torsdag, august 11, 2011

Intro til slalom og ein bitte liten rallybane i hagen.

Idag kom heldigvis ånda over meg igjen, så eg fann fram to slalompinnar og sette desse opp med 60 cm mellomrom.
Før me tok til med slalomen trente me på sitt/bli i front, og eg enda opp 1,5 m frå ho, kor eg kunne bruke omvendt lokking på å gi ho godbiten. Svært nøgd med dette!
Først fekk hu klikk/godbit for bare å vera i nærleika av pinnane, og eg fann fort ut at eg skulle auke kriteriene fort for å ikkje gjera dette for enkelt for ho. Med ein gong eg lot klikket vente på seg, kom kreativiteten fram, eg fekk både påplass, sitt foran, stå foran og et par andre før ho huska på at dette dreide seg om pinnane. Ho småsprang mot midten av pinnane og gjennom, og eg fekk inn ein godt time’a belønning. Etterpå kom ho til meg, før ho huska det igjen kva dette var og sprang gjennom pinnane.
Etter et par slike repetisjonar, byrja eg å klikke for at ho starta å vende etter å ha passert mellom dei.. Me avslutta då ho hadde kome rundt den andre pinnen.

Etter ein pause, fann eg ut at eg skulle setje opp ein liten Rallybane i hagen, eg har jo ikkje store hagen, men fekk inn eit par gode øvelsar på den vesle plassen me har.

Det var
1:“stopp-sitt”
2: “270 grader høgre”
3: “stopp, 1-2-3 steg fram”
4: “venstre sving”
5: “stopp, vri 90grader, stopp”
6: “stopp, sitt-stå”
7: “springmarsj”
Me klarte fantastisk flott det første skiltet, på det andre hang ho litt etter, men eg fekk ho likevel med, det tredje skiltet fulgte ho meg ufattelig godt, og venstre svingen likeså. På 5. skiltet hadde me ein repetisjon fordi ho blei distrahert av Elvis som “blanda seg inn” (les fulgte etter pølselukta), medan skilt nr. 6 gjekk kjempefint fordi eg haldt fram handa uten at ho toucha den. =) Springmarsjen gjekk også strålande.
Heile denne banen hadde eg klikkar og godbitar, og ved stå’en fekk eg inn eit klikk som gjorde til at ho blei ståande der. =) Løøveli..
Me tok ein repetisjon av banen, men Elvis blanda seg ytterligare, og utgjorde ei stoooor forstyrring. Heldigvis fekk eg ho med meg vidare så me fekk avslutta på ein tilfredstillande måte.

Svært nøgd med Thassie sin vilje til å trene idag, ho har ikkje vore spesielt gira på leik som belønning, men svært motivert på godbitar idag. Og til tross for at ho er i skikkelig løpetid, så er eg svært nøgd med resultatet av dagens trening.

2 kommentarer:

Kari Anne sa...

Eg er altså så imponert over kor flinke dåkken er! Gleder meg til neste gong eg er oppover, så eg kan sjå med egne auger kor langt dåkken er komne!! :-)

Olaug sa...

Eg skal ærlig innrømma at eg ikkje såg så lyst på det då me var på kurs, men ser jo at desto meir eg jobber med ho, desto meir klarer hu å prestere.. =) Og slikt gir bare meir arbeidsvilje frå mi side.. Takk og lov for at eg har ein smart puddel som forstår ein så teit hundeeigar som eg kan vera av og til. <3