søndag, juni 19, 2011

Bloggen er 5 år

Idag kom eg plutseleg på at eg har vore bloggar i 5 år nå. Den 18. juni i 2006 kom mitt aller første innlegg, det kan sjåast her. Eg hadde blitt stor hundeeigar, og hadde fått ein god del bagasje med på “kjøpet” med han. Han kom frå Fido, og hadde blitt etterlatt ilag med søster si. Me skulle berre opp på fritidsgården og kike, men eg falt pladask for denne stakkaren som hadde stått der ein månad. Han hadde ekstrem seperasjonsangst, og eg blei kasta inn i eit ganske hardt og omfattande arbeid med ein gong.

Me kom långt, meg og Swejsan, men eg såg mi begrensing då eg fekk ei lita jente å halde styr på også. Swejsan blei omplassert til Tryggvi Islandshestegård. Han kunne ikkje ha kome til ein betre plass, for Swejsan er utrulig sosial og trong iallefall å vera rundt folk heile tida. Her fekk han mogligheit til det, og Karen som driv denne garden var svært åpen for mi positive trening og ville vidareføre denne med han.
Eg har sidan den gongen hatt god kommunikasjon med henne, og me har til tider hatt han innom på helgebesøk, noko som har vore svært kjekt.

I årskifte 2006/2007 overtok eg mor si litle toypuddeltispe då ho døde, og har hatt Tanja sidan dess. Tanja har masse patella, med forkalkningar, ho har slite med tenner og betennelse i munn, og sit igjen med bare hjørnetennene sine. Ho får kun oppbløtt mat, så dette har inga betydning for henne. IMG_6520

I februar 2010 oppdaga eg ved ein tilfeldighet at der fantes fleirfarga pudlar, og fekk ikkje ønsket om ein slik ein vekk frå tankane mine. I heile mi puddeleigande stund har eg ønska at der fantes fleirfarga pudlar, og jammen gjer det det også! =) Eg undersøkte og fant fram til ein nydelig kull frå ei som eg tykkte virka seriøs. Og i ettertid viste det seg jammen at det var ho også. 1. juni 2010 tok eg den lange vegen ned til Franfurt for å hente heim Thassie, og det har vorte myyyykje kos og glede etter dette. Eg har aldri hatt kvalp før, og hadde difor ingenting å samanlikne med. Men me var svært heldige, me fekk ho på ei gunstig tid og hadde god tid til å vera ilag med ho.

DSC02147

I ettertid har me støtt på mindre og større fjell, men ilag stig me over. Ho er utrulig lettlært, og tidvis har eg store vanskar med å halde tritt med ho. Det er då eg er ekstra glad for Kari Anne er utdanna klikkerinstruktør og kan hjelpe meg.

----

 

Eg er utrulig glad for dei pudlane eg har, men eg ser også det at desse blir ikkje aleine. Med tida dukkar det nok opp fleire som blir med i gjengen, og då er det jammen godt puddelen ikkje røyter. =)

6 kommentarer:

Gerd Marit sa...

Gratulerer med blogg-jubileum!

Kjekt å lese det første innlegget ditt - om livet før jeg kjente deg - og uten puddel! kult!

Olaug sa...

Tusen takk =)

Ja, tenk det du, uten puddel!!! Det er godt eg kom på betre tankar. ;)

Kari Anne sa...

Ja, tenk at det er fem år sidan allereie!! Tenk på alt som har skjedd dei åra, og kor mykje du har lært... Det fine med problemhundar er at dei lærer ein utruleg mykje! Og eg syns det er veldig veldig kjekt å sjå kor godt Swejsan har det på Tryggvi!

Gratulerer med 5 år, og håper det blir 5 nye :-)

Olaug sa...

Ja, eg må sei meg enige, eg er glad for den erfaringen eg har fått både med Happy og Swejsan, mtp fremmedfrykt og seperasjonsangst. Ein lærer heile tida nye ting som ein tar vidare med til neste hund. Trur min siste hund kjem til å bli heilt perfekt. ;)
Det blir minst 5 år til om ikkje lenger, for eg vil alltid ha hund i hus. Og då er det jo så kjekt med både bilder og eigen-dokumentasjon i forbindelse med trening. =)
Tusen takk for gratulasjon. =)

Carita sa...

Gratulerer med jubileum, for ett koselig sammendrag :) Du e e heldige som har fått deg en sånn herlig Thassie!!

Olaug sa...

Tusen takk, og ja eg syns jo også eg har vore veldig heldig med henna, ikkje minst fordi hu er såpass kosete som hu er. Du kommer til å merke godt kva eg meiner når du passer på hu i ferien.. ;)