Nå er det litt over 14 dagar sidan Thassie blei operert. Graden blei gradert til grad 4, men det var visstnok kun snakk om at det var senen som holdt på plass kneet som der var slark i. Det var ingen skader, hu hadde klare og fine kantar og hu hadde ei god fure som kneet låg oppi, så det einaste dei gjorde var å stramme det båndet.
Myyyykje fram og tilbake med Agria, men tilslutt så dekka dei operasjonen. Heldigvis, for den kom på over 13000 kr.
Desse 14 dagane har blitt tilbrakt i bur. Eg har løfta hu ut for at hu skulle få gå på do, bært hu opp til loftet for natta, og ned igjen om morgonen. Det har vore litt av eit puslespel, for om morgonen har eg 3 hundar å bære ned, Mimi (13 veker), Tanja (10 år) og Thassie.
Dei første 3 dagane etter operasjonen hadde hu problemer med magen fordi hu blei så passiv. Thassie er ei aktiv jente, så kontrasten på å kun ligge i buret var stor. Eg kjøpte parafin og blanda inn i maten, og dagen etterpå kom det ut i mangfold. =) Ellers har Thassie takla å måtta vera i buret utrulig godt. Det har til tider vore svært keisamt for hu, og hu har nokre gonger fått kome opp i sofaen for å ligge der isaman med oss.
Eg har måtta skjerma hu heile tida for Mimi, og det gjer eg framleis.. Eg vil ikkje at noko skal gå gale etter operasjonen..
Måndag var me på etterkontroll, og det såg utrulig bra ut. Hu var bittelitt hoven over kneet, men dette var vanlig, det kunne fortsette i endå ei veka, ellers var hu litt øm i ryggen, men det kom seg av at hu hadde vore så lenge i ro nå. Såret hadde grodd kjempefint, hu trødde veldig fint på den opererte foten, så dette var ei av dei bedre rekonvalenstilfellene. =)))
Då eg kom heim frå denne kontrolltimen, ringte eg Agria for å høyre om dei dekka rehabilitering i form av hudroterapi, men dei kunne ikkje svare på det før dei fekk forespørsel frå Klinikken. Dette blei sent inn, og me fekk grønt lys til å gå i gang med Hydroterapi. =))))
Idag var første timen, litt intro til tredemølla, litt øvelsar, ein realtiv rolig start, men det er berre bra sidan det berre er to veker sidan operarsjonen.
Thassie var utrulig flink.
Gjekk inn sjøl om det var litt skummelt.
Det var også ganske ekkelt då sjølve mølla senka seg og det dukka opp vatn.
Men alt i alt tok hu det svært bra, og me fekk godt dreisen då dette å gå på mølla.
Skrøyt fekk hu også av behandlar, hu bøyde godt på kneledda, dvs løfta beina veldig bra.
Dette skal me gjera 10 gonger, 1 gong i veka, så me har ein del kjøring foran oss framover, men alt for skjønnaste Thassiejentå mi. <3
--------------------------------------------
Mimi har rukke å bli 13,5 veka, og det går strålande. Hu er ei tøff lita tøtte, men utrulig mjuk på same tid. Har utrulig godt øyra for klikkaren, så me kosar oss med klikkertrening, utstillingstrening og miljøtrening nå medan Thassie er i rekonvalens.
Her er eit par bilete fra dagens fotosession… =)
2 kommentarer:
Endelig oppdatering! :-)
Flinke flinke Thassie i tredemølla!!
Meeeen, det eg lurer på er om det ER patellaluksasjonoperasjon når det "bare" er festing av leddbåndet? Eller er det også patellaoperasjon?
Syns det var SÅ gode nyheter, at dei ikkje hadde vore borti beinet og fikla, og du er SÅ flink som passer så godt på skjønnasThassie :-)
Og eg gleeeeder meg til å helse på Mimi! :-)
Ja, visstnok var det det, men eg syns det va skikkelig herlig at dei IKKJE var borti beinet for å lage større fure for kneskåla. Alt det var som det skulle vera, det var "bare" leddbåndet som var for slakt..
Eg gledar meg også til å vise deg Mimi, og vise kor langt eg har komt med Thassie i rehabiliteringen.. =)) Må få det til snart nå..
Legg inn en kommentar