søndag, januar 23, 2011

Rull rundt av eigen fri vilje

Idag kom endelig dagen der heile “rull rundt” trikset skulle synke inn. Me har faktisk ikkje trent på dette sidan forrige videoinnslag, men hadde nokre gonger (ca 8 stk) med omvendt lokking, og videoresultatet ikveld er hennar 3. rull rundt uten nokon form for kommando, håndbevegelse eller liknande.

Rull rundt

 

Farten hennar skal me jobbe med, men enn så lenge er eg VELDIG fornøyd med dette resultatet.

Gode puddeljentå mi!

torsdag, januar 20, 2011

Rull rundt

Me hadde altså ein møje bedre rull rundt enn dette som visest på filmen.
Så viser det ser visstnok at å dobbeltsjekk at batteriene er gode nok på kamera er ein veldig lur ting. Ellers kan både irritasjon, frustrasjon og oppgitthet gi seg uttrykk i ein nesten ødelagt rull rundt.. Og, dette med å filme visse treningssituasjonar må trenast på. Eg trenger nemligen trening i dette..

Rull rundt i startfasen

mandag, januar 17, 2011

innlæring av trikset “rulle rundt” og “å vera heime uten meg men med folk i huset”

Idag lot eg Thassie vera heime då eg skulle kjøre inn til byen. Hu hadde grene idag også, men idag gjekk det mykje fortare over. Det hjalp ingenting å gjer forskjellige ting, men då hu kikka ut vinduet og fekk bjeffa litt på naboen som var ute og gjekk, så var det heile plutselig over. Poff, borte fra tankane hennas.

 

I femtida kom Line innom for å hente eit band, og eg blei veldig imponert over Thassie då. Først var det litt vanskelig å huske på at hu skulle sitte rolig for å hilse og få kos, men heldigvis er Line veldig flink til å følge med på Thassie når hu gjer det rett og gir hu uttelling for korrekt oppførsel. Det gjekk ikkje lange stunda etter hu var ferdighilst, før hu fant seg ein plass og la seg skikkelig godt til rett for å kvile.. Hu roa seg utrulig fort, og dette er eg kjempefornøyd med. =)

Anders skulle prøve å lære Thassie rull rundt i ettermiddag, og dette ga meg ideen om at eg også måtte prøve det. Først prøvde eg å la hu følge handa mi slik at hu rulla rundt, og dette gjekk forsåvidt veldig greit. I og med at eg finner det vanskelig å klare å fjerne denne form for håndvisning, ville eg prøve uten og tydde til Kari Anne for råd og hjelp. Hu spurte kva Thassie tilbydde frivillig, som var frivillig dekk, og avslappa ligg over på ei side, og sa eg kunne derifra vente til hu snudde hovudet i rette retningen og gi klikk og godbit for dette i den retningen eg ville hu skulle rulle rundt. Essensielt i denne innlæringa var virkelig kor eg ga hu godbitane!

Eg ville prøve og trengte ikkje vente lenge før hu hadde lagt seg i slik avslappa ligg og snudde hovudet mot sida hu skulle og eg klikka og ga godbit. Etterpå venta eg leeenge, men heldigvis ga hu meg grunn for klikk og godbit, og då gjekk det relativt radig og hu endte opp i “ligg død” stilling. Derifra løfta hu hovudet over ryggen sin (muligens bare for å kikke), men eg fekk gi godbit og vips var hu over og fekk jackpot. =)
Heile seansen gjentok me ein gong til og så ga me oss. Thassie var trøtt etter alle desse 5-minutterane med trening idag.

 

Glede meg til i morgen. Då vil eg prøve å filme seansen med rulle rundt.. Usikkert om eg legger det ut endå..

søndag, januar 16, 2011

Frivillig “sette seg ned i utgangsposisjon” og fri ved fot

Egentlig hadde eg tenkt å prøve å få Thassie til å tilby rygging idag, frivillig. MMen så kom egentlig alt anna enn det eg ønskte. Sitt, dekk, stå, gjennom beina og tilbake 4 gonger, sitt mellom beina, springe rundt meg siden hu ikkje kunne gå gjennom beina mine.. Så fant eg ut me skulle prøve fri ved fot siden hu var så skikkelig gira på å trene ikveld.

Eg gjekk, og ho gjekk i nydelig kontakt ved siden av meg og fekk godbitar med jamne mellomrom. Av ein eller anna grunn stoppa eg bare opp, og det var klaskesitt ved første forsøk! Eg klikka og ho fekk ein kjempebelønning for dette.

Me gjentok dette, men sidan me ikkje har trent noko på sitt ved siden av meg, så hadde hu ein tendens til å sitte svært skeivt. Heldigvis enda me opp med ein kjempefin sitt ved sida av meg, og eg gler meg til me skal fortsette å trene på dette.

 

Dette gjentok me ein 5-minutters periode seinare på kvelden også, med større prosentdel av rektige sittar. Glede meg te å ta denne med meg utenfor og trene vidare der både med og uten forstyrrelsar. =)

lørdag, januar 15, 2011

Mitt første problem med Thassie

Eigentleg har dette dukka opp tidligare, men har i den grad ikkje vist seg så tydelig som idag.

 

Å vera heime aleine for Thassie er ingen problem, korkje når hu er uten Tanja i same rom eller når desse er ilag i indre gongen.

Men at eg reiser ut aleine, uten Thassie, det går ikkje bra. Til tross for at det er mange folk i huset, så står hu og griner etter meg.

Eg må jammen ta meg i samen og få noko gjort, for slik kan eg ikkje ha det.

Det hjalp heller ikkje at mannen min tok henne opp på fanget og koste med hu, eller prøvde å leike med hu..

Så eg må gjera nåke drastisk.
Mitt umiddelbare løysningstiltak er å gå ut med Tanja på ein liten tur kvar einaste kveld, utan Thassie, slik at hu blir vane med å sjå at eg går utan henne når det er folk heime.

Dersom andre har gode råd til dette tar eg gjerne imot tips å prøve ut.

Tid for klipp og ny miljøtrening i Stavanger-by

Jaja, eg har lovt meg sjøl eg skal prøve heile 15 gonger før eg gir opp det å klippe Thassie i fasong.

Eg fekk eit bilde påteikna koss eg skulle klippe med forklaring, men kjenner meg særs usikker mtp klippingen.

Her er både før og etter bilde.. Men enda er hu ikkje ferdig. Det eg ikkje får til, skal fiksast på under seriøst tilsyn av proff.. Men eg hadde så lyst å prøve likevel.

IMG_6062IMG_6092

 

I ettermiddag var me igjen inni Stavanger-by for litt miljøtrening. Først var me innom et kontor med ei ekkel lang trapp i. Denne fiksa hu heilt fint.

Gatene er kjekke å snusa etter lukter fra dei andre hundane som har vore der tidligare å lagt igjen sitt merke. Hu storkose seg skikkelig i gatene i Stavanger. Og det må eg ærlig innrømma eg også gjer når eg ser på hu nydeliga jentå mi.

Etterpå kjørte eg til hurtigbåtterminalen og parkerte der. Derifra gjekk med langs kaien og møtte både storpuddel og rottweiler. Eigar av førstnevte blei heilt betatt av hennas to fargar, og eg ska ærlig innrømma at idag var hu også flotte.

Langs kaien er det litt skummelt å komme for nærme kanten til sjøen, men eg satte meg ned slik at hu kunne komme bort til meg og endte opp med at hu syns det va heilt greit å sitte der. Rett over gata tok eg fram leika hennar og fekk respons i at hu sprang etter den og delvis tok den i munnen. Hu ville ikkje ha drakamp meg her, så eg avslutta etter ei lita økt og pakka den ned igjen.

Vidare tok me turen inn i gågatene, der både skyvedører swosja opp og igjen. Tidvis såg det ut for meg at hu ville inn i butikkane, søta, men det kunne me jo ikkje.

SDC10878

Kvar einaste stolpe og søppelbøtte skulle undersøkast for lukter, og hu ensa knapt nok folk som gjekk forbi. Hu prøvde ikkje å hoppe opp på nokon denne turen her.

 SDC10876SDC10877

Midt på plassen på vei tilbake til kaien såg hu nokre små stuer av nokre sauer som plutselig blei litt skumle, men ikkje verre enn at hu gjekk bort for å undersøke og komme over denne plutselige frykten sin.

SDC10879SDC10880

Då me kom tilbake tilbake til hurtigbåtterminalen tok me 3 gonger på den ekle trappa som hu reagerte på sistgong, og denne gongen sleit hu litt med å komme igang første gongen me gjekk den. Etterpå fulgte hu med som ein drøm. Så fekk hu seg ein god pause i buret i bilen. Det såg ut for meg at hu syns dette var heilt greit, då hu skulle til å hoppe inn i bilen då eg åpna døra.

Etter pausen gjekk me inn på terminalen og kjøpte bilettar til søndagen. Der kom det forbi ei dame som bare måtte helse på Thassie. Sjøl hadde denne dama ein storpuddel av sorten Harlekin (svart/kvit). Etterpå gjekk eg og satte meg, og me blei tilnærma av fleire stykker. Først ei lita jente som var kjempeflink og satte seg ned på rompa for å helse. Dette syns Thassie var heilt topp, og viste seg frå si beste side ved å ikkje hoppe. Faren til jenta satt også der på huk og klødde Thassie så fint under haka. Eit vellukka møte med framande.

Etterpå kom ein eigar av ein Bichon frisè og ville helse. Han var også veldig begeistra for fargane hennar, og spurte etter både navn og opphav til Thassie.

Hu fekk også møte ein gamal BC-blanding på 9 år før me skulle gå derifra.

Kvelden blei prega av ei trøtt og fornøgd puddeljente, samt ein svært nøgd eigar. =)

På tampen eit lite nærbilde av hu.

IMG_6082

torsdag, januar 13, 2011

Innkallingstrening

I dag hadde me avtalt med Carita m/ Oliver (ein fryktelig sjarmerande og kul guttebasse) å trene på litt innkalling ilag.
Me nytta høve til å trene på framand hund, eller, Carita og Oliver trente på det, mens me gjekk rundt omkring dei som distraherande framande. Oliver hadde knallkontakt, og me kunne komme ganske nærme i leik før det blei litt vanskelig for han.

Etterpå gjekk me på fotballbanen der me slapp dei laus. Jevnstore (nesten iallefall) og bortimot like tunge gjekk leiken ganske hardt føre seg, både med at den eine og den andre ga beskjed om kva tid det var nok. Dette brydde dei lite, og Thassie hadde ei herlig leikeøkt med Oliver.

Me såg fort at det ville bli vanskelig med begge hundane laus, så me putta Thassie i buret eg hadde toke med. Oliver var ein kjapp gutt, og reagerte som ein drøm då me tok til. Me kartla fort ka for et trinn me skulle fokusere på, og hadde et par kanoninnkallingar på han. I løpet av økta var det 3 gonger han ikkje reagerte, og me avslutta med ein god innkalling, for å bytta hund.

Då det var Thassie sin tur, såg eg fort at forrige treningsøkt hadde god effekt. Carita sto med ein pose, for Thassie så er det særs spennande med posar då dette som oftast betyr godsaker, og hu fekk hu fort bort til seg. Eg ropte, og hu heiv seg rundt for å spurte tilbake til meg. Dette gjentok me nokre gonger, før me bytta leike som hu kunne ha. Eg fann fram ei pipeleke, men dette blei veldig vanskelig for Thassie. Me fekk avslutta med ei veldig god innkalling, og eg ser i etterkant at eg skal jobbe med å leike med Thassie ute på tur, samt jobbe for å finne ei kanondigg leike.

Me tok ut Oliver etterpå, og opplevde same tingen med han, ikkje interessert i å komme på innkalling visse gonger, og me konkluderte med at eg var altfor kjekk/hadde altfor gode lukter(godbitar). Carita fekk ein neve med godbitar av meg, og då fekk eg det virkelig vanskelig å lokke Oliver til meg. Eg prøvde alt eg kunne, og det var såvidt han gadd sjå på meg. Eg fekk han endelig til meg, ved hjelp av ei pipeleike, men det var møøje kjekkare då Carita ropte på han. Gongen me avslutta med, var heilt perfekt. Eg hadde ei pipeleike, denne hang han faktisk i idet hu ropte, men han slapp og spurta tilbake til hu og fekk herlige godbitar.

Me skulle prøve med Thassie igjen, men såg fort at hu ikkje hadde iveren til det, og var rimelig umotivert. Fekk avslutta med ein knallbra innkalling på henne også til tross for lite motivasjon.
Me slapp dei laus etterpå, så dei fekk springe og leike, og det blei heftig leik som me prøvde å roe ned med eit godbitsøk. Det var bare sånn nåkenlunde interessant for begge to, og dei mista fort interessen for det.

Me pakka samen sakene og begynte å rusle mot bilen. ved bilen blei eg klar over at eg hadde mista nøklane på den store fotballbanen, og eg måtte tilbake for å leite. Carita hjalp også til, og utrulig nok så fann me dei etter 4-5 minutters leiting. Thassie såg dei på same tid som Carita, og eg slapp å gå heim likevel. =)

Vèl heime hadde eg ein tørst men utrulig sliten puddel som bare sov resten av kvelden.

Sjøl var eg heilt pumpa, og låg på sofaen og duppa 21.30… Forbauset smilefjes og veldig fornøyd etter treningsøkt og leikeøkt for Thassie med jamnstore hund. =)

mandag, januar 10, 2011

Påbegynt innlæring av slalom mellom beina og påmeldt klikkerkurs

I går kveld tok eg fram både klikker og godbitar. Sidan me lenge bare har brukt “bra”, responderte Thassie kjempegodt på klikkeren igjen. Eg viste hu med håndteikn kva eg ville hu skulle gjera. Og det var bare å gå gjennom beina mine mens eg sto rett opp og ned med beina fra kvarnadre. Dette gjorde eg 4 gonger, og så tok hu det faktisk sjøl etterpå. Me trente på dette bare 5 minutter, og tok ein repetisjon etterpå ein aen plass i huset.

Idag gjekk me vidare på slalomtreningen med at eg stilte meg rett vei med det eine beinet foran det andre, og dette tok hu med ein gong idag. Me hadde 6 slike repetesjonar, så neste gong skal eg legge på kommando sånn at eg ikkje ender opp med ein hund som prøver å stikke mellom beina kvar gong eg set det fram. =)

 

Ellers så har eg meldt meg på klikkerkurs, men kun som observatør siden det var fullt med hund, og dette ser eg virkelig fram til skal begynne. =) Den første helga er 29. og 30. januar, allerede, og skal ta føre seg “belønningsutvikling for fart, driv og motivasjon og shaping få fram nye atferder”. Neste samling går på stimuluskontroll, og denne helga er nesten i orden denne også. Må bare fikse barnevakt til lørdagen.

http://www.malminshundekurs.net/24736783
Her står det litt meir..

Eg glede meg!

fredag, januar 07, 2011

Miljøtrening i byen

Idag tok eg og Thassie turen inn til Stavanger sentrum for å ha litt miljøtrening der. Sjøl syns eg Stavanger sentrum er fælt kaotisk, men sjøl eg blei beroliga av hennar oppførsel der idag.

Me blei møtt av ein ganske så berusa mann som kom mot oss og prata til oss. Thassie var likegyldig til han, og eg avfeide han høflig og gjekk vidare. Me hadde parkert på hurtigbåt-terminalen og tenkte først å gå langs kaien for å ta det litt pø om pø.

Der var mange lukter for henne å utforske, og hu måtte innom kvar einaste stolpe, murstøtte og liknande på veien for å lese luktene.

07012011819

Eg fulgte godt med på språket hennar, og for det meste gjekk hu med halen opp og logra ganske masse. Når hu utforska alle stolpane gjekk halen ned og hang følelseslaust bak. Den var aldri i nærheten av å komme mellom beina, og dette var eg veldig fornøyd med.

0701201182107012011822

Nokre gonger stoppa me bare opp for å sjå på folka som gjekk forbi, og det er like snodig å sjå den dag idag kor masse hu lograr når hu trur folk kjem mot henne. Det hu derimot var ganske god med idag, var at hu ikkje prøvde å hoppe opp på folk meir enn 3 gonger. Alle gongene stoppa eg bare flexi-lina slik at hu ikkje nådde bort til dei. Det var nemlig ein mann i dress hu var fryktelig fryktelig nærme, men eg klarte heldigvis å la var refleksen med å rykke hu vekk i bandet.

Eg prøvde ganske masse forskjellige lydar idag, eg slo litt i søppeldunkar, store jerngrinder, skyvedører som me gjekk forbi og ikkje minst møtande byhundar og bilar.

Bilane ensar hu ikkje, hundane bare dreg hu mot, men bjeffer ikkje. =) Igjen svært fornøyd hunde-eigar. =)

 

Plutselig dukkar ei av fleire statuer opp, og hu bjeffer to gonger på denne eg har avbilda. Den første sto ikkje så høgt oppe, og hu nærma seg fint, men forsiktig. Såg tydelig at hu syns denne statuen var skummel. Me hadde god tid, og eg brukte tida både her og ved den første til hu ikkje brydde seg lenger.

07012011823

Før me var tilbake igjen på hurtigbåt-terminalen gjekk me innom parkeringshuset på Jorenholmen, og ut gjennom trappehuset. Trappehuset var litt ekkelt, ga litt rar lyd fra skoa og då me gjekk der inne, så me tok oss et par gonger opp og ned trappene også til hu ikkje lenger syns det va ekkelt.

På vei tilbake til terminalen drog eg fram nokre leiker, men hu tok ikkje tak i nokon av desse. Hu hoppa og småsprang litt etter dei, men that was it. Dette skal me fortsette  med og jobbe hardt på å få et bedre resultat.

07012011824 Nede på hurtigbåt-terminalen står ei rar og ekkel trapp. Me gjekk opp og ned denne 5 gonger for at hu tilslutt bare fulgte med uten å tenke for masse. Mellomrommet i trappetrinna var ekle, og større enn hu nåken gong har vore borti tidligare, men tøffe pysa mi gjekk ned desse også. Første gong vegra hu seg lenge, men smaug seg tilslutt ned. Andre gongen gjekk det litt fortare, mens 3., 4. og 5. gong gjekk hu bare bedre for kvar gong. Rimelig fornøyd med siste gong, fekk eg hu til å sitte foran sånn at me kunne få avbilda trappa også. Skjønt var der masse folk på kai-terminalen og det var meir interessant å kikke på dei enn på meg.

Inne på sjølve terminalen var der mange som hadde trillande koffertar med seg, og dette gjekk rimelig greit om dei ikkje var for nærme. Me satte oss ned for å roe hu litt, hu fekk komme opp på fanget, og la seg rimelig med ein gong til å sove litt. Det var uhorvelig masse folk inne på terminalen, men hu fekk likevel til å roe seg såpass at hu sovna der. Då båtane kom, bråkte dei litt masse, så me trakk oss litt vekk slik at det ikkje skulle bli for masse for hu. DDet såg ut til å fungere kjempegodt, og me avslutta raskt etter dette.

Då me kom heim venta ein deilig porsjon med V&H, og Thassie sovna raskt etter dette.. Sleten og god etter mange inntrykk.. Vil tolke det slik iallefall..

lørdag, januar 01, 2011

Hellestøstranda

Idag kledde eg og Lea på oss skikkelig godt og pakka ut i bilen. Me hadde ein liten halvtimes kjøretur, og etter veibeskrivelse kom me oss fram til Hellestøstranda. Det var klunk is på vei ned til stranda, men heilt fint då me kom ned. Thassie hadde mange hundemøter, og det var kun ein som ikkje var fullt så kjekk. Den svære irske ulvehunden blei litt for stor for hennar del, og litt for interessert i løpetida hennas, men eg såg på hu at han kunne vore møøøje meir ukul før eg hadde syns det var ein dum opplevelse for hu. Me møtte på utallige BC-blandingar og reinrasa, brune labradorar, JRT (fleire stykker) og dachs. Det var fleire på rundt 1 år, og desse gjekk hu rett i lek med.

Hu tilbydde meg kontakt mange gonger i løpet av turen, og eg hadde nokre fantastiske innkallingar på hu. Spesielt på ein BC som hu så absolutt syns var interessant og ville bort til. Samtlige gonger kunne eg rope på hu, og hu kasta seg rundt og over i galopp tilbake til meg for godbit. =)

Me hadde kappløp med bølgene, og grov litt i sanden.  Plutselig blei det veldig kaldt, og me vendte nasen mot bilen igjen.

0101201179701012011798

0101201179901012011800

fredag, desember 31, 2010

Førjulstrening og nyttårsaftan

Me hadde avtalt med John og Odin ein liten tur oppi skogen rett i nærheten denne dagen. Dette var kjempekjekt, då me endelig kan bli kjendt med dette området også. Det var kaldt og bare litt snø, men det gjekk ikkje lange stunda før Thassie halta pga saltet. Dette var derimot heilt vekke oppi skogen. Både Odin og Thassie sprang og koste seg på vei opp, og då me var komme nesten på toppen såg me ein hjort som byksa opp på ein helling. Eg prøvde å ta bilde av dette, men det blei ikkje så tydelig då det var det “dårlige” kamera eg hadde.

 SDC10812

 

Thassie og Odin sprang og utforska luktene på toppen, og det var først når turen nesten var over at Thassie begynte å slite med kompakt snø mellom potane. Litt smelting av snø, og Thassie var klar igjen.

SDC10813

På kvelden kom Kari Anne og Emil opp fra sørlandet ein liten førjulstur. Emil fann fort ut at Thassie var i gong med si aller første løpetid, noko som gjorde at han til tider var et klistermerke i rompa på hu.. Hu snappa nokre gonger etter han, og knurra også et par gonger.. Jaja, greit nok. Så blei eg klar over det..

På kvelden tok me selen på hundane for å gå ut på tur. Vimsesnuppa for att og fram (bandtrening har vore eit manglande treningsmål), men sidan hu er såpass lett så går dette så utrulig fint endå.

Me gjekk ned til fotballbanen der me slapp begge hundane for å trene innkalling. Det blei innkallingstrening med heftige forstyrrelsar. Kari Anne og Emil skulle først trene på innkalling, og eg og Thassie byrja å springe og lage lydar mens me gjekk over banen. Emil var raskt på vei til oss, men etter eit lite rop fra Kari Anne, kasta han seg 180 grader rundt og galopperte mot henne. Dette gjentok me nokre gonger, medan me nærma oss dei, og det var same perfekte resultatet.

Då det var vår tur, gjorde me nett det same, og sidan me ikkje har hatt innkallingstrening på denne måten sidan sommaren, var eg særs spent på resultatet. 2 gonger i løpet av sesjonen var hu altfor langt vekke, med altfor kjekke forstyrrelsar og ikkje kom då eg ropte. Hu kom også denne kvelden og tilbydde meg kontakt, og var særdeles trenevillig.

Me bytta jevnlig på innkallingstreningen, og me blei gåande rundt Kari Anne og Emil både i sirkel og firkant der Thassie gjekk fri ved fot. Me klarte 6 skritt der hu gjekk å kikka opp på meg mellom kvar godbit, og dette blei eg så utrulig glad for siden me faktisk IKKJE har trent på dette. =)  Me avslutta raskt etter dette, avslutta mens me var på topp, og tok til på den korte veien heim.

 

På Ålgård har det i desse førjulstider komme ein god del smell frå kongeparken borti hogget her, og det har titt og ofte kome medan me har vore ute på tur. Et par gonger har Thassie heva hovudet for å sjå kva dette er, men uaffisert gått vidare etterpå.

Det har lova bra for nyttårsaftan med mykje gale smelling. Framleis ser dette ut til å gå veldig bra, begge hundane søv seg gjennom smell, men kan til tider tru det kjem folk, og gir beskjed om dette medan dei spring mot ytterdøra…

 

Sånn på tampen har eg endelig fått sydd utedress til Thassie på slike vinterdagar der snøen klumpar seg i pelsen hennar. Endelig treng ho ikkje ende opp som ein snømann bare fordi ho er ute 10 min i snøen. Foruten om desse gongene tviler eg me kjem til å bruke dress noko særlig.. Bare som litt føre var.

SDC10818SDC10815

lørdag, desember 04, 2010

Store lekekamerat

Idag fekk me besøk for helga, nemlig storpuddelen Mia.
Mia er ei stor jente, på heile 63 cm, og då blir det et stort sprang fra Tanja sine 22 cm og Thassie sine 36 cm. Til tross for dette går det så utruligt godt.

Mia er veldig flink å tilpasse størrelsen sin, og er forsiktig i nærleiken av både Tanja og Thassie.

Thassie har lagt sin elsk på Mia, for Mia gidder faktisk å leike med Thassie, noko det er svært lenge siden Tanja orka. Og slikt rører hjerta mitt.

Mia og Thassie leker sisten

onsdag, oktober 20, 2010

T-gjengen

Nå har me igjen fått besøk av kjære Turbo til far, og han skal vera her i 1,5 veka. =) Me har store planar for både trening og tur i hundeskogen, dvs gå møje lengre turar der enn ka Thassie kan endå. Og alle tre går så godt ilag.

Et bittelite minus er ei enorme røyting, men me håpe at masse greiing av pelsen, samt støvsuging av golvet dempe det minuset der.

På tampen et lite bilde av trekløveret…

SDC10704

lørdag, oktober 16, 2010

Endelig ein liten mellompuddel

Det som er så kjekt med størrelsen til Thassie, er at hu er akkurat passe til å ligge på fanget og kose….

Hu er akkurat passe til å leke med Lea uten at Lea blir nedsprungen, dunka med halen eller blir dytta ned om Thassie hopper opp på hu.. Alldeles nydelig..

SDC10694 SDC10696

SDC10700

Nå i skrivande stund har hu akkurat bikka over til å bli ein mellompuddel, og er heile 35,5 cm høg på manken. =)

Miljøtrening, sosialisering og biltrening

Idag tok me turen inn til kaien i Stavanger for å få litt miljøtrening på store folkemengder. Inne på terminalen var det mange folk, og Thassie som den deilige puddelen hu er, trur alle folk der er til for at dei skal helse på hu.. =) Det kom 3 ungar og ein vaksen for å helse, og ein soldat fra Madlaleiren. Dei tre ungane var litt skumle i begynnelsen, men desse var greie å gi instrukser til og dei holdt hånda slik dei skulle og Thassie fekk ei god helsing. Den vaksne tok denne instruksen med ein gong, og Thassie likte veldig godt denne helsinga. Ein soldat sneik også handa ned til hu i forbifarten då han gjekk forbi..
Ute kom hurtigbåtane på rekke og rad, og Thassie har aldri sett dette før. Hu satte seg ned og kikka på desse båtane som la til kai, men på slutten blei det litt i meste laget med alle folka som samla seg for å gå ombord på båten. Då trakk me oss tilbake til bilen, og hu la seg til å sove med ein gong.

 

Me tok turen innom lagerzoo der hu fekk seg nytt halsbånd og langline på 6 meter. Litt greiare dersom eg skal trene litt lausare med hu.

Etterpå kjørte me til oljedirektoratet sin parkeringsplass, og trente på ligg i ukjente omgivelsar. Eg fekk et par gode liggar, men eg ser eg må auke på forstyrrelsane i forskjellige omgivelsar slik at hu blir vant til dette, og får det bedre til.

 

Då sosialiseringskurset begynte blei gruppa delt i to der ei skulle gå tur med forskjellige forstyrrelsar/skremmande lydar og liknande mens den andre gruppa skulle sosialiserast og leka i lag i skogen.

Der var masse bygningsarbeid på staden, men Thassie er vel vant til dette frå heime og nabotomta, så dette var ingen problem. Derimot var ei handlevogn litt skummel, og plankar som falt i bakken. Ho undersøkte raskt, og rista det heile av seg. Bussar passerte og tuta, men Thassie reagerte ikkje på dette.

Etter turen skulle me sosialisere to og to hundar, og Thassie skulle få møte ein flat. Denne viste det seg at hu allerede hadde møtt i hundeskogen der me tok ein liten filmsnutt. Møtet gjekk kjempegodt, dei sprang og koste seg, leika og søkte etter godbitar ilag.

Etterpå gjekk Thassie i bilen igjen, men då bjeffa hu, eller peip rettare sagt. Eg trur hu har hatt ein grei dag, for hu har ikkje hatt raptusar eller vore stressa, men kopla kjempegodt av. Sove godt både på sofa og i fanget.

onsdag, oktober 13, 2010

Thassie sitt aller første møte med hest

Idag tok eg Thassie med til stallen. Eg var veldig spent på kossen dette skulle gå siden hu aldri eingong har sett hest, men eg må sei eg blei veldig imponert.
Ho fekk først stå på god avstand og sjå på desse store dyra. Ganske fort begynte hu å skjelve, men dette gjekk over etter 2-3 minutter.


Me rusla litt utenfor stallen mens dei andre stelte hesten inne. Etter nokre minutter gjekk me også inn, og hu var veldig ivrig til å skulle lukte på hesten. Hu fant seg et par hesteskitkaker som hu maula i seg, og som eg også lot henne få gjer, og oppførte seg som om hu hadde gjort dette veldig masse.

 
Då me gjekk oppover til banen gjekk Thassie lykkelig og glad, og kunne nesten ikkje komme fram tidsnok. Hu var ikkje mottagelig for godbitar, aent enn 2 stk på sluten av turen, men mitt einaste kriterie idag var at hu ikkje skulle bjeffe ( med andre ord at hu ikkje skulle vera redd). Og hu bjeffa ikkje ein einaste gong. Nydeliga jentå mi.
Oppe ved banen fekk dei to store jentene prøve seg på hesten, og me blei ståande stille attmed. Hu brydde seg lite om hesten, kikka selvfølgelig då hu kom nærme oss og rytterane skulle byte, men det var like kjekt å hoppe ned i skråningen og opp igjen i det høge graset. =)

På vei ned igjen gjekk me alle samla, og hu fekk komme inn i buret då me kom ned til stallen igjen.  Oppe ved banen hadde hu seg et par hopp og litt biting i bandet, og dette er et tydelig tegn på at det er nok for henne. Hu la seg til med ein gong då hu kom inn i buret, og det kom ikkje ein einaste lyd då eg gjekk i fra (slik det egentlig pleier). =)


onsdag, september 29, 2010

Skogstur, kvalpemøte og kvalpekurs kveld 4

Idag smurte eg og Lea med oss nistepakke, fiksa oss litt kakao og tok turen ut i skogen ilag med Thassie. 

Me gjekk ikkje langt, kanskje et par hundre meter,før me slo oss ned for å drikke kakao og ete niste. Ser ikkje poenget i dei lange turane endå, då det va masse inntrykk for Thassie likevel.

Då me hadde ete litt skjeva og drukke deilig kakao med masse krem, pakka me sakene og vendte nasen mot bilen igjen. Thassie hadde gtt laus heile stunda me satt ved benken, kom på innkalling då eg testa ut dette.

Thassie møtte omlag 8 hundar, kor 2 av dei var kvalpar.. Dei to første Lassiehundane var i meste laget for henne, men alle dei andre ga hu den dempinga og “rommet” hu trengte. Alt i alt, ein vellukka tur.

Desse kinesiske nakenhundane var veldig redde, og hadde halen planta godt mellom bakbeina. Thassie syns desse var heilt greit å nærme seg, samt den store klumpen av ein kvalp hu springer rundt på den vesle videosnutten. Dette var et veldig godt møte for vår del, og eg gjekk derifrå med eit varmt hjerta for at Thassie hadde fått ei slik avslutning på turen.


























-------------------------
Så til kveldens kvalpekurs. Endelig klarte me utfordringen med å bli best i klassen. Denne gongen var det omvendt lokking som me skulle takle. Og det må eg virkelig sei, Thassie klarte seg utmerket! Eg kastet åpen mjuk kattematpose rett attmed hu, hu kikka fort på den, deretter opp på  meg. Vidare holdet eg godbitar rett føre hu, trykka dei mot snuten hennar, la dei på bakken, og reiste meg opp.. Alle desse gongene kikka hu rett opp på meg, og eg belønna som bare tusan.
Vidare trente me på passering kor Thassie viste kjempebra kontakt både når me passerte, og når hu sat i sitt med kontakt. =)
Etter pausen lot eg Thassie var i bilen, hu var ganske tung da, og eg fant ut eg ville “spare” henne til me skulle ha innkallingstreningen. Neste utfordring til veka etterpå er nemlig håndtering, og det å takle å bli tatt på. Thassie er puddel, slikt må hu gjennom kvar dag… Hadde vore knall om me hadde klart utfordringen neste veke også. Som sagt, Thassie fekk vera i bilen, medan eg observerte dei andre… Eg såg diverre mange feil, der eigerane gjekk altfor langt og så belønte.. Det skal eg ikkje.. Notis to self.
Innkallingstreningen idag var med lekeforstyrrelsar, nåke Thassie gjekk totalt for. Sprang rett bort til leika og den andre personen, men fekk denne rett 2. gongen me prøvde.
Etterpå fekk eg jammen inn et par klikk/godbit på berøring og håndtering også. =) Kjempekjekk avslutning på dagen.

beklager

alle desse teite testane. Eg er oppsatt på å få bloggeprogrammet til å virke…