torsdag, november 03, 2011

Patella luksasjon grad 2

Forrige onsdag, den 26. oktober, hadde Thassie ein merkelig hendelse med beinet. Ho klarte plutselig ikkje stå på det eine bakbeinet lenger, og ville bare halde det oppe. Tanja har sterk grad av patellaluksasjon hu også, så mine varsellamper lyste sterkt med ein gong. Eg ønskte så inderlig vel at ho ikkje skulla ha noko slikt. Me fekk time raskt hjå dyrlege, og der kom dommen, patellaluksasjon grad 2. Det var i grenseland 1 til 2, men sidan hu hadde innslag av ein 2’er grad meinte eg det var like greit å sette ein 2’er på det.
Eg blei ganske knust, ikkje plent fordi hu hadde fått det, eller fordi planane mine om å ha kull på henne gjekk i tusen bitar, men rett og slett fordi Thassie har vondt når dette skjer. Ho hylte til då dette skjedde, og det skar djupt i hjarta å sjå at ho hadde det vondt.
Eg og dyrlegen ble einige om å driva ei kartlegging på nokre månadar for å sjå hyppigheten i det med tanke på vidare behandling.
Dagane gjekk, patellaen lukserte meir og meir, så då mandagen kom hadde ho hatt fleire kraftige luksasjonar kvar dag, og eg ringte dyrlegen for å gi beskjed om at me ikkje kunne fortsette slik som dette. Eg møtte full forståelse for dette, noko som gjorde svært godt. Dyreklinikken min hadde ikkje den breidaste erfaringen i slike operasjonar og ville henvisa oss vidare til Hinna Dyreklinikk, noko som eg syns var svært tillitsvekkande. =)
Eg har heldigvis full forsikring på Thassie slik at både operasjon og rehabilitering vil bli dekka av denne. Det hadde ikkje hatt noko å sei eigentleg, for operasjonen hadde eg stått i uansett. Det er jo babyen det er snakk om…
Så mandag 7. November er dagen som er avsatt til operasjon. Kjenner eg gruer meg, men kjenner meg på same tid i trygge hender. Det skal bli godt å “få henne i orden” igjen, sleppe å begrense henne, ikkje la ho gjere det ho måtte ønske, springe og hoppe utan at patellaen lukserer…
Fram til mandag skal hu ha så mykje ro som eg klarer. Heldigvis er ikkje Thassie vanskeleg på dette, det kan tidvis sitta litt langt inne å høyra på meg dersom dei andre leikar, men som regel vèl ho å gjera som eg seier.

Siste nytt i huset er at Mimi har flytta inn. Mimi er ei herlig kvit mellompuddel etter Zanitha og Robby. Begge foreldre er champions.. 305491_10150354890577201_683337200_8606796_2089509535_n

Elvis har tatt henne i mot på ein veldig god måte, og ho er ikkje langt i frå slik som då Thassie var ei lita jente. Både Tanja og Thassie likte Mimi umiddelbart då ho kom heim på søndag, og viser tydelig gjensynsglede når dei har vore litt i frå kvarandre.
Planane mine med henne er utstilling og rallylydighet. Blir me champions, ønsker eg også å ha kull på Mimi om alt ligger til rette; dvs ingen patella, ingen HD, ingen prca osv osv..
Ho er allereie blitt introdusert for klikkaren, og tek denne svært bra. =) Vidare har me starta innkallingstrening, og nå kjem ho spurtande når eg roper. Ho er veldig glad i mat og svært godbitorientert, noko som også er lovande for vidare trening. Leiken er ho sjølvsagt også.
Neste oppdatering vil nok koma når Thassie har hatt operasjon, og innlegga vil nok vera prega av rekonvalenstida hennar.

2 kommentarer:

Kari Anne sa...

Det var utruleg trist at Thassie også skulle ha denne sjukdomen, og eg håpar ho vil ha ei "speedy recovery" etter operasjonen. Godaste Thassie...

Olaug sa...

Ja, men ein må sjå positivt på ting, hu har ikkje epilepsi (som kan vera ganske fælt på hundar), og det er jo bare snakk om det eine beinet.. Men, ja, detta var kjipt... Eg ska iallefall gjera alt for at hu skal få den perfekte rekonvalenstida med opptrening og slikt, sjøl om eg blir aldri så trøtt...