fredag, november 25, 2011

Miljøtrening på Hellestøstrandå

Idag tok eg og Mimi turen til Hellestøstranda. Det blåste vanvittig, men det var fleire med hundar der ute, så me var ikkje aleine.

IMG_1168

Mimi syns nok at det blåste i meste laget, og syns dei første minuttene av turen ikkje var så fryktelig kjekke. Eg kunne nok godt spart meg for denne turen. Men etter litt så fant me ein tau me byrja å leike med, og ho gløymde fort kva hu eigentleg syns om det heile. Då eg fant fram godbitane og klikkaren, var det heile gjort. Ho storkoste seg blandt sanddynene og lukta på spennande lukter medan ho med jamne mellomrom ga meg kontakt og kom tilbake til meg. Ho haldt seg ikkje lengre vekke enn at eg hadde gitt ho eit mykje større avstandsrom, men det kjem nok etter kvart. =)
IMG_1170
Me begge bles nesten avgårde……
IMG_1175
Litt leik lettar heile stemninga og det heile blir straks mykje kjekkare.
IMG_1186
Godbitsøk i sanddynene. =)
IMG_1197
Godt å komme heim igjen. =)

Lea på 4 år veks og blir meir og meir sjølvstendig, noko me ser både titt og ofte gjennom ein dag.
IMG_1198
Thassie augnar eit lite håp om at det fell nok ned til henna, men ikkje denne gongen. Dessuten, hund og sjokoladepålegg høyrer IKKJE saman..
IMG_1200

Det går betre og betre med Thassie, me har treningsopplegg kvar dag for å styrka den opererte foten, og nå har eg også byrja med å slipe over klørne 2 gonger daglig for å slipe dei ned att etter 14 dagar utan nokon ting. Det fell ikkje like godt i smak hjå Thassie, men det får hu berre tåle.. Det er forferdelig kor lange dei kan bli på to korte veker.
IMG_1202
Kortklipt snute etter nesten 3 veker…

Kommande onsdag skal me inn på ny Rehabstime, så det blir spennande om det me har gjort har vore bra nok. Eg gler meg iallefall. =)

2 kommentarer:

Kari Anne sa...

Hehe... Det såg nesten ut som Mimi sko lette på det eine bildet der :-)

Og dæsken, Thassie såg voksen ut nå!

Og Lea også.. hu har vokst si eg såg na!

Olaug sa...

Ja, det føltes virkelig ut som begge skulle det til tider.. Men heldigvis hadde me alle beina planta på jorda heile tida. ;)
Ja, nå er Thassie blitt vaksen, rart med det, men eg ser hu jo fremdeles som den skjønnaste kvalpen eg nokon gong har lagt augene på..
Ja, snart skulejente på Lea, bare 1,5 år til. :O