torsdag, januar 13, 2011

Innkallingstrening

I dag hadde me avtalt med Carita m/ Oliver (ein fryktelig sjarmerande og kul guttebasse) å trene på litt innkalling ilag.
Me nytta høve til å trene på framand hund, eller, Carita og Oliver trente på det, mens me gjekk rundt omkring dei som distraherande framande. Oliver hadde knallkontakt, og me kunne komme ganske nærme i leik før det blei litt vanskelig for han.

Etterpå gjekk me på fotballbanen der me slapp dei laus. Jevnstore (nesten iallefall) og bortimot like tunge gjekk leiken ganske hardt føre seg, både med at den eine og den andre ga beskjed om kva tid det var nok. Dette brydde dei lite, og Thassie hadde ei herlig leikeøkt med Oliver.

Me såg fort at det ville bli vanskelig med begge hundane laus, så me putta Thassie i buret eg hadde toke med. Oliver var ein kjapp gutt, og reagerte som ein drøm då me tok til. Me kartla fort ka for et trinn me skulle fokusere på, og hadde et par kanoninnkallingar på han. I løpet av økta var det 3 gonger han ikkje reagerte, og me avslutta med ein god innkalling, for å bytta hund.

Då det var Thassie sin tur, såg eg fort at forrige treningsøkt hadde god effekt. Carita sto med ein pose, for Thassie så er det særs spennande med posar då dette som oftast betyr godsaker, og hu fekk hu fort bort til seg. Eg ropte, og hu heiv seg rundt for å spurte tilbake til meg. Dette gjentok me nokre gonger, før me bytta leike som hu kunne ha. Eg fann fram ei pipeleke, men dette blei veldig vanskelig for Thassie. Me fekk avslutta med ei veldig god innkalling, og eg ser i etterkant at eg skal jobbe med å leike med Thassie ute på tur, samt jobbe for å finne ei kanondigg leike.

Me tok ut Oliver etterpå, og opplevde same tingen med han, ikkje interessert i å komme på innkalling visse gonger, og me konkluderte med at eg var altfor kjekk/hadde altfor gode lukter(godbitar). Carita fekk ein neve med godbitar av meg, og då fekk eg det virkelig vanskelig å lokke Oliver til meg. Eg prøvde alt eg kunne, og det var såvidt han gadd sjå på meg. Eg fekk han endelig til meg, ved hjelp av ei pipeleike, men det var møøje kjekkare då Carita ropte på han. Gongen me avslutta med, var heilt perfekt. Eg hadde ei pipeleike, denne hang han faktisk i idet hu ropte, men han slapp og spurta tilbake til hu og fekk herlige godbitar.

Me skulle prøve med Thassie igjen, men såg fort at hu ikkje hadde iveren til det, og var rimelig umotivert. Fekk avslutta med ein knallbra innkalling på henne også til tross for lite motivasjon.
Me slapp dei laus etterpå, så dei fekk springe og leike, og det blei heftig leik som me prøvde å roe ned med eit godbitsøk. Det var bare sånn nåkenlunde interessant for begge to, og dei mista fort interessen for det.

Me pakka samen sakene og begynte å rusle mot bilen. ved bilen blei eg klar over at eg hadde mista nøklane på den store fotballbanen, og eg måtte tilbake for å leite. Carita hjalp også til, og utrulig nok så fann me dei etter 4-5 minutters leiting. Thassie såg dei på same tid som Carita, og eg slapp å gå heim likevel. =)

Vèl heime hadde eg ein tørst men utrulig sliten puddel som bare sov resten av kvelden.

Sjøl var eg heilt pumpa, og låg på sofaen og duppa 21.30… Forbauset smilefjes og veldig fornøyd etter treningsøkt og leikeøkt for Thassie med jamnstore hund. =)

2 kommentarer:

Kari Anne sa...

Dåkken er kjempeflinke som var ute og trente så lenge midt på kaldaste vinteren! :-)

Bra trening ser det ut til å ha vore også! Gudd gudd!!

Neste gong eg kjem oppover, må me få til å trene i lag, alle tre :-)

Olaug sa...

Jaaaa, det hadde vore så utrulig kjekt om me alle kunne trent ilag. Håper ikkje det blir altfor lenge til.. =)