fredag, mai 27, 2011

Fredagstrening

Idag satte eg opp 5 kjegler i hagen i samanheng slik at me kunne gå i timasvis om me hadde kunna det.

Det var 90 grader venstre, heilomvending venstre, 270 grader venstre, 90-stopp-90, 90 venstre fram. Denne gjekk me to gonger kor me avslutta med 2 firkantar med 90 vendingar.

Me hadde oss ein liten pause og medan me hadde den fann ho ut ho skulle dytte på kjeglene så dei velta.. whuuuupsi, slikt kan me ikkje ha noko av, så me gjekk banen ein gong til før eg rydda dei vekk..

Hu er suuper i hagen, neste gong må det bli på grusplassen me prøver oss, så det blir spennande..

 

Ellers så sto det ein rockering ute, og eg hadde 7 godbitar igjen i veska. Eg såg muligheten for å lære henne å hoppe gjennom ein slik ein, ikkje veit eg om eg ein gong får bruk for det, men artig var det iallefall. Først skjønte hu ikkje heilt kva ho skulle med den, så hu brukte framlabbane og dytta borti den. Når ho ikkje fekk uttelling for dette, så gjekk hu gjennom den. Etter 4 repetisjonar, løfta eg den 10 cm frå bakken, og då begynte ho å trø på den, før ho fann ut at ho skulle gå over denne gongen også. Siste gongen fekk ho eit aldri så lite byks også.. Smilefjes med åpen munn  Skal prøve å filme når eg kan flytte den litt høgare over bakken slik at ho faktisk hoppar.. =) Kjekt..

4 kommentarer:

Kari Anne sa...

Kult!! Gleder meg te å sjå SirkusThassie! :-)

Olaug sa...

Kom jo på seinare på kvelden, at dette har me jo bruk for i agility, så det er jo litt nyttig likevel. :D

Carita sa...

KULT seie eg og :) Tippe Thassie synes det va strålende kjekt! Oliver like i alle fall aller best triks, e litt mindre pirk på de :)
Syns du e mye ute å trene, eg må visst få fart på meg eg og ;) Komme du på mandag?

Olaug sa...

For Thassie virke det kjekkare når me trene lydighet enn triks. Og for meg ser det ut som hu tar lydigheten fortare også faktisk.. :)

Ja, me komme på mandag, og då har eg med meg både Thassie og Mia. Eg og Mia skal jo gå konkurransen den 6. så me trenge jo treningen...