Thassie viser mange teikn til falsk drektighet. Ho fekk si første løpetid veka føre jul, og hadde i slutten av januar antydning til masse i jura.
Eg blei då gjort oppmerksom på å slutte å kose på magen, noko Thassie elsker.
* Nå i skrivande stund har ho gått sidan forrige fredag, altså 10 dagar utan å ete spesielt. Litt mat har hu villa hatt, men det har vore ytterst lite. Som oftast har ho verre latt det vere og gått vekk igjen.
* I tillegg til dårlig/manglande matlyst har hu valgt å trekke seg tilbake og sove mykje. Me har hatt storpuddel i hus, og dette har ikkje hjulpe noko på hennar aktivitetsnivå.
* I går, søndag spydde ho.
* Ho har også virka for meg å vera nedstemt.
Råd har blitt gitt, og eg har lese meg fram til at det beste er å halde ho i aktivitet og aktivisere.
Så det har me gjort på best mulig måte. Me går tur, leiker, kaster ball som ho spring etter, hatt treningsøkter der ho har fått sprunge og blitt fysisk trøtt, trent diverse triks, generalisert og hatt stimuluskontroll, besøkstrening med avbrekk av leikekamerat/springing m.m. Og idag ser det ut som Thassie er tilbake. Eg vil ikkje anta at det er over, så eg kjem til å halde på slik ei god stund til, med fornuftige sovepausar innimellom.
Idag har ho ete oppbløyta tørrfòr, skjønt eg måtte først få ein bit i munnen hennar, før ho skjønte at dette faktisk smaka godt. Ho har også vore skikkelig mottakelig for godbitar og me har kome skrittet vidare på trikset “å sitte bamse”.
1 kommentar:
Her er ei oversikt over alle mine innlegg om falsk drektighet.
http://kariannesinblogg.blogspot.com/search/label/Innbilt%20drektighet
Legg inn en kommentar