatt med mobilen, og lyden samsvarer aldri med sjølve handlingen på videoane eg tar opp med denne. Men rett før ho går ned frå andre bamsesitt får ho bra, og godbit kjem etter filmslutt. =)

Sitte bamse

søndag, mars 06, 2011