lørdag, januar 15, 2011

Tid for klipp og ny miljøtrening i Stavanger-by

Jaja, eg har lovt meg sjøl eg skal prøve heile 15 gonger før eg gir opp det å klippe Thassie i fasong.

Eg fekk eit bilde påteikna koss eg skulle klippe med forklaring, men kjenner meg særs usikker mtp klippingen.

Her er både før og etter bilde.. Men enda er hu ikkje ferdig. Det eg ikkje får til, skal fiksast på under seriøst tilsyn av proff.. Men eg hadde så lyst å prøve likevel.

IMG_6062IMG_6092

 

I ettermiddag var me igjen inni Stavanger-by for litt miljøtrening. Først var me innom et kontor med ei ekkel lang trapp i. Denne fiksa hu heilt fint.

Gatene er kjekke å snusa etter lukter fra dei andre hundane som har vore der tidligare å lagt igjen sitt merke. Hu storkose seg skikkelig i gatene i Stavanger. Og det må eg ærlig innrømma eg også gjer når eg ser på hu nydeliga jentå mi.

Etterpå kjørte eg til hurtigbåtterminalen og parkerte der. Derifra gjekk med langs kaien og møtte både storpuddel og rottweiler. Eigar av førstnevte blei heilt betatt av hennas to fargar, og eg ska ærlig innrømma at idag var hu også flotte.

Langs kaien er det litt skummelt å komme for nærme kanten til sjøen, men eg satte meg ned slik at hu kunne komme bort til meg og endte opp med at hu syns det va heilt greit å sitte der. Rett over gata tok eg fram leika hennar og fekk respons i at hu sprang etter den og delvis tok den i munnen. Hu ville ikkje ha drakamp meg her, så eg avslutta etter ei lita økt og pakka den ned igjen.

Vidare tok me turen inn i gågatene, der både skyvedører swosja opp og igjen. Tidvis såg det ut for meg at hu ville inn i butikkane, søta, men det kunne me jo ikkje.

SDC10878

Kvar einaste stolpe og søppelbøtte skulle undersøkast for lukter, og hu ensa knapt nok folk som gjekk forbi. Hu prøvde ikkje å hoppe opp på nokon denne turen her.

 SDC10876SDC10877

Midt på plassen på vei tilbake til kaien såg hu nokre små stuer av nokre sauer som plutselig blei litt skumle, men ikkje verre enn at hu gjekk bort for å undersøke og komme over denne plutselige frykten sin.

SDC10879SDC10880

Då me kom tilbake tilbake til hurtigbåtterminalen tok me 3 gonger på den ekle trappa som hu reagerte på sistgong, og denne gongen sleit hu litt med å komme igang første gongen me gjekk den. Etterpå fulgte hu med som ein drøm. Så fekk hu seg ein god pause i buret i bilen. Det såg ut for meg at hu syns dette var heilt greit, då hu skulle til å hoppe inn i bilen då eg åpna døra.

Etter pausen gjekk me inn på terminalen og kjøpte bilettar til søndagen. Der kom det forbi ei dame som bare måtte helse på Thassie. Sjøl hadde denne dama ein storpuddel av sorten Harlekin (svart/kvit). Etterpå gjekk eg og satte meg, og me blei tilnærma av fleire stykker. Først ei lita jente som var kjempeflink og satte seg ned på rompa for å helse. Dette syns Thassie var heilt topp, og viste seg frå si beste side ved å ikkje hoppe. Faren til jenta satt også der på huk og klødde Thassie så fint under haka. Eit vellukka møte med framande.

Etterpå kom ein eigar av ein Bichon frisè og ville helse. Han var også veldig begeistra for fargane hennar, og spurte etter både navn og opphav til Thassie.

Hu fekk også møte ein gamal BC-blanding på 9 år før me skulle gå derifra.

Kvelden blei prega av ei trøtt og fornøgd puddeljente, samt ein svært nøgd eigar. =)

På tampen eit lite nærbilde av hu.

IMG_6082

2 kommentarer:

Kari Anne sa...

Så flinke du er, og Thassie!! Veldig lurt å rusle sånne turar med jevne mellomrom!

For ein fantastisk hund ho kjem til å bli når ho blir heilt vaksen når ho er så flink nå! :-)

Olaug sa...

Ja, eg håper jo at dette skal vera med på å bidra at hu blir ein trygg og god vaksenhund som eg kan ha med meg overalt. For det er det eg ønsker. Å kunne ende opp med ei som eg også velger å ta med meg pga hu er så flink som hu er, at det blir et enklare valg enn å la hu vera heime liksom.

Men eg er veldig heldig, for eg har så kjær ei søster som gir meg slike gode idear som dette, og som pusher meg litt, og det er jo bare med til å bidra til det endelige herliga resultatet. =)