mandag, juni 28, 2010

innkalling, bur og heimkomst

Idag skulle Kari Anne hjelpe meg med innkallingen til Thassie..
Dette syns eg gjekk over all forventning, og me fant ut at makrell på tube var nåke hu likte veldig veldig godt. Ser ut til at det er større enn leking også. :D
Anyways, me begynte på første steget, og fekk dette til ganske bra til tross for distrahering fra Lea.
Me kom såpass langt at Kari Anne kunne lokke henne til seg, og eg kunne rope navnet hennas når hu nesten hadde klart å springe bort til Kari Anne. Det som skjedde då, var at hu hadde ein heilomvending, og kom tilbake til meg.
Det var veldig godt å få praktisk innføring i dette, for eg skal jammen trene masse på det nå i løpet av desse 4 vekene eg har ferie.

Burtrening: Min tidligare erfaring med hund som hadde både burangst og seperasjonsangst har gjort til at eg allerede har begynt å gjere feil med Thassie. Hu har brukt sine såraste pip for å sleppe å ligge i buret. Igår derimot fekk Kari Anne høyre koss hu kan bli, og fortalte meg med ein gong at eg bare kunne slappe av med den pipinga, og at dette kun var fordi det tilslutt hadde virka.
Me lot hu sitte, og i et stille øyeblikk kunne eg stikke handa inn og få hu til å roe seg inni buret. Dvs, hu fekk ikkje komme ut sjøl om eg kom bort og fekk roa hu.
Dette samt turen ned til sentrum har nok gjort sitt i forhold til ka Thassie gjer for å komme ut nå, for ikveld då eg trengte litt tid med de store tobeinte, la eg hu inn i buret, og det gjekk kanskje bare 2 minutter med piping, så la hu seg til og sovna. Ikkje eingong då eg åpna buret igjen kom hu ut.... :O

Heimkomsten var særdeles interessant å sjå... For slik ei intens leking har eg ikkje sett på det eg kan huske.. Alt hu kom over måtte lekast med, og Tanja fekk skikkelig gjennomgå. Det blei egling, småbiting, springing, rulling på plen, altslags krusedullar i lufta... Ei skikkelig stresstund med andre ord, der hu gjekk gjennom det aller meste for å prøve å takle det.... Men hu klarte det også, uten å få raptus. :D
Så sov hu....

Og lekte igjen....

Og sov.....

Me har fått orden på et par viktige ting i løpet av helga, deriblandt buret og eg har fått plassert pipinga hennar der den høyrer heime, og begynt på ein super innkalling... Møje godt er gjort med andre ord.. =)

3 kommentarer:

Kari Anne sa...

Nå går eg bare og venter på innlegg om kvalpesosialiseringa :-)

Knallbra med burtreninga og innkallingstreninga! Husk bare å leke litt også på den innkallinga, for det er DET som får opp farten, sjølv om reaksjonstida blei bedre med makrell. Du kan f.eks belønne med leika, og belønne slepp av leika med makrell. ;-)

Olaug sa...

Ja, det va jo ein god måte å gjer det på, først leika for å få opp farten, og så makrellen for å få hu til å sleppe leika.. =)

Kari Anne sa...

Jepp, og deretter er det bare å gjer det vanskeligare og vanskeligare i det tempoet hu trenger for å lykkes. Terpe og terpe og hjernevaske henne på at uansett ka hu har lyst til å sjekke ut/springe til, så har du nåke så e uhorvelig møkje bedre ;-)