tirsdag, juni 08, 2010

mating og utetrening

Idag er eg rimelig fornøyd med Rina (nytt navn) sitt forhold til mat.
Tidligare har hu ikkje villa hatt maten sin, men det har vore rimelig interessant med chihuahuafòret frå Royal Canine i påvente av puddelfòret derifrå.
Det første måltidet åt hu bare 1/4 del av, mens 1/2 blei ete opp på måltid nr 2. I ettermiddag gjekk det ned nesten 3/4 deler, og eg kan sei meg fornøyd med den mengden dersom me ikkje klarer å komme opp i større mengde.

Idag har hu vore med meg utenfor og rydda/vaska/støvsugd bilen. Hu klynka litt då hu blei begrensa i kor hu kunne gå og ikkje gå. Eg hadde flexilina heilt ute, hadde lagt ut teppe til ho i tilfelle hu ville legga seg, og var innenfor rekkevidde.
Pga varmen heiv eg jakka, og det var denne hu fant ut var grei å ligge på då hu ville legge seg ned. Eg støvsugde bilen uten at hu brydde seg nevneverdig om den. Gjekk forbi den med logrande hale etter ei lita soveøkt, for å helse litt på meg.
Eg gjekk fram og tilbake, inn med x antall kaffikoppar, kler og diverse andre ting som ikkje høyrer heime i bilen, og hu blei liggande å sove gjennom dette også. =)

Forutenom dette blei hu med til postkassa og såg 5 personar passere på diverse måtar; 2 jenter dreiv å sparka i steinar foran seg, og gjekk relativt løye pga dette, ein liten gutt smaug mot oss, mens et par andre kom gåande heilt vanlig med mp3spelaren høgt på. Me sto og prata med naboen mens de passerte, og hu bare satt og såg på dei.

Ingen kommentarer: