I helga var det duka for Rallykurs, og det starta fredag kl 18-21. Kjente det hadde vore ei hard veke på jobb, men hadde likevel god konsentrasjon heile økta.
Lørdag møtte me opp kl 10 og starta ute med å ta ein og ein hund ut for å vise lineføring og sitt/dekk og bli. Det var eg og Thassie, Edel og Lady (storpuddel), Sunniva og Pia(toypuddel), Gerd Marit og Cora(pinscher), Anne Cathrine og Nova(cocker spaniel) og Gunn og Embla(rottweiler).
Me hadde jo ikkje nåke inne, men eg var særdeles fornøyd med Thassie for at hu klarte å arbeide til tross for at der sto ganske mange folk og såg på, det var ein heilt ny plass, ikkje spesielt varmt, gras rett attmed pluss pluss. Eg fekk mine fokuspunkt og det var å halde handa vekke fra godbitveska, gå langsomt (då det viste seg at Thassie fulgte mykje bedre med då) og gi godbiten heilt nede slik at ho slapp å strekke seg etter den.
Etter at alle hadde vist fram det eine og det andre, gjekk me inn for å ta litt teori. Det regna ganske så bra, og me drøyde an det me kunne før me måtte ut igjen. Ikkje det at det hjalp på regnet, men då var me alle saman veldig klar for arbeid.
Me vart delt i 3 grupper på 2 og skulle bytte på å ha hunden ute. Thassie blei ganske fort våt, etterfulgt av kald, men klarte likevel gi meg masse og jobbe godt.
Etter lunsj fortsatte me, og Thassie hadde ei teit økt der hu ikkje ga nåke som helst. Eg jobba virkelig for å få hu med, men det varte kanskje 2 sekunder, så var ho poff vekke for meg igjen. Frustrasjonen og ønske om å gi opp kjem særdeles raskt hjå meg, og ho fekk kome i bilen i ein forrykande fart. Då det igjen var vår tur, fekk eg kanongod hjelp av Kari Anne til å få ho med, og me gjekk både høgresvingar og slalom og hadde ein suuupergod økt. Så var det rett opp igjen, og målet om å nå rallystart var der igjen..
Etter endt dag var både eg og hund ganske slitne, og det freista lite med både matlaging og andre hus-ting… Så det blei med å slita sofaen.
Søndagen var motet oppe igjen, men dag 2 skulle vise seg som utfordring på mange måtar. Eg måtte igjen jobbe hardt for hennar oppmerksomhet, men denne dagen var iallefall veret på vår side, og gjorde til at eg endte opp tomatrød i ansiktet og heilt utslitt. Kari Anne hjalp oss igjen vidare med både kontakt og lineføring, og det blei sjåande ut slik som videoen under. Thassie og eg er heilt i byrjinga av all lydighet, og derfor ser dette slik ut..
Oppsummeringen etter siste dag er likevel ikkje den aller verste til tross for at me ikkje har kome så långt i lydighetstreningen. Thassie kan (når eg jobber rett) gi og gi i 8 minutter, hu går fleire steg i lineføring på heilt ny stad med andre folk til stades og med leik som belønning. Me har fått gode instrukser på koss me skal arbeide vidare og eg gler meg til eg får energi nok til å begynne for fullt.
I morgon er det 17. Mai, og i den forbindelse har Thassie fått seg nytt halsbånd, som eg sydde ikveld. Og ei lenke som eg også fiksa. Om ikkje veret er godt nok for at hu blir med i morgon, så får ho iallefall gått med det her heime. =)
2 kommentarer:
Dette var ein optimistiske og herlige oppsummering av helga, syns eg :-)
Eg syns du var spesielt flinke til å ha is i magen når hu vimsa eller fjolla litt, og det er SLIK du lærer henne at det egentlig er ganske kjedelig å koble deg ut ;-)
Eg var veldig fornøyd med frekvensen din, og slik du jobba både på lørdagen og søndagen, er cluet for ALL god hundetrening :-) Holde frekvensen oppe, og jobbe på hunden sitt nivå, og eg må sei at Thassie imponerte STORT på lørdagen når det regna så masse!
Gleder meg uhorvelig til eg enten skal dømme dåkken i rallykonkurranse, eller komme for å sjå på :-)
Ja, eg er fæl til å gløyme meg ut på akkurat den vimsinga hennar, men det var godt du minna meg på det igjen. For eg veit at eg treng det. Å bli minna på at ho skal sjøl få sjå kor det er kjekt å vera og jobba, og at eg får ein kreativ hund.. Noko som ga utslag i kveldens trening.
Og det som slo meg då eg såg denne videofrekvensen, er at til tross for at halen går ned litt når eg gir ho godbit (sikkert pga at eg bøyer meg slik), så er ho ein kanonglad hund! Og slikt likar me. =)
Legg inn en kommentar