fredag, juni 25, 2010

3 mnd vaksinen og tur til sørlandet

Igår var me og fekk siste vaksinen for et års tid. Dyrlegen var ein stor og høg mann som Thassie syns var ein smule skummel. Då eg opplyste om at hu syns menn er skumle, endra han heilt holdning og hu fekk eit veldig godt møte. Sprøyta gjekk kjempefint, og ellers var alt veldig bra.

Idag har me toke turen ned til sørlandet slik at Kari Anne også endelig fekk møte Thassie.
På veien derte, stoppa me fleirne gonger, og første gongen me stoppa kom der ein eldre herremann med ei lita svart puddeljente på 4 mnd ved navn Trulte. Dei spurte om dei kunne få hilse, så me gjekk bort til dei.
Selvfølgelig blei dei veldig betatt av fargane til Thassie, og ganske øvegidde når eg sa hu også var ein puddel. De
spurte om koss ting hadde gått fram, og eg fortalte kort koss eg hadde fått hu heim.



Etter nesten 4,5 time på veien kom me endelig fram. Thassie elskte Kari Anne fra første øyeblikk, og kunne ikkje få nok av hu.
Tida kom for at Thassie skulle få møte Emil, og dette blei nok i meste laget for Thassie. Emil, som sjølsagt blei stor i forhold til henna, syns hu var meget interessant og kunne nesten ikkje la hu få fred, dvs han sprang etter hu.... Thassie blei pysete, og peip og skreik bare Emil var mindre enn ein meter i fra hu.. Me gjekk ein liten tur i samen, og dei gjekk greit i samen då me fant ut me skulle ta ut Ayla..

Og Ayla var bare heilt fantastisk. Om det er møtene med Odin som gjorde til at det var heilt greit å sjå ein stor svarte ein, eller om det var lydane Ayla kom med, vil eg la ligga i lufta... Ayla ignorerte Thassie heilt, og dette syns Thassie var kjempegreit. Hu gjekk som skygge etter Ayla, og syns det var kanonkjekt å springe etter bandet som hang etter halsbåndet til Ayla. Thassie falt altså veldig for Ayla, og desse to gjekk veldig godt samen resten av dagen, som ein kan sjå på bildet under.

Emil blei litt for kvalp for hu, og eg ser at dette er nåke me må får meir til, å helse på andre kvalpar, for me har jo primært holdt oss til fornuftige voksne gode hundar...Det heile gjekk seg til seinare på kvelden, og de kunne ligge rett ved siden av kvarandre og sove...

søndag, juni 20, 2010

fisketur og biltur i bur

I går la eg på toppen av buret hennas då eg la meg. Hu gjekk rett inn og brydde seg lite om at det var topp på. =) Det var eg veldig fornøyd med.

Idag fann me ut me skulle på fisketur, og eg nytta sjansen til å trene litt med hu at hu sitter i bur mens hu er i bilen. Eg tok med buret hu ligge i om nettene, tok på gitteret og satte meg bakerst i bilen. Hu fekk gå inn sjøl, og eg lukka døra. Mens hu fremdeles var rolige, ga eg hu på godbitpølser og då me hadde kjørt ei lita stund, så la hu seg ned og sovna.

Då me var framme, hadde eg selen og bandet på mens me rusla så fint ned til vatnet. Det var ikkje lenge før eg tok av alt, og hu rusla etter meg der eg gekk. Då hu var ferdig å snuse, leke med vatnet, drikke, tygge strå, lukte på fisk. For me fekk faktisk fisk også. =)






Tilslutt blei hu trøtt, og la seg godt til rette på teppet me hadde med.


Turen heimover gjekk like fint som den første, og eg må sei meg kjempefornøyd med dette resultatet.

Då me kom heim, fekk me besøk og hu fekk helst på ein mann også. =) Dette gjekk like fint som om det skulle vore ei dame. =)

torsdag, juni 17, 2010

Sosialisering og miljøtrening

Me tok vår aller første tur ilag idag, og mange minner strømma tilbake frå min aller første tur med Swejsan. Det var langt i fra daffetempo, men fram og tilbake, fram og tilbake... Heldigvis har eg jo erfaring på det punktet og vett at det kommer til å ordne seg det og. =)

Me gjekk forbi kyrkja der me møtte ei jente som var bittelitt skummel. Eg spurte om hu kunne få helse på, og først då Tanja også var borte hjå denne jenta var det greit for henne også å gå bort. Det endte opp med at dette også var superfantastisk kjekt. Etterpå strente me rett mot et lite kjøpesenter i nærheten. Her stilte me oss utforbi, og det lot seg vente på at folk ville bort å helse på. Det kunne synast som hu syns dette var irriterande kjedelig. Den første var ei from dame, som blei heilt betatt av dette litle nurket. Thassie syns dette var jysla kjekt, og ville nesten forgå denne dama. Etterpå kom det bort nåken jenter i alderen 10+, og eg må sei meg imponert av folk koss flinke de var til å sette seg på huk slik at dei ikkje blei for voldsomme. Thassie storkoste seg med all oppmerksomheten, og då det hadde helst ca 10 stykker på hu, så reiste me oss og gjekk. Tenkte dette var nok siden me også hadde hatt ein liten tur. Alt i alt, veldig fornøyd med både helsinga og at der ikkje var nåken ukule opplevelsar.

onsdag, juni 16, 2010

Aleinetrening og apport, samt endelig nytt navn

Idag har me endelig kome fram te et navn me ska holda oss te, nemlig "Thassie". Lea har av ein eller aen grunn sagt dette navnet sidan eg henta hu i Tyskland. Så puddelhund er blitt Thassie. =)

Idag har Thassie vore i indre gongen ilag med Tanja. Eg har ein fast ting eg gjer kvar gong eg går, og det er drysse litt kattemat rundt omkring som de går og leiter etter. Dette har eg gjort uavhengig av kor lenge eg har vore vekke, men det har ikkje vore så lenge som idag. 1,5 time. =)
Kvar gong eg har komt heim etter å ha vore ute, så har det vore heilt stille. Pga tidligare erfaringar frå hund med sterk seperasjonsangst, så helsar eg ikkje på hundane før dei egentlig har kome over at eg har komt heim. Først då tar eg handa ned for å stryke litt over dei. =)
Ikkje nåke fuss liksom. Eg har nemlig et kjempebehov for at våre hundar kan vera heime aleine....
Eg la også merke til det, at hu gjekk ut på dyna i gangen 2 gonger då eg tok i nøkkelknippet. Eg satser på at treningen eg holder på med gir godt resultat...

I ettermiddag kasta eg et bitetau, og Thassie la på sprang etter dette. Med ein gong hu hadde dette i munnen, klappa eg hendene i bakken, og hu hadde ein utrulige fart tilbake med tauet i munnen. Dette gjentok me 3 gonger, og prøvde oss også 2 gonger med ein liten ball. Avslutta etter dette, slik at det ikkje blei at hu sprang vekk fra meg med tauet eller ballen. Er faktisk rimelig fornøyd med dette. Ikkje bevisst trening, men et veldig vellykka forsøk iallefall.. =)

tirsdag, juni 15, 2010

Ny Odin-sosialisering

Me har vore så heldige og fått muligheten til å bli skikkelig trygg på stor hund, og ikkje minst som bur rett i nærheten. Derfor tok me igjen turen opp til John og Odin, der Odin var heime med Siv. Me banka på, og blei invitert inn i hagen.

Odin var kjempeskummel med det same. Han blei igjen fryktelig stor og voldsom då han snuste. Odin hoppa lett opp på plenen, og eg løfta opp "litle" så hu ogs kunne springe rundt der.

Det første hu gjorde var å storme bort til Siv, og kunne nesten ikkje få nok av hu. Siv trur eg har smelta heilt for hu litla, for hu fekk sitte lenge på fanget hennas.

Då hu omsider kom ned på plenen igjen sprang hu rundt og bare koste seg. Hu inviterte Odin til lek, nåke som eg ser veldig positivt ut. Odin spankulerte rolig rundt og "passa" på hu på ein måte. Hu var rimelig interessert i et eller aent som befant seg på andre sida av gjerdet, og Odin gjekk i nærheten som ein "storebror". =)

Lek blei det også, svært urettferdig sådan mtp styrke, men igen Odin var kjempeflink og bare sto og holdt til "litle" slapp. Då hu skulle prøve å ta tak i tauet igjen, brumma Odin litt, og "litle" blei ståande heilt stille ei bittelita stund før hu tok ein heilomvending og fant nåke aent å leke med.



Då klokka nærma seg 19.00 måtte me dra og hente Lea, så "litle" fekk seg ein dose med ungar i Lea sin alder også. Dette gjekk veldig godt også. *phew*

På tampen kjem eit lite bilde frå då me var komne heim. Hu var heilt elektrisk i dette øyeblikket, for det va jysla kjekt å bølle litt med Tanja, slik bite i halen osv osv..


Tanja er forresten 2300 gr nå, mens "litle" er blitt større og var heile 2335 gr på søndag.
Måler jevnlig for å sjekke at hu faktisk legge på seg.
Eit lite hinder me har støtt på, er nemlig det at hu ikkje er glad i mat. Me er på god vei der, og har fått veldig god hjelp og mange råd av Britt med erfaring fra Zelante. Gode rd er dyrebare, og nåke så enkelt som at "litle" treng ro mens hu et, er ein ting eg blei gjort oppmerksom på av Britt. =) Takker for alle råd.

torsdag, juni 10, 2010

Første dusj og første føning

Dagen idag har vært prega av avslapping og lek. Tenker me finn på ein ting kvar dag, som hu må venne seg til og bli kjendt med.

Tanja og Litle har funne tonen idag, og dei har lekt masse med alt de har funne i hagen. Det har bytta på å springe etter kvarandre, hatt drakamp og stjelt lekene av kvarandre. Ganske så artig å sjå på.







Litle sin ting hu skulle gjennom idag, var dusj og føning samt å greia pelsen. Halsen sto perfekt gjennom heile dusjen, og det var tydelig at det falt i smak då eg tørka hu med håndkle. Fønaren var ikkje fullt så kule, men eg holdt den foran hu, så hu kunne få snuse på den og fant tilslutt ut at den ikkje var så skummel likevel. Greiingå var eg rask med, så hu fekk knapt tenke over ka som skjedde der. Hu lukta på børsten, og med det same hu slappa av på bordet tok eg hu ned.. Ein må lida for skjønnheten, og det tar på med både lek og stell.

onsdag, juni 09, 2010

Endå eit sosialiseringbesøk

Idag hadde me tatt det heilt rolig fram til me skulle kjøre til Ellen Beate for å treffe Kira.
Me møttes ute, og dei fekk snuse og sjekke kvarandre ut på eit lite plenstykke rett attmed. Hu skvatt litt til då Kira inviterte til lek, men dette gjekk seg til det også. Me gjekk ein bitteliten runde med begge to før me endte opp på terassen.
Kira var veldig nysgjerrig på den litle svarte dotten, og Rina syns til tider at Kira var veldig stor.

Men det var eit veldig positivt møte, og Rina klarte å slappe av veldig fint.

Her ligger dei begge to og søv så godt i skyggen. =)


Jakob, sønnen til Ellen Beate, var også der og helste på Rina. Rina falt totalt for han, og kunne nok vore i fanget hans heile tida om hu hadde hatt valget.


Jakob hjalp oss også med å trene på sykkel. Og først var sykkelen ganske skummel. Jakob var kjempeflink, og bare trilla forsiktig forbi, slik at Rina ikkje sprang vekk. Dette gjorde han et par gonger, før det var heilt greit å sykle heilt vanlig forbi hu. Då låg hu bare på bakken og konsentrerte seg om å smake på graset der.
Eit vellykka besøk med andre ord.

Alle bildene har eg lånt fra Ellen Beate. =)

tirsdag, juni 08, 2010

mating og utetrening

Idag er eg rimelig fornøyd med Rina (nytt navn) sitt forhold til mat.
Tidligare har hu ikkje villa hatt maten sin, men det har vore rimelig interessant med chihuahuafòret frå Royal Canine i påvente av puddelfòret derifrå.
Det første måltidet åt hu bare 1/4 del av, mens 1/2 blei ete opp på måltid nr 2. I ettermiddag gjekk det ned nesten 3/4 deler, og eg kan sei meg fornøyd med den mengden dersom me ikkje klarer å komme opp i større mengde.

Idag har hu vore med meg utenfor og rydda/vaska/støvsugd bilen. Hu klynka litt då hu blei begrensa i kor hu kunne gå og ikkje gå. Eg hadde flexilina heilt ute, hadde lagt ut teppe til ho i tilfelle hu ville legga seg, og var innenfor rekkevidde.
Pga varmen heiv eg jakka, og det var denne hu fant ut var grei å ligge på då hu ville legge seg ned. Eg støvsugde bilen uten at hu brydde seg nevneverdig om den. Gjekk forbi den med logrande hale etter ei lita soveøkt, for å helse litt på meg.
Eg gjekk fram og tilbake, inn med x antall kaffikoppar, kler og diverse andre ting som ikkje høyrer heime i bilen, og hu blei liggande å sove gjennom dette også. =)

Forutenom dette blei hu med til postkassa og såg 5 personar passere på diverse måtar; 2 jenter dreiv å sparka i steinar foran seg, og gjekk relativt løye pga dette, ein liten gutt smaug mot oss, mens et par andre kom gåande heilt vanlig med mp3spelaren høgt på. Me sto og prata med naboen mens de passerte, og hu bare satt og såg på dei.

mandag, juni 07, 2010

støvsugar og mopp og dyrlegebesøk

Idag var dagen for støvsugar og mopping av golvet.
Eg var ganske spent på koss hu ville reagere på dette, tenkte egentlig athu ville bli litt skremt av støvsugaren iallefall.

Så, det eg gjorde, var å sette Kaizers Orchestra på. Greit lydnivå, og mange rare gode lydar utifra høgtalerane. Så tok eg støvsugaren med inn på badet, mens hu var i stova, og satte den på. Hu reagerte ikkje på lyden, men kom litt rolig opp for å undersøke ka eg gjorde på. Badet, kjøkken, trappa og stova blei tatt, og hu gjekk bort til slangen og snuste, snuste på framstykke (då passa eg på å halde den i ro), gjekk forbi sjølve støvsugaren uten å miste halen. Eg gjorde ingen plutselige bevegelsar når hu satt i nærheten av den, og tilslutt blei hu så trøtt av dette at hu gjekk inn på kjøkkenet og la seg til sove. Registrerte ikkje då eg kom med moppen og skulle vaske golvet.

Då hu hadde kvilt ei stund, var det tid for å dra til dyrlegen, og få den siste delen av bendelormbehandlingen. Tanja skulle også inn under bedøvelse for å trekke ei veldig laus tann, men denne hadde visstnok forsvunne av seg sjøl siden sist eg såg den. Men det for ei til som var laus, og hu står igjen med bare 6 tenner nå. Hu er stakkarslig og pjuskete, og eg har verdens dårligaste samvittighet for den litla skjønna jentå der. Hu blei også revaksinert og me fekk nye reseptar på optimune og fucitalmic eller nåke slikt(sistnevnte for betennelse i augene).

Eireen kobla veldig fint av mens me venta på at Tanja skulle bli ferdig, slik bilde under her viser. Hu sjarmerte alt på to bein, og dei var ganske fascinert over denne tofarga litle puddelen som hadde så godt lynne og var så glad i alle som kom og helste. Stolt som bare det fortalte eg vår historie. =)

søndag, juni 06, 2010

Sosialisering

Kari Anne ga meg gode tips på hundar eg kunne få god sosialisering på, og eg tok kontakt for å avtale et møte. Første sosialisering blei med John og Odin. Odin er ein rottweilerkjempe med galante manerer så det holder. Og ei usikker Eireen blei etterkvart tryggare. John var ved første øyekast kjempeskummel, men det gjekk heller ikkje lange stunda før hu hadde tødd opp med han. Odin var som sagt ein kjempe, som bildene viser, men dette var ingen problem. Det skremte hu litt når han bydde opp til lek, men fleirne møter vil forhåpentligvis gjer henne trygg på dette også. Til tider la hu seg ned og betrakta det heile, før hu i gallopp sprang mot John, og kraup forsiktig opp i fanget hans. Hu helste også på sambuaren hans, og eg ser at damer generelt ikkje er eit problem. Hu er spak med ein gong, men tør veldig fort opp når hu helser på damer. John var også kjempe god som inviterte til lek mellom Eireen og Odin, så fekk eg hendene fri til å ta litt bilder. =)
Ein liten bildeserie fra seansen nedenfor.
Eireen var heilt ferdig då me gjekk derifrå, og eg såg antydning til startande raptus, og avslutta besøket før hu fekk skikkelig springerie. Etterpå bare sov hu. Herlig god sosialisering.




torsdag, juni 03, 2010

Eireen er blitt norsk

Så var den store dagen komen, og eg skulle ned til Frankfurt og hente Eireen heim. Først skulle eg fly frå Sola til Oslo, og derifrå ned til Frankfurt for så å fly direkte tilbake til Sola igjen.

Det blei ikkje mange timane med søvn den nattå, men ingen problem å stå opp. (lurer på kaffor) Flyet til Oslo overraska meg på mange måtar, eg va nemlig IKKJE klar over kor skummelt det var å fly, og satt med hjerta i halsen både under "take off" og landing. For ei pysa... Men, det aller verste var nede i Frankfurt. Eg trudde virkelig flyet skulle skeine over og rulle rundt, då me kom litt på halv åtte ned mot rullebanen.. Fant meg sittande å kikke ned i bakken for å lukke ute skummelhetene.. =) Og det funka jo bra.. =)

På sjølve flyplassen blei eg heilt "lost". Oppdrettar sat fast i trafikken, og var ikkje komen endå, og eg hadde skikkelige problemer med å få lokalisert kor eg i det heila tatt var. Det meste sto på tysk, og eg kan ikkje tysk.. Etter mykje om og men, fram og tilbake, nesten innsjekking og utallige frustrasjonslydar frå meg møtte eg endelig Elvira (oppdrettar) og Eireen. Ved bilen ordna me opp i resten av betaling og papirer, før me endelig blei aleine. Eg fant fort ein rolig plass, uten for mange folk susande forbi, og Eireen roa seg meir og meir etter kaoset inne på flyplassen. Eg fekk endelig summa meg og tatt bilde, så eg kunne sende til spente nordmenn heime i moderlandet. Og hjelpe meg for respons. =)



















Eireen var heilt ferdig av alle inntrykka og sovna nesten med ein gong hu kom ned på fanget mitt. Eg hadde funne meg den mest teite stilling som gjekk an, nemlig å sitte på huk, og kan skjøna det at eg ikkje kunne bevege meg når hu hadde sovna så fint... Så der sat eg, på huk, og kjente beinå blei vondare og vondare. :/

Tida nærma seg for at me skulle returnere til Sola, og det var for oss bare å gå gjennom sikkerhetskontrollen. Me kom på flyet, og fekk ei heil rad for oss sjøl, handikap-plassene fremst, så det var god fotplass. Og skjønnaste Eireen sov og sov.
Me nærma oss Sola, og eg pakka om for å ha alt av papirer til tollen klar, slik at ting kunne gå fort. Eg ville heim nå. Ved tollen var det ingen, så me slapp ytterligare heftelsar, og kunne sette beina innanfor heimen litt over kl 19.

Og heime venta de spent. Møtet med Tanja gjekk veldig bra, sjøl om hu i ettertid har gitt beskjed litt urettferdig. Men, når det er skrevet, så høyre det jo til saken at Tanja er skranten mtp patellaen sin, augene og det kan fort bli nok for hu. Eg må skjerme hu litt for kvalpestrekene til Eireen, så hu ikkje får det for seg å gå på hu uten grunn.
Hu har funne seg greit til rette, Lea på snart 3 år er ikkje skummel, og bare kjekk. Anders derimot, er bittelitt skummel endå, men det tør opp for kvar time de er i nærheten av kvarandre.
Eg og Eireen har tilbrakt to netter på sofaen ilag, nåke som har resultert i tørre netter. Heldigvis at hu ikkje har tissa i sofaen.. =) Ute har hu funne "dumpeplassen" vår, kor me kaste hundebæsjane frå plenen, og setter seg bakom det vesle huset i hagen og bæsje.. Jaja, så sleppe me å gå og leite etter resultata hennas for å få de plukka opp..


Idag har eg voge Eireen, og hu vege nå 2057 gr, mot 1690 gr i forrige veka. Tanja var 2367 gr. Ikkje store forskjellen i vekt, og heller ikkje store forskjellen i størrelse aent enn ein liten c, eller to.
I morgen begynner me smått med miljøtrening og sosialisering, då hu har fått nokre dagar i ro og fred heime. Det skal bli spennande, for eg ser nå ein del ting som me allerede har begynt å "trene" på. F.eks bli komfertabel med bur, ligge i halvdelen av buret, så deretter med toppen oppå, og deretter med gitter på uten å vera lukka og så lukka. Først då vil eg bruke det i bilen, slik at hu kan var trygg i bur i bil også. Eg har allerede komt et stykke der, for hu velger allerede å ligge i bur uten topp.


Ei raptusøkt har hu hatt idag, og då tok eg hu inn i buret som fremdeles sto ferdigmontert, og hu roa seg der. Grunnen til at eg tar av toppen er at eg vil hu skal bli skikkelig komfertabel i utgangspunktet, før me sakte går vidare slik at me får eit godt grunnlag for vidare trening mtp heimetrening og liknande.

onsdag, mai 26, 2010

8 veker bildene



Litle snuppeline har blitt 8 veker nå, og har i vente kommande veke både vaksinering og evaluering før avreise til Norge neste tirsdag. Herlighet som eg gleder meg. Boka "valpesosialisering" er allerede skumlest ein gong, skikkelig lest ein gong, og skal nå noterast frå slik at eg gjer alt rett frå første stund.

tirsdag, mai 25, 2010

Under ei veka


Det er ganske så ufatteleg at eg om under ei veke sit med ein liten brun og svart kvalp på fanget her heime i stova mi.
Det blir ei spennande tid framover med mange ting me må gjennom med tanke på sosialiseringen hennas, men skal gi alt desse vekene... De blir proppfulle, men eg rekner med at eg held håve kaldt....




*alle bilder av Eireen og filmsnuttar er stjåle ærlig frå oppdrettars heimeside*

tirsdag, mai 04, 2010

Nye vekesbilder.


Då var den litla tøttå allerede blitt 5 veker, og nye bilder har kome på mail. Syns hu blir skjønnare for kvar gong eg ser på na, og det e ikkje reint lite i løpet av ein dag.
Nå har hu fått snuten kort også, som den puddelkvalpen hu e. =)