fredag, januar 07, 2011

Miljøtrening i byen

Idag tok eg og Thassie turen inn til Stavanger sentrum for å ha litt miljøtrening der. Sjøl syns eg Stavanger sentrum er fælt kaotisk, men sjøl eg blei beroliga av hennar oppførsel der idag.

Me blei møtt av ein ganske så berusa mann som kom mot oss og prata til oss. Thassie var likegyldig til han, og eg avfeide han høflig og gjekk vidare. Me hadde parkert på hurtigbåt-terminalen og tenkte først å gå langs kaien for å ta det litt pø om pø.

Der var mange lukter for henne å utforske, og hu måtte innom kvar einaste stolpe, murstøtte og liknande på veien for å lese luktene.

07012011819

Eg fulgte godt med på språket hennar, og for det meste gjekk hu med halen opp og logra ganske masse. Når hu utforska alle stolpane gjekk halen ned og hang følelseslaust bak. Den var aldri i nærheten av å komme mellom beina, og dette var eg veldig fornøyd med.

0701201182107012011822

Nokre gonger stoppa me bare opp for å sjå på folka som gjekk forbi, og det er like snodig å sjå den dag idag kor masse hu lograr når hu trur folk kjem mot henne. Det hu derimot var ganske god med idag, var at hu ikkje prøvde å hoppe opp på folk meir enn 3 gonger. Alle gongene stoppa eg bare flexi-lina slik at hu ikkje nådde bort til dei. Det var nemlig ein mann i dress hu var fryktelig fryktelig nærme, men eg klarte heldigvis å la var refleksen med å rykke hu vekk i bandet.

Eg prøvde ganske masse forskjellige lydar idag, eg slo litt i søppeldunkar, store jerngrinder, skyvedører som me gjekk forbi og ikkje minst møtande byhundar og bilar.

Bilane ensar hu ikkje, hundane bare dreg hu mot, men bjeffer ikkje. =) Igjen svært fornøyd hunde-eigar. =)

 

Plutselig dukkar ei av fleire statuer opp, og hu bjeffer to gonger på denne eg har avbilda. Den første sto ikkje så høgt oppe, og hu nærma seg fint, men forsiktig. Såg tydelig at hu syns denne statuen var skummel. Me hadde god tid, og eg brukte tida både her og ved den første til hu ikkje brydde seg lenger.

07012011823

Før me var tilbake igjen på hurtigbåt-terminalen gjekk me innom parkeringshuset på Jorenholmen, og ut gjennom trappehuset. Trappehuset var litt ekkelt, ga litt rar lyd fra skoa og då me gjekk der inne, så me tok oss et par gonger opp og ned trappene også til hu ikkje lenger syns det va ekkelt.

På vei tilbake til terminalen drog eg fram nokre leiker, men hu tok ikkje tak i nokon av desse. Hu hoppa og småsprang litt etter dei, men that was it. Dette skal me fortsette  med og jobbe hardt på å få et bedre resultat.

07012011824 Nede på hurtigbåt-terminalen står ei rar og ekkel trapp. Me gjekk opp og ned denne 5 gonger for at hu tilslutt bare fulgte med uten å tenke for masse. Mellomrommet i trappetrinna var ekle, og større enn hu nåken gong har vore borti tidligare, men tøffe pysa mi gjekk ned desse også. Første gong vegra hu seg lenge, men smaug seg tilslutt ned. Andre gongen gjekk det litt fortare, mens 3., 4. og 5. gong gjekk hu bare bedre for kvar gong. Rimelig fornøyd med siste gong, fekk eg hu til å sitte foran sånn at me kunne få avbilda trappa også. Skjønt var der masse folk på kai-terminalen og det var meir interessant å kikke på dei enn på meg.

Inne på sjølve terminalen var der mange som hadde trillande koffertar med seg, og dette gjekk rimelig greit om dei ikkje var for nærme. Me satte oss ned for å roe hu litt, hu fekk komme opp på fanget, og la seg rimelig med ein gong til å sove litt. Det var uhorvelig masse folk inne på terminalen, men hu fekk likevel til å roe seg såpass at hu sovna der. Då båtane kom, bråkte dei litt masse, så me trakk oss litt vekk slik at det ikkje skulle bli for masse for hu. DDet såg ut til å fungere kjempegodt, og me avslutta raskt etter dette.

Då me kom heim venta ein deilig porsjon med V&H, og Thassie sovna raskt etter dette.. Sleten og god etter mange inntrykk.. Vil tolke det slik iallefall..

4 kommentarer:

Kari Anne sa...

Skal sei du har vore flink i dag! Og Thassie også! :-)

Og det er heilt vanlig og normal å reagere på statuer. Åpne trapper er jo et mareritt for mange hundar, men Thassie klarte brasene flott, ho!

Veldig veldig bra!!

Olaug sa...

Ja, eg e såå glad for at pusha meg til å huske på at eg må gjere slikt også. For det var i grunnen gansk kjekt. Og dette kan me gjenta på søndag igjen. =)

Alltid like kjekt med kommentar frå deg, du oppmuntre så godt. =)

Kari Anne sa...

Det er ikkje akkurat vanskelig å oppmuntre dåkken som er så utrulig flinke! Tenk, du er i ferd med å få ein heilt normale veltilpassa hund, i motsetning til visse andre... *wink wink*

Det er deilig lesning, Olaug :-)

Olaug sa...

Vel, om hu blir så normal og veltilpassa vil jo vise seg med tidå, men eg prøver.. sånn innimellom iallefall.

Men det var virkelig kjekt å gå i byen idag, te tross for at hu er ei virremus uten like i band endå, og så blei eg så fornøyd når den eine tingen etter den andre dukka opp slik at me fekk erfaring med det også.

Litt teit følte eg meg, bare så det er sagt, der eg gjekk å prata og skrøyt av hu, men det gjekk fort i gløymebokå etter me hadde avslutta alt..