Thassie er herlig å ha med seg kor eg enn skal, og idag gjekk turen til dyrebutikken på plassen. Me skulle snike oss til litt helsing på to kvalpar på 8 veker og 14 veker, brun og svart, og eg må sei det ikkje hjalp på kvalpasjukå eg har for tida.
Thassie fekk helse på masse folk, og trivdes betre og betre ettersom tida gjekk. Ho kika litt på ein ARA-papegøye, og denne prata til ho. Ho la fint på hovudet, før ho gjekk bort for å snuse på tarantellaen.
Eg hadde ikkje lyst at ho skulle begynne å “skrape” på dette buret, så me tok oss ein runde i butikken. Fiskane blei ho svært fascinert av og sto lenge og fulgte med dei.
Ein degus falt også i smak, og ville nærmast ikkje gå frå.
Heeeilt til ho såg kaninene… Kanina skvatt, og eg fann ut det var lurast å fjerne ho frå område. Kunne jo ikkje risikera at dei byrja å hoppe utor heller.. Det skulle tatt seg ut..
Vèl heime var ho fremdeles i hundre for butikkturen, men dette roa seg etter ein matbit.
2 kommentarer:
Syns ho var rettelig så fin på håret nå, eg :-) Flinke Thassie...
Dette er også før eg har fått fiksa toppen, men det viste heldigvis ikkje på bildene. :D
Ja, sjølve klippen på kroppen er grei nok, den var rimelig enkel også, men det var overgang kropp/hode eg sleit med OG klarte å ødelegge.. Men det er sååå deilig med puddel, det vekse fort ut igjen, og blir straks så møje sunnare. =)
Legg inn en kommentar