mandag, januar 17, 2011

innlæring av trikset “rulle rundt” og “å vera heime uten meg men med folk i huset”

Idag lot eg Thassie vera heime då eg skulle kjøre inn til byen. Hu hadde grene idag også, men idag gjekk det mykje fortare over. Det hjalp ingenting å gjer forskjellige ting, men då hu kikka ut vinduet og fekk bjeffa litt på naboen som var ute og gjekk, så var det heile plutselig over. Poff, borte fra tankane hennas.

 

I femtida kom Line innom for å hente eit band, og eg blei veldig imponert over Thassie då. Først var det litt vanskelig å huske på at hu skulle sitte rolig for å hilse og få kos, men heldigvis er Line veldig flink til å følge med på Thassie når hu gjer det rett og gir hu uttelling for korrekt oppførsel. Det gjekk ikkje lange stunda etter hu var ferdighilst, før hu fant seg ein plass og la seg skikkelig godt til rett for å kvile.. Hu roa seg utrulig fort, og dette er eg kjempefornøyd med. =)

Anders skulle prøve å lære Thassie rull rundt i ettermiddag, og dette ga meg ideen om at eg også måtte prøve det. Først prøvde eg å la hu følge handa mi slik at hu rulla rundt, og dette gjekk forsåvidt veldig greit. I og med at eg finner det vanskelig å klare å fjerne denne form for håndvisning, ville eg prøve uten og tydde til Kari Anne for råd og hjelp. Hu spurte kva Thassie tilbydde frivillig, som var frivillig dekk, og avslappa ligg over på ei side, og sa eg kunne derifra vente til hu snudde hovudet i rette retningen og gi klikk og godbit for dette i den retningen eg ville hu skulle rulle rundt. Essensielt i denne innlæringa var virkelig kor eg ga hu godbitane!

Eg ville prøve og trengte ikkje vente lenge før hu hadde lagt seg i slik avslappa ligg og snudde hovudet mot sida hu skulle og eg klikka og ga godbit. Etterpå venta eg leeenge, men heldigvis ga hu meg grunn for klikk og godbit, og då gjekk det relativt radig og hu endte opp i “ligg død” stilling. Derifra løfta hu hovudet over ryggen sin (muligens bare for å kikke), men eg fekk gi godbit og vips var hu over og fekk jackpot. =)
Heile seansen gjentok me ein gong til og så ga me oss. Thassie var trøtt etter alle desse 5-minutterane med trening idag.

 

Glede meg til i morgen. Då vil eg prøve å filme seansen med rulle rundt.. Usikkert om eg legger det ut endå..

3 kommentarer:

Kari Anne sa...

Husk at ting må ikkje vær perfekt før du legger det ut.. Det er kjekt å sjå uansett :-)

Eg legge jo ikkje bare ut perfekte økter, og det er slikt ein lærer av.

Og så syns eg du e såååå flink for tida til å trene og prøve på ting!! :-)

Kari Anne sa...

Og så tenkte eg på dette med at ho griner når du går.. Eg trur det hadde hjelpt om Anders kanskje hadde funne på meir i lag med henne, sånn at ho kjenner meir og meir lik tilknytning til dåkken begge to.

Olaug sa...

Ja, eg skal la han slippe til. Det er ikkje akkurat det enklaste for meg det da, så der har EG nåke å jobbe med..

Men ja, eg skal legge det ut. Nå har me hatt oss ein tur på strandå, så eg får vente til ikveld å prøve å få filme det då.. =)