fredag, juni 25, 2010

3 mnd vaksinen og tur til sørlandet

Igår var me og fekk siste vaksinen for et års tid. Dyrlegen var ein stor og høg mann som Thassie syns var ein smule skummel. Då eg opplyste om at hu syns menn er skumle, endra han heilt holdning og hu fekk eit veldig godt møte. Sprøyta gjekk kjempefint, og ellers var alt veldig bra.

Idag har me toke turen ned til sørlandet slik at Kari Anne også endelig fekk møte Thassie.
På veien derte, stoppa me fleirne gonger, og første gongen me stoppa kom der ein eldre herremann med ei lita svart puddeljente på 4 mnd ved navn Trulte. Dei spurte om dei kunne få hilse, så me gjekk bort til dei.
Selvfølgelig blei dei veldig betatt av fargane til Thassie, og ganske øvegidde når eg sa hu også var ein puddel. De
spurte om koss ting hadde gått fram, og eg fortalte kort koss eg hadde fått hu heim.



Etter nesten 4,5 time på veien kom me endelig fram. Thassie elskte Kari Anne fra første øyeblikk, og kunne ikkje få nok av hu.
Tida kom for at Thassie skulle få møte Emil, og dette blei nok i meste laget for Thassie. Emil, som sjølsagt blei stor i forhold til henna, syns hu var meget interessant og kunne nesten ikkje la hu få fred, dvs han sprang etter hu.... Thassie blei pysete, og peip og skreik bare Emil var mindre enn ein meter i fra hu.. Me gjekk ein liten tur i samen, og dei gjekk greit i samen då me fant ut me skulle ta ut Ayla..

Og Ayla var bare heilt fantastisk. Om det er møtene med Odin som gjorde til at det var heilt greit å sjå ein stor svarte ein, eller om det var lydane Ayla kom med, vil eg la ligga i lufta... Ayla ignorerte Thassie heilt, og dette syns Thassie var kjempegreit. Hu gjekk som skygge etter Ayla, og syns det var kanonkjekt å springe etter bandet som hang etter halsbåndet til Ayla. Thassie falt altså veldig for Ayla, og desse to gjekk veldig godt samen resten av dagen, som ein kan sjå på bildet under.

Emil blei litt for kvalp for hu, og eg ser at dette er nåke me må får meir til, å helse på andre kvalpar, for me har jo primært holdt oss til fornuftige voksne gode hundar...Det heile gjekk seg til seinare på kvelden, og de kunne ligge rett ved siden av kvarandre og sove...

1 kommentar:

Kari Anne sa...

Det har gått over all forventning å ha dåkken på besøk, og eg er rett og slett rørt av kor rolige og behagelige Ayla har vore! Det var skikkelig kjekt å erfare og oppleve! Og du kan tru eg er stolt av henne! :-)

Og så så deilige Thassie er! Sukk... ikkje rart du har forelska i henne!! Og eg er kjempespent på koss hu blir når hu blir voksen! :-)