Thassie har mange triks hu skal lære, og me har endelig komt igang med ein god del av dei. Me finn det endå litt vanskelig med shaping og capture, men skal nok tilslutt bli rimelig god på dette også.
Innlæringa av trikset “å bukke” har foregått på denne måten.
Først viste eg ho med handa at ho skulle ned med frambeina, eg hjelp ho ikkje fysisk i det heile tatt. Mange gonger gjekk ho rett ned i dekk, men der var ein gong rompa blei ståande opp og fekk inn et klikk på rett stad og hu fekk ein kjempebelønning. Medan ho sto slik, fekk ho mange klikk etterfulgt av godbitar. Denne siste gongen avslutta me med, etter ei økt på 4 minutter. Huska nemlig frå kurset til Thomas Stokke at øktene er bedre når dei er korte, helst mellom 3-5 minutter.
Neste dag prøvde med igjen, og nå trengte eg bare ta handa ned i golvet for at hu skulle få frambeina ned og rompa opp. Hadde ei god økt med klikk og belønning for å gjere handlingen og stå i den posisjonen. Me lot det vera med den økta, og venta igjen til i dag med neste økt.
Idag kunne eg bare sette meg ned for at hu skulle tilby å bukke, og eg ga hu mange klikk med belønning for å gjera dette. Når hu blei ståande i same posisjon klikka eg og kasta godbiten for å få intensiteten hennar opp litt. Det hjalp litt, og me hadde ein perfekt avslutning.
Neste økt var eg ståande foran henne, der eg tok henda mine saman foran meg, og hu gjekk rett ned i bukk. Ei 3 minutters økt på dette.
Neste gong sto eg heilt vanlig, uten form for hjelp ga hu meg både dekk, sitt, prøvde å gå slalom før hu endelig tilbydde å bukke. Då fekk hu klikk med kanongode godbitar. Full jackpot.. =) Hu fortsatte å tilby bukk, og eg klikka og ga godbit. Etter eit par minutters pause begynte eg å legga på kommandoen “”bukk”. Eg sa “bukk” og i same sekund gjekk ho ned i bukk. Vidare skal me få god stimuluskontroll på denne, samt generalisere.
Thassie trenger nemlig å trene seg (og meg) opp til å tilby meg forskjellig når me trener, og dette klarte hu jo også nå idag.
I morgon har eg planar om film for å vise kor me har enda opp hen. Denne gongen syns eg at me fort fekk vekk håndvising og at me fekk til dette med at hu skulle tenke seg fram til kva eg faktisk ville ha fram.
Goda puddeljentå mi.
2 kommentarer:
Syns dette høyres ut som god trening for dåkken begge, eg! :-) Flinke dåkken er!!!
Gleder meg til videosnutt!! :-)
Eg prøver jo så godt eg kan at hu ikkje skal trenga så masse vising, men denne gongen var eg veldig rask og veldig bevisst på at eg skulle fjerne hjelpa.... Og eg syns me kom godt ut av det denne gongen da.. =)
Legg inn en kommentar