søndag, juni 26, 2011

Sykkeltur

Idag tok eg og Lea fram syklane våre og eg monterte opp skikkelige springer på min. Eg hadde i tillegg til sjølve fjøra, laga til ei ekstra forlenging ned til Thassie i og med at dette var ein springar som var berekna på hundar over 10 kg. Det hadde eg ikkje trengt, men brukte den likevel.

Thassie haldt seg fint på høgre sida heile turen, og me sykla ikkje fort sidan Lea på straks 4 år ikkje kan sykle utan støttehjul. Første stopp var nede hjå endene der me ga dei gamle brødskiver. Thasse brydde seg ikkje om endene og måkene, men såg ein hund hu gjerne skulle helst på. 2 hestar gjekk også forbi, men ho sat bare å kikka på dei. Ho blei varm pga sola, så eg satte ho uti elva for å kjøle ho ned. Vatnet nådde ho ikkje opp til magen eingong.

Då me var ferdige å gi endene mat, sykla me vidare ein 150 meter til, der me stoppa med nokre treleiker på eit grasstykke.Der møtte me på naboane som har lundehund. Ei lita skjønn tøtte på 8 veker (Åsne) og ei på 10 mnd. Thira (10 mnd) har Thassie truffe før, og desse har ein super kjemi. Det blei bjeffa av fleire hundar i og rundt denne situasjonen, men Thassie forhaldt seg rolig. Diskusjon om trening og kurser, og eg enda opp med endå ei som ønskte trening i området fra hausten av. =)

Etterpå sykla me vidare nedover til ei lita bru over elva, der me gjekk ut på den. Thassie fulgte kjempebra med, såg hu syns ikkje dette var det kjekkaste, men såg både hale og haldning komme seg mange hakk då eg skrytte av ho. Hunden me møtte på vei vekk frå elva viste ikkje slik ei haldning. Den bortimot sto på alle 4 beina medan eigerane drog den med over. :/

Etterpå snudde me og begynte på turen heim. Planane mine om trening iløpet av turen gjekk ikkje som planlagt, men eg fekk såpass til at ho både leika og tok godbit frå meg då det var ganske mange forstyrrelsar rundt oss.

Thassie er ei herlig jenta å ha med seg attmed sykkelen, eg passa heile tida på at eg ikkje sykla for fort, men ho drog heile turen. Sele=lov å dra, og eg kjente at på flat mark drog hu meg opp i fart på sykkelen. Måtte bremse for ikkje å komma opp i for rask fart, både med tanke på Lea og hu.

Eg glede meg te neste dag me kan ta ut sykkelen, og akkurat idag skulle eg ønske eg hadde ein hund til som eg kunne ha sykla med. =)

Herlige dag!!

2 kommentarer:

Carita sa...

For en koselig søndag! Eg hadde aldri komt på å sykle med en sånn en liten tass, så siden dokk kan det, vil eg og det! Ennå et prosjekt som må på listen :) Flinke dokk e til å finne på kjekke aktiviteter!

Olaug sa...

Tusen takk for ein så kjekke kommentar. =) Ja, det har virkelig vore ein koselig dag, mest fordi Lea har vore i slik sprudlande humør heile dagen. Og slikt gjer mykje. Har sykla med Thassie før også, men det var mykje enklare etter at eg fekk springaren. Slapp å tenkje for masse på ho då, fin avstand frå sykkelen, ikkje kunne hu komma bak eller foran sykkelen heller. =)
Det er virkelig til å anbefale med liten hund som stor, så det må du jammen få til å gjera ja. =)