fredag, september 15, 2006

Bjeffebikkje

Eg trur Swejsan har begynt å føle at nåken folk e skikkelig skumle. På kveldsturen i går, kom det gåande tre stykker ned ein bakke. Desse fekk han for seg at han skulle bjeffe skikkelig intenst på. Eg overhøyrte at de spurte han om han var sint, eg fekk sagt han bare var redd i det eg gjekk vidare. Då eg va langt nok vekke, plystra eg, og han kom som ei kule....Eg må ut på kveldstid med kattemat og klikker, å trene på dette... For eg vil ikkje ha det slik.. Eg må ta meg skikkelig i samen.
Idag har det skjedd lite igjen. Me har vore på kjøretur, så han har fått lite idag også. I mårå blir det nåke heilt aent. Han trenge det og, og fortjene virklig det
Ikveld også gjorde han det. Jentene hadde gløymt å lukke atte døra, og plutselig var han ute på veien, og bjeffa på nåken tilfeldig forbigåande.... Eg skal begynne å trene på at det kommer folk forbi etter at det har blitt mørkt. Nå nærme det seg jo den årstida der det e mørkt allerede når eg har komt meg heim fra jobb, og eg gidde slettes ikkje at han skal bjeffe på alle folk som kan hende ser litt skumle ut i mørket..

Kloklippe-trening:
Kattemat, tålmodighet og 5 klør klipt på framfoten. Tok ei altfor lang økt, så eg må hoppe tilbake eindel momenter før eg prøve på klipping igjen.. dumme dumme meg

Plutselig fekk han et skikkelig bjeffekick inne, midt på natta, nede i stova... Forbanna altså. Den bjeffingå begyne å bøgga meg skikkelig nå. Eg må sette meg opp ein plan, å trene det vekk før det blir for gale.. At eg har kunna latt det gå så langt.. Søren altså..

4 kommentarer:

Kari Anne sa...

Sidan me ikkje veit kor gammal han er, så kan det hende det berre er den siste av dei såkalla spøkelsesaldrane også.
Eller siste kjønnsmodning, sjølv om han er kastrert.

Me hadde litt mørketrening heilt tilfeldig på torsdagskvelden, og då gjorde eg det slik at når ho laga lyd, så stoppa Vetle opp. Ho såg ikkje at det var han,altså, og vinden kom slik at ho ikkje lukta han heller.
Når ho tidde stille, så snudde og gjekk frå, så snudde me og gjekk mot igjen, og kunne gå lenger. Til sluttt skjøna ho jo kven det var, og så var alt berre fryd og gammen. :-)

Du jobber så bra med Swejsan at dette kjem til å gå heilt fint. :-)

Olaug sa...

jada, eg satse på at det bare e ein siste spøkelsesalder. Eg skal iallefall ikkje gjer nåke for å ødelegge for han, for eg vil jo at han skal bli trygg både på kveld og dag.

Men... eg trur ikkje det hjelpe på at Happy (kvepsebikkja) e med heller... fader altså.

Kari Anne sa...

Nei, hvis Happy bjeffer først, så blir jo han også med. Slik er det her heime også.

Og du såg jo bare på søndag når han låg og kjedebjeffa, så svarte Ayla, sjølv om hu ikkje visste ka hu bjeffa på. :-)

Skal sjå det går øve når Happy drar igjen...

Olaug sa...

ja, søren det satse eg skikkelig på. og då vett eg det blir lenge te eg tar på meg å passe ei slik ei kvepsebikkje igjen... Tanja går det veldig greit å ha her, for hu bjeffe faktisk ikkje i det heila tatt her, i forhold te ka hu gjer når hu e heime..

Eg vett iallefall at Swejsan e ein god og flott stor hund, og eg kose meg skikkelig ilag med han, te tross for denna "set back'en" me har dessa dagane. Men eg vett jo at de også går øve, så då e han like deilig som alltid...
Glad eg har han. Både på godt og vondt. Får testa meg sjøl på så mange måtar... Lærer møje ommeg sjøl også på denne måten...