tirsdag, januar 23, 2007

Forberedelse

Idag har eg begynt å forberede "heime aleine treninga". Målet mitt mens eg nå likevel ikkje kan gå på jobb, er å få Swejsan trygg inne i buret i eit anna rom. Eg tar utgangspunkt i kontoret mitt. Der er det ikkje vinduer, og kan derfor bli heilt mørkt. Eg satte inn buret hans, med luka på og åpen, la inn ei tynn madrass slik at det blir godt å ligge der for han. Etterpå ropte eg på han og han gjekk inn i buret med ein gong han såg det.

Det eg håper skal skje i begynnelsen er at han går inn like frivillig som idag, og legger seg ned og får til å sove. I begynnelsen vil eg bare holde på med litt forskjellig der inne slik at eg også er i nærheten. Etter kvart vil eg begynne å kunne lukke døra mens han er i buret og eg er i rommet. Derretter vil eg mens han ligger i buret og med åpen dør forflytte meg lenger og lenger vekk. når det er ok med døra åpen, vil eg lukke den og gjere det med same hastighet. Eg ser føre meg at om ca ein måned kan eg var på kjøkkenet med han i buret på rommet og alt er ok for han. Eg har endå litt DAP igjen, og kommer nok til å sette inn resten når eg skal trene på å ha døra inn til rommet lukka..

Ein måned... Då skal me ha klart at han ligg i buret og er trygg og rolig..

2 kommentarer:

Kari Anne sa...

Ein månad?

Jaja... har du satt deg føre ein mnd, så klarer du det, du :-)

Eg har truå på deg!

Olaug sa...

ja, ein måned på at han syns det er greit å ligge i buret uten at døra inn til rommet er igjen, men at luka er igjen... Ikkje at han skal klare å var i rommet aleine og at det skal vera mørkt altså.. Det trenge me nok møje lengre tid på. =)