onsdag, juni 06, 2012

Litt oppdatering.

Thassie har komt seg heilt etter operasjonane sin, og eg har endelig klart å sleppe henne “laus” igjen.
Me trener på rallylydighet og innimellom triks, i tillegg til at ho er den superkosete hunden vår. =)

020420122611

Pelsen måtte ryke, for etter mange veker i ro og opptrening, vanntredemølle og muskleroppbygging, så var det ingen sjans for å spare på den, men Thassie har tatt det med knusande ro, og har nok bare syns det har vore ein lettelse..

582468_10150853687067201_683337200_10065680_1351488929_n

Kosen har hu alltid vore, men dette har nok auka sidan sjukeperioden sin, og kan til alle tider finna seg et fang å krypa opp i for å få litt kos. Og me elske hu for dette. =)

Dagane går i rallytrening, turar, kos og å passe på kaninene, dette er det absolutt mest spennande for tida, og hu kan ofte sitte lenge å sjå på dei..

525027_10150816509042201_1235018120_n

Mimi har vokst seg flott og nydelig, og har gjort det godt i utstilling. BIR og BIM, men nå begynner alvoret då 9mndsgrensa har passert. Me trener utstilling bortimot kvar torsdag med Team Salvebo på Sviland, og dette har vore heilt topp. Me har fått så mykje god kritikk ( og ros ikkje minst) og tid til å jobbe med både kondis og oppstilling, så me skal vera godt rusta til hausten og alvoret startar.
I mellomtida blir det utstillingstrening og rallytrening. Me har ein stor jobb å gjera innen lineføring, men det kjem seg for kvar gong. Hu er ei flink lita tøtte.
baremimi Frå Orre då hu blei BIR valp. =)

Mimi

Mimi på Rallylydighetstrening.

Mimi dekk

Mimi i dekk. Flinke litle.. =)
Takk til Gerd Marit for kjekke bilder fra Rallylydigheten.

562599_10150821236747201_1380584023_n

Nybada og fluffy som bare det.

Beware, det komme plutselig ein oppdatering igjen.

torsdag, januar 05, 2012

1 mnd har gått sidan operasjon nr 2

og det går strålande.

091220112020
Etter to veker med full skinne fra toppen av låret og ned til poten hennar, fekk me endelig lov å kutte ned på lengden på skinna slik at den beskytta likevel kneleddet, men ga hu muligheten til å få litt bevegelse i det heile og starte å få litt meir kontroll og musklar i nederste del av foten.121220112054
Her her skinna blitt halvert, poten hennar får komme fram. Det er likevel godt polstra, men har bevegelse innanfor skinna og bandasjen.
Me har retta på bandasjen kvar dag sidan, for at ting skal ligge på plass og at ho ikkje skal ha irritasjonar ved det, og det ser ut til å ha virka svært bra. =)

Onsdag 21. desember fekk hu tatt ut splintet som sto i kneet, og me har vore flinke i tida etterpå med å passe på ho. 
Me har vore ekstra strenge denne gongen, og har ikkje gitt ho sjansen til nåken sprell som kan risikera noko som helst ved denne siste operasjonen.
Då det var dags for siste sjekk, var eg veldig spent. Bandasjen kom av, og kneleddet viste seg til å vera svært fast og stabilt. Frå Rehabiliteringsdamå fekk me beskjed om at Thassie hadde et godt grunnlag med musklar, til tross for 8 veker i ro med bandasje, noko som ga ho eit kjempe utgangspunkt for rehabiliteringstreningen i vanntredemølla..
030120122170
Her har endelig all bandasje kome av, og det virkar til at Thassie nyter dette til det fulle.
Endelig slappar eg også litt meir av, og ser litt lengre enn akkurat nuet.

lørdag, desember 03, 2011

Operasjon nr. 2 og dens rekonvalens

Mandag kveld, kl 22.30 begynte Thassie plutselig å halte igjen. Eg blei heilt fra meg, heiv meg på tlf til søster der hu fekk meg til å ringe dyrlegevakten. Dyrlegevakten og eg blei enige om at eg skulle ringe slik at me fekk komme inn på sjekk dagen etterpå. Me fekk komme inn rundt 12. Og der var det nedslåande nyheter. Patellaen lukserte som bare det, og det blei gitt bedøvelse og rett inn i operasjon igjen.
Det viste seg at leddkapselen hadde røket, men nå hadde Kaja frå Hinna Dyreklinikk festa denne veldig bra og dobbelt og trippelsjekka at det ikkje lak ut væske meir. Dette hadde bare skjedd ein gong tidligare, på ein 50 kg tung og vill doberman… Ikkje at det hjalp å vite det…… Sjølve leddbåndet hadde grodd fint, heldigvis. =)
Hu blei henta litt før kl 18, var då ganske vill og stressa, men eg trur det var litt pga smerter, glede over å høyre/sjå meg og Lea, og alt samen. Me blei lessa ned av tablettar og sprøyter, og satt oss i bilen for å køyra heim igjen. Før me drog fekk ho sprøyte slik at hu skulle halde seg rolig.
Og det gjorde hu også.
011220111962
Neste sprøyte skulle settast rundt 12, og det var ingen problem for meg å gjera dette. Thassie er ei utrulig tolmodig jenta. <3 Ho gjekk då på do, både nr. 1. og nr. 2.
Ho sov veldig godt på natta, og fekk ny dose med medisiner og sprøyte på morgonen, onsdag. Sov vidare til rundt kl. 13. Då sjangla me oss ut igjen, og ho tissa.
011220111963

Me blei oppringt frå klinikken der dei lurte på korleis det hadde gått. Og det gjorde godt å vite at dei bryr seg såpass.
Endå har ho ikkje gått på do nr. 2 sidan tirsdagskveld, men får parafin som skal få fart på det. Håpar det kjem ikveld eller i morgon, så alt er i orden der igjen. Dette er jo også ein av komplikasjonane ved så mykje ro..

Idag, fredag, var det dags for bandasjeskift, og eg blei bedt om å gi henne ein beroligane 1 time før me skulle vera der. Eg gjorde det, men det enda likevel opp med at hu fekk litt ekstra bedøvelse..
SDC11178

SDC11179
Ho hadde reagert på klisteret i skumgummien som skulle beskytte mot trykk- og gnisår, og hadde eit stort område som var raudt og ømt. Men sjølve operasjonssåret var svært fint, og tørka godt opp medan skinna var av. Det var ikkje hovent, irritabelt, betent eller anna..

021220111968

Kjente med ein gong eg fekk vondt i magen, for ho har ikkje klaga over dette. Ja, ho har vore neddopa og fått smertestillande, men å sjå dette gjorde til at magen vrei seg.

Ho fekk deilig mjuk bomull tulla rundt heile beinet sitt,

021220111969 nesten like mjukt som angoraull og det gjorde det litt betre då me skulle setta på bandasjen igjen.

021220111970 Skinna kom på, for å avstive kneleddet, og dette blei bandasjert godt. Me tok ikkje på tape, eller anna klister, sidan ho reagerte så sterkt på det. Mandag er det igjen duka for kontroll, og eg må virkelig sei at eg føler me er i gode hender og blir tatt godt vare på.

021220111971

Ny bandasje, ei lita oppvåkningssprøyte, et par minutter med vent, og vips så kunne me reise heim igjen.
Heime har ho for det meste sove, ho et godt, men får lite mat nå sidan ho er i ro. Eg vil ikkje gjera henne overvektig i tillegg når me skal begynna på opptreningen. Drikk godt, og har utrulig godt tek på å ha beinet i skinna.
Skjønna jentå mi. <3
På mandag blir det nok ny oppdatering, på korleis det har gått med området der ho blei så raud.

fredag, november 25, 2011

Miljøtrening på Hellestøstrandå

Idag tok eg og Mimi turen til Hellestøstranda. Det blåste vanvittig, men det var fleire med hundar der ute, så me var ikkje aleine.

IMG_1168

Mimi syns nok at det blåste i meste laget, og syns dei første minuttene av turen ikkje var så fryktelig kjekke. Eg kunne nok godt spart meg for denne turen. Men etter litt så fant me ein tau me byrja å leike med, og ho gløymde fort kva hu eigentleg syns om det heile. Då eg fant fram godbitane og klikkaren, var det heile gjort. Ho storkoste seg blandt sanddynene og lukta på spennande lukter medan ho med jamne mellomrom ga meg kontakt og kom tilbake til meg. Ho haldt seg ikkje lengre vekke enn at eg hadde gitt ho eit mykje større avstandsrom, men det kjem nok etter kvart. =)
IMG_1170
Me begge bles nesten avgårde……
IMG_1175
Litt leik lettar heile stemninga og det heile blir straks mykje kjekkare.
IMG_1186
Godbitsøk i sanddynene. =)
IMG_1197
Godt å komme heim igjen. =)

Lea på 4 år veks og blir meir og meir sjølvstendig, noko me ser både titt og ofte gjennom ein dag.
IMG_1198
Thassie augnar eit lite håp om at det fell nok ned til henna, men ikkje denne gongen. Dessuten, hund og sjokoladepålegg høyrer IKKJE saman..
IMG_1200

Det går betre og betre med Thassie, me har treningsopplegg kvar dag for å styrka den opererte foten, og nå har eg også byrja med å slipe over klørne 2 gonger daglig for å slipe dei ned att etter 14 dagar utan nokon ting. Det fell ikkje like godt i smak hjå Thassie, men det får hu berre tåle.. Det er forferdelig kor lange dei kan bli på to korte veker.
IMG_1202
Kortklipt snute etter nesten 3 veker…

Kommande onsdag skal me inn på ny Rehabstime, så det blir spennande om det me har gjort har vore bra nok. Eg gler meg iallefall. =)

onsdag, november 23, 2011

Patellaoperasjon, grad 4 og rekonvalenstid

Nå er det litt over 14 dagar sidan Thassie blei operert. Graden blei gradert til grad 4, men det var visstnok kun snakk om at det var senen som holdt på plass kneet som der var slark i. Det var ingen skader, hu hadde klare og fine kantar og hu hadde ei god fure som kneet låg oppi, så det einaste dei gjorde var å stramme det båndet.
Myyyykje fram og tilbake med Agria, men tilslutt så dekka dei operasjonen. Heldigvis, for den kom på over 13000 kr.

Desse 14 dagane har blitt tilbrakt i bur. Eg har løfta hu ut for at hu skulle få gå på do, bært hu opp til loftet for natta, og ned igjen om morgonen. Det har vore litt av eit puslespel, for om morgonen har eg 3 hundar å bære ned, Mimi (13 veker), Tanja (10 år) og Thassie.
Dei første 3 dagane etter operasjonen hadde hu problemer med magen fordi hu blei så passiv. Thassie er ei aktiv jente, så kontrasten på å kun ligge i buret var stor. Eg kjøpte parafin og blanda inn i maten, og dagen etterpå kom det ut i mangfold. =) Ellers har Thassie takla å måtta vera i buret utrulig godt. Det har til tider vore svært keisamt for hu, og hu har nokre gonger fått kome opp i sofaen for å ligge der isaman med oss.
Eg har måtta skjerma hu heile tida for Mimi, og det gjer eg framleis..  Eg vil ikkje at noko skal gå gale etter operasjonen..
Måndag var me på etterkontroll, og det såg utrulig bra ut. Hu var bittelitt hoven over kneet, men dette var vanlig, det kunne fortsette i endå ei veka, ellers var hu litt øm i ryggen, men det kom seg av at hu hadde vore så lenge i ro nå. Såret hadde grodd kjempefint, hu trødde veldig fint på den opererte foten, så dette var ei av dei bedre rekonvalenstilfellene. =)))
Då eg kom heim frå denne kontrolltimen, ringte eg Agria for å høyre om dei dekka rehabilitering i form av hudroterapi, men dei kunne ikkje svare på det før dei fekk forespørsel frå Klinikken. Dette blei sent inn, og me fekk grønt lys til å gå i gang med Hydroterapi. =))))
Idag var første timen, litt intro til tredemølla, litt øvelsar, ein realtiv rolig start, men det er berre bra sidan det berre er to veker sidan operarsjonen.
Thassie var utrulig flink.

 SDC11129Gjekk inn sjøl om det var litt skummelt.

Det var også ganske ekkelt då sjølve mølla senka seg og det dukka opp vatn.

SDC11132Men alt i alt tok hu det svært bra, og me fekk godt dreisen då dette å gå på mølla.
Skrøyt fekk hu også av behandlar, hu bøyde godt på kneledda, dvs løfta beina veldig bra.

Liten videosnutt av første gong i hydroterapi

Dette skal me gjera 10 gonger, 1 gong i veka, så me har ein del kjøring foran oss framover, men alt for skjønnaste Thassiejentå mi. <3

--------------------------------------------

Mimi har rukke å bli 13,5 veka, og det går strålande. Hu er ei tøff lita tøtte, men utrulig mjuk på same tid. Har utrulig godt øyra for klikkaren, så me kosar oss med klikkertrening, utstillingstrening og miljøtrening nå medan Thassie er i rekonvalens.
Her er eit par bilete fra dagens fotosession… =)

SDC11137

SDC11144

torsdag, november 03, 2011

Patella luksasjon grad 2

Forrige onsdag, den 26. oktober, hadde Thassie ein merkelig hendelse med beinet. Ho klarte plutselig ikkje stå på det eine bakbeinet lenger, og ville bare halde det oppe. Tanja har sterk grad av patellaluksasjon hu også, så mine varsellamper lyste sterkt med ein gong. Eg ønskte så inderlig vel at ho ikkje skulla ha noko slikt. Me fekk time raskt hjå dyrlege, og der kom dommen, patellaluksasjon grad 2. Det var i grenseland 1 til 2, men sidan hu hadde innslag av ein 2’er grad meinte eg det var like greit å sette ein 2’er på det.
Eg blei ganske knust, ikkje plent fordi hu hadde fått det, eller fordi planane mine om å ha kull på henne gjekk i tusen bitar, men rett og slett fordi Thassie har vondt når dette skjer. Ho hylte til då dette skjedde, og det skar djupt i hjarta å sjå at ho hadde det vondt.
Eg og dyrlegen ble einige om å driva ei kartlegging på nokre månadar for å sjå hyppigheten i det med tanke på vidare behandling.
Dagane gjekk, patellaen lukserte meir og meir, så då mandagen kom hadde ho hatt fleire kraftige luksasjonar kvar dag, og eg ringte dyrlegen for å gi beskjed om at me ikkje kunne fortsette slik som dette. Eg møtte full forståelse for dette, noko som gjorde svært godt. Dyreklinikken min hadde ikkje den breidaste erfaringen i slike operasjonar og ville henvisa oss vidare til Hinna Dyreklinikk, noko som eg syns var svært tillitsvekkande. =)
Eg har heldigvis full forsikring på Thassie slik at både operasjon og rehabilitering vil bli dekka av denne. Det hadde ikkje hatt noko å sei eigentleg, for operasjonen hadde eg stått i uansett. Det er jo babyen det er snakk om…
Så mandag 7. November er dagen som er avsatt til operasjon. Kjenner eg gruer meg, men kjenner meg på same tid i trygge hender. Det skal bli godt å “få henne i orden” igjen, sleppe å begrense henne, ikkje la ho gjere det ho måtte ønske, springe og hoppe utan at patellaen lukserer…
Fram til mandag skal hu ha så mykje ro som eg klarer. Heldigvis er ikkje Thassie vanskeleg på dette, det kan tidvis sitta litt langt inne å høyra på meg dersom dei andre leikar, men som regel vèl ho å gjera som eg seier.

Siste nytt i huset er at Mimi har flytta inn. Mimi er ei herlig kvit mellompuddel etter Zanitha og Robby. Begge foreldre er champions.. 305491_10150354890577201_683337200_8606796_2089509535_n

Elvis har tatt henne i mot på ein veldig god måte, og ho er ikkje langt i frå slik som då Thassie var ei lita jente. Både Tanja og Thassie likte Mimi umiddelbart då ho kom heim på søndag, og viser tydelig gjensynsglede når dei har vore litt i frå kvarandre.
Planane mine med henne er utstilling og rallylydighet. Blir me champions, ønsker eg også å ha kull på Mimi om alt ligger til rette; dvs ingen patella, ingen HD, ingen prca osv osv..
Ho er allereie blitt introdusert for klikkaren, og tek denne svært bra. =) Vidare har me starta innkallingstrening, og nå kjem ho spurtande når eg roper. Ho er veldig glad i mat og svært godbitorientert, noko som også er lovande for vidare trening. Leiken er ho sjølvsagt også.
Neste oppdatering vil nok koma når Thassie har hatt operasjon, og innlegga vil nok vera prega av rekonvalenstida hennar.

mandag, september 26, 2011

Oppe og går

Endelig har eg fått bloggen opp igjen, og kan komme med jevnlige oppdateringar om trening og utvikling. =)

Det har skjedd ein god del sidan siste skikkelige innlegg. Me har fått endå ein hund i hus som er ein personlighet uten like. Ein meir trygg, stødig og uredd kvalp veit eg faktisk ikkje om eg har opplevd før.
Han er tidvis ei bølle, og Thassie kan gi uttrykk for at det var heilt unødvendig å dra slikt i hus.. Men eg ser at det er positivt for hennar del, dersom ein ser på korleis forrige løpetid var mtp falsk drektighet, så skulle hu nå ha låge og berre sove, nesten ikkje ete, og egentlig vera vanskelig å jobba opp i treningssituasjon, men denne gongen har det vore ein god kombinasjon. Me hadde besøk av Oliver i verste løpetid, og hadde berre nokre dagar “aleine” før denne nye bølla kom i hus. Søndag 4. september reiste eg ut på flyplassen og henta heim ein skjønnas uten like ved navn Mitchell of Nathalie’s Pride, kalla både Myggen, Bølle og Kinky i heimesituasjon.
øvepåoppstilling

hodebilde

Han bryr seg lite og regn, og kan rett som det er finna på å ligga ute i plaskregn og kose seg med eit øyre eller ei anna leike. Det er utrulig deilig å ha ein puddel som fungerer i regn også.
Han har reagert veldig positivt på klikkertrening, og tilbyr allereie svært god kontakt i treningssituasjon. Han har funne sin plass i familien, og klarer fint å vera heime på dagtid medan eg er på arbeid. Eg har heldigvis det fortrinnet at eg kan stikka innom for å lufte nokre gonger i løpet av dagen, så det har vore lite uhell.
Men ikkje så lite uhell som Thassie hadde. Ho er framleis babyen min da.

Me har starta i ny treningsgruppe i Sandnes der det primært blir trent rallylydighet men også andre ting, og då me var der for 14 dagar sidan var det heilt utrulig deilig å sjå kor “skrudd på” ho var. Eg måtte minne meg på fleire gonger at når me går banar, så må eg huske på tempoet mitt. Når eg spurter igjennom ender eg opp med at ho går langt foran meg. Når eg setter ned farten har ho veldig god konsentrasjon og gir meg god kontakt. I 8-talet hadde eg henne utrulig bra med.
Det er framleis momenter me ikkje kan utføre, som ligg/bli og sitt/bli, og det blir primært desse me kjem til å fokusere på, iallefall på dei første kommande treningane.

250820111564

Thassie er framleis ei utrulig kosen jente, og har nå i den seinare tid tydd til både små og store for kos.

291202_10150306026272201_683337200_8326587_1272912441_o

søndag, september 25, 2011

problemer med opplasting fra livewriter

Har ei god stund nå hatt problemer med å laste opp innlegg skrevet i livewriter til blogspot, og det står at eg må flytte bloggen fra blogspot til wordpress for å få gjere dette vidare.
Eg vett ikkje heilt om eg har lyst til det, sidan eg like blogspot såpass godt, men fram til vidare blir det litt prøving og feiling, men forhåpentligvis kjem det nye oppdaterte innlegg om trening snarast...

mandag, august 29, 2011

Oliverbesøk


Me har dei siste 10 dagane hatt besøk av Oliver, den herligaste litle hunden ever, så dagane har vore fulle av latter og forbauselse over den ekstremt gode kjemien mellom han og Thassie.
Dei har leika, ete, sove og kosa ilag, og det forundrar meg endå koss kjekt dei har det. Ein skulle nesten tru dei var eit ektepar slik ein kjemi det er mellom dei.
På tur har Oliver gitt Thassie ein ekstra booster, og dei begge har oppført seg eksemplarisk. Ingenting har vore skummelt, ekkelt eller grunn til å bjeffe over. Men Oliver er ein drøm å ha i band på tur, så eg ser eg og Thassie skal trene masse på det framover. Verre vimsetroll skal ein leita lenge etter.
Oliver fant seg godt til rette hjå oss, både ilag med store og små, og var enkel å leike rundt då ungane ville leike.



På ettermiddagar/kveldar hoppa han rett som det var opp på fanget, og siste del av opphaldet syns han det var heilt greit å dele plassen hjå oss også.



Alle tre kunne faktisk ligge hjå/oppå meg uten at det blei krangel om det. =)
Nå ventar ei veke med masse planar om trening, ikkje minst rally!
Nå nærmar det seg med stormskritt dagen då me endelig får Mitchell of Nathalies Pride i hus, han kjem kommande søndag og har då reist heilt frå Nederland for å komma til oss.

 Han har allerede blitt stor gut, så det skal bli spennande å sjå kor stor dverg han endar opp som. Utrulig flott å sjå til, nydelig hale, kraftig snuteparti og utrulig skjønne auger.
Visstnok har han same favorittsovestilling som Thassie, nemlig å ligga på rygg over magen eller brystkassen min. Det skal bli interessant å ha to slike koseklumpar.


Me gler oss alle saman til denna nye dude’n skal snu om litt på kvardagen vår. <3

torsdag, august 11, 2011

Intro til slalom og ein bitte liten rallybane i hagen.

Idag kom heldigvis ånda over meg igjen, så eg fann fram to slalompinnar og sette desse opp med 60 cm mellomrom.
Før me tok til med slalomen trente me på sitt/bli i front, og eg enda opp 1,5 m frå ho, kor eg kunne bruke omvendt lokking på å gi ho godbiten. Svært nøgd med dette!
Først fekk hu klikk/godbit for bare å vera i nærleika av pinnane, og eg fann fort ut at eg skulle auke kriteriene fort for å ikkje gjera dette for enkelt for ho. Med ein gong eg lot klikket vente på seg, kom kreativiteten fram, eg fekk både påplass, sitt foran, stå foran og et par andre før ho huska på at dette dreide seg om pinnane. Ho småsprang mot midten av pinnane og gjennom, og eg fekk inn ein godt time’a belønning. Etterpå kom ho til meg, før ho huska det igjen kva dette var og sprang gjennom pinnane.
Etter et par slike repetisjonar, byrja eg å klikke for at ho starta å vende etter å ha passert mellom dei.. Me avslutta då ho hadde kome rundt den andre pinnen.

Etter ein pause, fann eg ut at eg skulle setje opp ein liten Rallybane i hagen, eg har jo ikkje store hagen, men fekk inn eit par gode øvelsar på den vesle plassen me har.

Det var
1:“stopp-sitt”
2: “270 grader høgre”
3: “stopp, 1-2-3 steg fram”
4: “venstre sving”
5: “stopp, vri 90grader, stopp”
6: “stopp, sitt-stå”
7: “springmarsj”
Me klarte fantastisk flott det første skiltet, på det andre hang ho litt etter, men eg fekk ho likevel med, det tredje skiltet fulgte ho meg ufattelig godt, og venstre svingen likeså. På 5. skiltet hadde me ein repetisjon fordi ho blei distrahert av Elvis som “blanda seg inn” (les fulgte etter pølselukta), medan skilt nr. 6 gjekk kjempefint fordi eg haldt fram handa uten at ho toucha den. =) Springmarsjen gjekk også strålande.
Heile denne banen hadde eg klikkar og godbitar, og ved stå’en fekk eg inn eit klikk som gjorde til at ho blei ståande der. =) Løøveli..
Me tok ein repetisjon av banen, men Elvis blanda seg ytterligare, og utgjorde ei stoooor forstyrring. Heldigvis fekk eg ho med meg vidare så me fekk avslutta på ein tilfredstillande måte.

Svært nøgd med Thassie sin vilje til å trene idag, ho har ikkje vore spesielt gira på leik som belønning, men svært motivert på godbitar idag. Og til tross for at ho er i skikkelig løpetid, så er eg svært nøgd med resultatet av dagens trening.

tirsdag, august 09, 2011

Hopp, seie matmor, så då gjer eg det. =)

Etter ferien i DK hadde eg skaffa nokre få element til Agilityen, ein plass må eg begynna, og det blei slalom, ring og hopp.
Endelig hadde vèret roa seg litt slik at me fekk ned plenen og satt opp hoppet. Først hadde eg det heilt nede, og hu spankulerte rett over som ingenting. Etter at eg auka høgden, måtte ho til å hoppe, og eg hadde det godt over hennar hovud før ho “fann snarvegen” og gjekk under. :/ lurehønå. Men, hu hopper iallefall, og nå skal eg prøva andre plasser med hoppet, for nå er ho iallefall introdusert til det. =) Under er ein liten videosnutt.

Thassie hopper

 

Nytt bilde har kome av Mitchell of Nathalies pride, og dagane fyker avgårde og snart er han plutselig her. =) Han er blitt heile 7 veker, og me ser virkelig fram til han kjem nå. =)

278266_254744431220954_100000561971913_997103_6826469_o

tirsdag, juli 12, 2011

"På plass"videosnutt

Her er ein liten videosnutt av kor langt me har komme med vår på plass. Då eg tar ein venstrevending kastar eg godbiten mot katten som står utanfor video-området, og det er ein ganske stor forstyrrelse for Thassie. Men eg er veldig fornøyd.

“På plass” og generalisering

Idag begynte me med å prøve “på-plass’en” vår ute på veien. Det var litt mange forstyrrelsar i begynnelsen, og hu var veldig langt borte. Eg venta hu ut, og vips heiv hu seg rundt og kom på plass. Dumme meg hadde gløymt å ta med leika ut, for eg hadde jo tenkt å leike hu opp i intensiteten før me byrja, men det gjekk.. Ein plass må me starte, og det er bedre å få gjort litt, enn ingenting.
Etter at ho hadde satt seg “på plass”, kasta eg godbiten foran ho slik at ho kom vekk fra posisjon igjen, for å komme inn igjen på plass. Men igjen måtte eg vente, då det var svært liten kontakt…  Tilslutt kom hu å ga meg ein perfekt “på plass”, og eg gjekk vidare med litt venstre vendingar og lineføring for å iallefall lukkas med noko.. Og det trur eg var lurt….

-- note to self; Thassie må leikast opp, desto meir, desto betre---

Då det var tida for pause i malinga i kveld, skar eg opp ei fiskekake og tok leike og Thassie med meg ut. Eg byrja å leike med ho med ein gong, for å få ho meir med meg, og då leika var “kjekk” nok, ga eg kommandoen “på plass”, og sprang og satte seg ved sida av meg.. Forbauset smilefjes Eg trudde nesten ikkje mine auger, men jammen gjorde hu dette gong på gong. Smilefjes
(Leika eg hadde tatt med ut, er ikkje av den kjekkaste, for den har eg tenkt å spare til ein plass med fleire forstyrrelsar.)

Me fekk ca 10 repetisjonar på innkomsten, og dei siste 3 gongene auka eg kriteriene med at ho skulle sjå på meg, 2 gonger med  1 sekund før ho fekk “JA” og eg kasta godbiten. Siste gong, 2 sekund. 

Det sviv heile tida i hovudet mitt medan me trenar, at eg må gjer det vanskelig nok for Thassie, slik at ho syns det er kjekt. For at dette er ein smart puddel, ER INGEN tvil om…

Eg lot ho få “lese avisa” som avslutning på treningen, og sjøl om den ikkje var lang, var den jysla effektiv. Smilefjes med åpen munn

søndag, juli 10, 2011

“På plass” (platz) og et lite bilde av Mitchell of Natalie’s pride

Thassie syns det er fryktelig kjekt å leike med caps, så idag brukte eg dette som belønning i treningen av på plass. Me har allerede fått tipset om å finne fram boksen igjen, for å få hu til å skjønne at det er ved sida av  meg hu skal sette seg på plass, og ikkje rett foran eller 90 grader ut frå meg. Eg fekk inn nokre gode “på plass” og fekk leika hu svært godt opp innimellom. Og hadde 5 perfekte “på plass” på rad. Eg fekk også til å belønne at ho såg på meg etter at ho hadde komme på plass.
Då gjekk eg over til superbelønningen, ei lita rosa gummipipeleike. Då tippa ho nesten over, og eg sto heilt rolig for å få ho litt ned igjen. Så smalt den eine “på plassen” inn etter den andre, og eg fekk 10 slike der eg fekk lagt kommandoen “på plass” til før hu med fantastisk fart smalt korrekt inn “på plass”. =)
Veldig fornøyd med denne økta her, og forhåpentligvis får eg tatt dette ut på framand plass idag.

Ellers dukka det påå eit skjønt lite bilete av den kommande nye kvalpen, og eg blir bare meir og meir betatt. Gler meg til å bli kjent med ein guttepuddel, for eg har jo bare hatt jenter til nå. Og ikkje minst, kjenne den deilige kvalpalukta igjen.

kink1

fredag, juli 08, 2011

Mitchell of Nathalie’s pride

I slutten av august kjem der liten trave i hus igjen.

271746_241143675914363_100000561971913_944579_8217019_o

Denne gutten er født 20. juni, er ein kolsvart dvergpuddel, og har ei utrulig flott stamtavle. Han skal skal me stilla ut, og håpar å nå høgt i utstilling, men eg skal sjølvsagt også trene lydighet og agility med han her. Navnet er litt ubestemt endå, men eg har ein veldig svakhet for det kvardagsnavnet til faren.

Faren, Jasenak Indigo “Kinky” er avbilda under.

nath en kinky 

kinky-leiden-2

Mormora til den nye kvalpen er  Ch Look's Don't Lie of Nathalie's Pride, utrulig flott, og avbilda under.

lolly-wijchen-1

 

Både far og mor er 33 cm, og fri for både patella og fri for PRA/PRCD.

Eg gleder meg nåke heilt utrulig, og det blir antagelig rundt helga den 27. august at han kjem til Norge. På an igjen med sosialisering og miljøtrening, og allerede har eg 2 ting i tillegg til alt det andre som eg gløymte med Thassie, *bevegelige ting og *folk på tak/i stige/på høg terasse…