onsdag, februar 02, 2011

Observatør på trenarutdannelse trinn 1 med Thomas Stokke, klikkerkurs

Dagen begynte med teori, og me (iallefal eg) sat å hutra inni eit lite rom.

Det blei gjennomgang av målsettingar og viktigheten av å sette realistiske mål, både for oss sjøl og omgivelsane og ikkje minst hunden.

Vidare gjekk det over på belønning og kva som var hensikten med mat som belønning og leik som belønning.

Mat som belønning er svært gunstig i forhold til rolige øvelsar, der me ønsker at hunden skal forholde seg rolig.

Leik som belønning brukast for å få opp fart og intensitet, ein vil gjerne at hunden skal ha god fart i det den skal gjera, og brukast gjerne til å få fram iveren og driven.

Etterpå blei det praktisk trening i form av leik som belønning, og dette skulle få hunden meir lysten på trening og leik. At den tigga etter meir. Dette arta seg i å få ei god lekeøkt med at hunden drog godt i leika. Etterpå skulle ein bare la hunden få springe vekk med ei leke når den drog godt, dvs at den fekk vinne leika, mens eigar gjorde seg interessant og hadde det veldig artig med den andre leika. Dette enda alltid opp med at hunden sprang til eigaren og ville vera med der. Dei som sleit med at hundane sprang vekk med leika og ville bare leike aleine, opplevde nå at hunden kom til eigar og ville vera med på det kjekke der.

Viktig var det også å generalisere leiken i alle miljøer slik at hunden blir mottakelig for leik som belønning uansett kor ein er.

 

Vidare var det praktisk trening på burleiken. At hunden sjøl skal velga å gå inn i buret og vera der. Dette skulle den også ha eit visst driv over seg når den gjorde, og ein kunne observera forskjellige tolkningar av det iløpet av økta.

Apport var også på planen, og dette hadde ein god del av dei allerede inne, mens dei andre kom svært godt i gang.

Teorien på slutten av dagen tok føre seg shaping og dei ulike måtane å gjere dette på. Her fekk eg mange gode tips til korleis eg kan komme vidare med Thassie, så det ser eg fram til når åndå tar meg igjen.

Dag 2

inneholdt svært mykje praksis. Ein skulle arbeide to og to ilag på å shape inn et triks.

Etter denne lange økta, blei det intervallar med kvar hundeeigar og hund, der Thomas Stokke hjalp til med kvart sitt ønske om hjelp.

Det var for det meste bakpartskontroll på samtlige av desse, men også fri ved fot.

1 kommentar:

Kari Anne sa...

Endelig! :-)

Høyres ut som eit skikkelig kjekt kurs, altså :-) Spent på neste kurshelg nå :-)