mandag, mai 16, 2011

Prosjekt bakpartskontroll

Thassie har slettes ikkje vore klar for mi trang til ein rolig dag etter helga si strabasiøse aktivitetsnivå. For mange er dette heilt vanlig helgeaktivitet, men ikkje for meg.

 

Så hu blei noko leiken og utforskande og klarte ikkje finne roen. Eg tok med meg ei treplate på kjøkkenet, fann fram klikkar og godbitane som vart igjen etter helga, og satte meg på golvet for å vente på hennar kreativitet.

Og eg trong ikkje vente lenge. Med ein gong eg hadde kasta plata på golvet, sprang ho bort for å undersøke. Då klikka eg og ho fekk godbit, bare for at ho skulle skjønne at me skulle jobbe med den. Det varte nokre sekunder før ho sprang bort til den igjen, men då eg ikkje klikka for at ho berre snuste, satte ho likesågodt foten på, og fekk klikk og godbit.

Ho var kjempevillige til å arbeide for desse godbitane idag, og eg avslutta det heile etter 12 minutter, der ho 3 forskjellige plassar endte opp med å ha begge beina på plata.

Eg kunne gjerne holdt på lenger, men fann ut at eg måtte rådføre meg med min mentor først, Kari Anne, om korleis eg skal gå vidare herifra.

Det var kjekt å sjå kor raskt ho tok dette, i og med at eg har både brukt klikkar og “bra”, og IKKJE MINST har vore svært flink å leda henne i vårt arbeid (noko som eg har lagt av meg), så er det deiligt at ho har falt på plass som klikkarhund. =)

3 kommentarer:

Kari Anne sa...

Ska sei dåkken trener og står i!! Gleder meg til å sjå kor langt dåkken har kommt når eg komme oppøve om to veker igjen :-)

Og det er jo det eg seier; Thassie er smart og kan jobbe mykje lenger enn det du trur når hu bare får jobbe med nåke interessant ;-)

Gerd Marit sa...

Så bra! Godt å a firbeinte som holder oss i aktivitet ;)

Olaug sa...

KA; Ja, eg må bare vera kreativ i treningen vår, så kan me nå långt trur eg. =) For eg har jo truå på det.. Enn så lenge. =)

Gerd Marit; Ja, faktisk det er jo herlig at dei får oss i gong, for det var ikkje mitt ønske å trena akkurat då. Var egentlig veldig klar for å slita sofa eg då. =)