mandag, januar 22, 2007

Tur i snøen

Etter at det har komme snø dei siste dagane så har Swejsan kost seg kjempemasse ute. Derfor tenkte me å gå ein tur i heia mellom Undheim og Ålgård. Dette var skikkelig kjekt for Swejsan. Han sprang opp bratte bakkar, og ned bratte skråningar, og skikkelig storkoste seg. Tanja hadde derimot puddelsyndromet, der snøen feste seg i håret mellom potane og gjorde vondt når hu gjekk. Men hu fekk gå så lenge hu ikkje halta eller skalv. Derretter tok eg hu inni jakken, så snøen fekk tine seg og hu fekk varmen igjen i kroppen. Hu koste seg også, sprang 5 meter fra oss, men bråsnudde for å komme tilbake igjen. Swejsan hadde teften av så mangt, og han var skikkelig gira. Kasta eindel pinne til han, og då den leken var omme, sprang han fornøyd rundt med pinnen i munnen. Ein kald og deilig tur. =) Kanskje aller mest fordi det IKKJE regna. =)

1 kommentar:

Kari Anne sa...

Dakar Tanja.. Godt ikkje snøen plar ligga lenge, då... :-)