I dag skulle me få vera med på første trening med tanke på å delta i Rally-lydighet ein eller aen gong.
Me har jo primært fokusert på miljøtrening og triks og fanteri, men idag var det duka for lineføring.
Dette hadde eg allereie bestemt meg for på førehand, og hadde som kriterie at me skulle komme i gang med dette og ho skulle vera motivert og åpen for godbitar medan me trente blandt hundar og folk.
Eg gjekk litt vekk for å gjera det lettare for ho, og stilte meg ved sida av muren ved parkeringsplassen. Etter litt undersøking kom ho opp ved sida av meg og eg hadde nok band til at ho ikkje gjekk så langt føre meg. Eg sa sitt, og ho kika opp på meg og eg fekk inn eit klikk med påfølgande godbit.
Eg repeterte klikket og gobiten medan ho satt og såg på meg, før eg tok det vidare med å gå fram et steg. Då smalt baken i bakken og ho ga meg stålkontakt og eg fekk belønt for det.. Eg gjekk vidare og prøvde det same igjen, men tilslutt kom me litt for nærme dei andre, og me leika oss litt bakover igjen. Opp same ruta med ho innerst mot muren og eg kunne ta 1 steg, 2 steg og 3 steg med tilhøyrande sitt og kontakt.
Etter ei lita stund med dette, for det er klart eg gløymte tida då dette gjekk såpass bra, så vart ho litt distrè. Om det var fordi eg ikkje auka kriteriene hennar fort nok, eller at det blei nok for henne, veit eg egentlig ikkje, men ser at det kan vera begge deler.
Me hadde totalt 5 slike treningar, men såg fort at siste gongen var ho allerede “lost”. Eg fekk likevel ei fin avslutning på lineføringen, men ser korleis eg skal gjera det neste gong. I staden for å få ei fin avslutning, skal eg auke kriteriet og flytte meg vekk fra muren. Eg skal også ta fleire steg..
Men alt i alt er eg smilande og fornøyd etter kveldens to kalde timar ute, og gler meg allerede til i morgon.
5 minutter trening kvar dag fungerer så utrulig godt for Thassie, og eg ser i samband med triksa eg har lært ho, at det når inn meir enn eg trur. =)
4 kommentarer:
Dette er musikk for mine øyrer!! Skulle ønske nåken hadde filma dåkken mens dåkken trente, for dette hadde eg hatt lyst til å sjå! :-)
Ein god plan for treninga er alltid kjekt å ha, for plutselig går det laaaangt bedre enn forventa, og då veit du kva neste steg skal vera.
Høyr med Carita om ho kan vise deg starten på bakpartskontroll, så er du i allefall ikkje arbeidsledig på treningsfronten DEN veka ;-)
Herlig at du hadde så fin treningskveld, det var skikkelig kjekt å lese! :-)
Hei Olaug;
Kjekt at dere kom på trening og at jeg endelig fikk hilse på det lille sjarmtrollet! Tenker tutta var sliten etter den kvelden med alle de inntrykkene og innsatsen hennes. Regner med vi ser dere igjen på mandager (annenhver ihvertfall)?
Kari Anne: Ja, detta var virkelig kjekt, og eg kjente sjøl eg var god og trøtt då eg kom heim. Utrulig ka litt frisk luft gjer. =)
Eg har nokre filmsnuttar frå klikkerkurset eg har tenkt å dra fram og sjå før eg set i gong, og heldigvis er det friskt i minne koss T.S. gjorde det, men det vil jo visa seg om det er realistisk for oss..
Gerd Marit; Ja, me koste oss skikkelig og hu elskte jo bare deg frå første sekund jo.. =) Ja, eg skal gjer mitt for å møte opp kvar mandag det er trening, men vett at neste mandag (aen kvar treningsmandag) falle på same dag som gubben går nattskift og då må eg desverre stå over. :/ Kanskje dei endre seg, og gjer te at eg kan møte kvar gong, håpar iallefall det, for det var virkelig ein kjekke gjeng å trena med. =) eller for vår del, på sida av. :)
Hadde faktisk tenkt å ta med kamera for bilder og film i går, men fant ut i det jeg var på vei ut døra at batteriet var tomt. Men det kommer jo flere kvelder - og det blir lysere og lysere. Jippi!
Neste treningsmandag etter kalenderen er vel i påskeuka - så ikke sikkert du går "glipp" av en kveld allikevel ;)
Legg inn en kommentar