Me har vore stille ei god stund nå, men det har kun vore pga veldig travle kvardagar og helger.
Men, me har smått begynt å trene på det me har fått beskjed om BØR sitte inne til Rallykurset 13.-15. Mai, som er lineføring (me har trent Fri Ved Fot), sitt og bli & dekk og bli.
Eg har hatt små korte økter etter arbeidstid, då eg har funne ut at denne tida er svært gunstig å trene med Thassie på. Eg har fått ho til å gå ved siden av meg, og belønna med leiking då hu har gått perfekt FVF med stålkontakt. Dette har me gjort 1-2 minutter, av og til ein gong til dagen, andre gonger fleire økter på 1-2 minutter.
Idag hadde me hatt makaroni til middag, og eg fann ut at eg skulle bruke dette i belønning ved FVF sidan me aldri har prøvd godbitar på dette. Med EIN gong eg hadde toke veska på meg med godbitane oppi, fann hu plassen sin ved siden av meg, og gjekk nydelig FVF. Eg hadde høgre vendingar og venstre vendiongar, stoppar der hu satte “på plass”, nokre gonger skeivt andre gonger perfekt utgansgstilling.
Eg blei heilt i hundre over kor bra hu gjorde dette, til tross for at det svinsa 2 andre hundar rett foran oss pga godbitar. Med andre ord, ganske mange forstyrrelsar. Eg fekk Anders til å filme, og er klar over det teite feilklikket eg hadde på andre belønning, men driter egentlig i det. Hu var så flinke atte. =)
Her er den vesle videosnutten.
5 kommentarer:
Så FLIIIIIIIIIINK!
Gleder meg til kurs med dykk, og sjå framgangen "live" kjem dykk på trening på mandag?
=))) Tusen takk!! Og TUSEN TAKK for at du minna meg på at der er trening på mandag. Me må jo selvfølgelig komma på den! Jess, den hadde eg jo heilt gløymt ut! Kjempegod mulighet til å trene litt med andre forstyrrelsar også. Då skal eg jammen trene intensivt på dekk og bli og sitt og bli i helga slik at eg kan auke forstyrrelsane på mandag.. =)
Glede meg også kjempemasse til kurs ilag med dåkke. =)
Så flinke dåkken er! Blei heilt rørte, eg når eg såg denne snutten! Dette blir knallbra, Olaug! :-)
Så flinke dokk e :) Herlig treningsplass du har i hagen, tror bare me ska trene der neste gang me ska ha en økt ;) Får skikkelig zen følelse! (eller ka det nå e det hette ;))
Ja, faktisk når den trampolinen ikkje er i hagen så er den veldig grei å trene i..
Skjønt, nå trenger jo me forstyrrelsane, men det er ein veldig grei plass å begynne på ting på.. =)
Så om du vil, kan me gjerne trene her. Einaste forstyrrelsane som kan bli vanskelige her er jo hønene.. =)
Legg inn en kommentar