Idag begynte me med å prøve “på-plass’en” vår ute på veien. Det var litt mange forstyrrelsar i begynnelsen, og hu var veldig langt borte. Eg venta hu ut, og vips heiv hu seg rundt og kom på plass. Dumme meg hadde gløymt å ta med leika ut, for eg hadde jo tenkt å leike hu opp i intensiteten før me byrja, men det gjekk.. Ein plass må me starte, og det er bedre å få gjort litt, enn ingenting.
Etter at ho hadde satt seg “på plass”, kasta eg godbiten foran ho slik at ho kom vekk fra posisjon igjen, for å komme inn igjen på plass. Men igjen måtte eg vente, då det var svært liten kontakt… Tilslutt kom hu å ga meg ein perfekt “på plass”, og eg gjekk vidare med litt venstre vendingar og lineføring for å iallefall lukkas med noko.. Og det trur eg var lurt….
-- note to self; Thassie må leikast opp, desto meir, desto betre---
Då det var tida for pause i malinga i kveld, skar eg opp ei fiskekake og tok leike og Thassie med meg ut. Eg byrja å leike med ho med ein gong, for å få ho meir med meg, og då leika var “kjekk” nok, ga eg kommandoen “på plass”, og sprang og satte seg ved sida av meg.. Eg trudde nesten ikkje mine auger, men jammen gjorde hu dette gong på gong.
(Leika eg hadde tatt med ut, er ikkje av den kjekkaste, for den har eg tenkt å spare til ein plass med fleire forstyrrelsar.)
Me fekk ca 10 repetisjonar på innkomsten, og dei siste 3 gongene auka eg kriteriene med at ho skulle sjå på meg, 2 gonger med 1 sekund før ho fekk “JA” og eg kasta godbiten. Siste gong, 2 sekund.
Det sviv heile tida i hovudet mitt medan me trenar, at eg må gjer det vanskelig nok for Thassie, slik at ho syns det er kjekt. For at dette er ein smart puddel, ER INGEN tvil om…
Eg lot ho få “lese avisa” som avslutning på treningen, og sjøl om den ikkje var lang, var den jysla effektiv.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar