søndag, desember 17, 2006

klikka Swejsan inn i buret

Ikveld tok eg vanlig fòr og klikkeren fram og tenkte eg skulle prøve å klikke Swejsan til å bruke buret sitt. Og jammen hjalp det. Me fekk det i hus på tirsdag, men det blei bare brukt den første kvelden og ca ein halvtime på natta. Etter det har det fått stått i fred. Så eg tenkte altså ikveld at eg skulle bruke klikkeren, slik Kari Anne gjorde det med Ayla. Først sto eg foran buret, uten å sjå på han. Han tilbydde meg alt han kunne, stå, sitt, ligg, god dag, han prøvde også å hoppe opp på meg, men var ikkje borti meg, for det vett han ikkje er lov. Tilslutt valgte han å sette ein fot inn i buret, eg klikka med ein gong og han blei skikkelig gira. Etterpå gjekk han heilt inn og satt der, eg klikka selvfølgelig og han fortsatte å sitte inni buret. Eg klikka for at han satt der og ikkje gjekk ut. Han blei litt i vande då han valgte å gå ut, og ikkje lenger fekk klikket. Men etter eit par minutter så tok han det igjen, og gjekk inn i buret igjen. Eg klikka som ein galning, og han blei der inne. Etter tre minutter ca la han seg ned, og eg begynte på nytt å klikke som ein gal. Han bare fortsatte å lykkas, og eg jubla inni meg. Tilsamen 4 gonger gjekk han ut av buret, og siste gongen fant eg fram det deilige store oksebeinet som han bare elsker å gnage på. Han fomla i ca 20 sekund, men gjekk tilslutt inn, fekk klikket og det deiliga store beinet. Han slikte litt på det, tok det i munnen, og ville gå ut med det. Med ein gong det skjedde, at han var ute av buret med beinet, tok eg beinet, stilte meg opp igjen, og venta på at han skulle gå inn. Og jammen gjorde han det igjen. Då fekk han igjen klikket og beinet, og har nå låge der i iallefall 10 minutter. Eg har gått opp på kjøkken og vore ute av synet hans, eg har vore på loftet på badet, ute av synet hans, og han har låge heile tida å togge på detta beinet hans. Ser lyst på det framover nå. Forresten, då eg kom ned fra badet igjen, klikka eg og ga han ein fòrbit. Bare for at han skulle vite at det va fint han låg slik. Sjøl om han hadde beinet sitt der.
Skal klikke masse for dette de neste månadane, så kan han nok snart slappe skikkelig godt inni der.

Snart vintersolverv 21/22 desember

Har vært lite oppdateringar her igjen, men det e lite som har foregått. Har funne meg ein ny "rundtur" som er 2,7 km, og ikkje tar altfor lang tid. Swejsan går som ein konge på denne turen.
Det blir ikkje ofte tur på dagtid i dagslys lenger, siden eg ikkje slutte på jobb før 3-halv 4 tida. Nyte helgene som bare det, der eg kan gå ut og faktisk sjå at me ikkje bur i nord-norge der det delar av vinteren e heilt mørkt. Men nå e det altså ikkje lenge te solå snur. Og når den først gjer det, så tar det bare ein måned så er det allerede ein halvtime lysare om dagane. =) =) =)

Me har hatt nåken turar på Bråstein sidan sist, toke litt "sjå litt folk"-turar samt kontakt trening. Og fri-ved-fot turar. Han e umåtelig flinke i forhold te koss møje eg har trent på det, men det kunne vore så møje meir bedre om eg hadde trent meir.

Nå ser det ut som om eg får muligheten te å virkelig trene vekk all seperasjonsangst, då eg komme te å var heima et par år. I juli komme det ein liten her i huset, og pga at eg har den jobben eg har, blir eg antageligvis sjukemeldt i og med at de ikkje kan legge til rette arbeidet for meg, og det er generelt veldig tungt arbeid. Eg har heile planane klare, Swejsan ska bli trygg heima, og mor ska få litt meir "fritid" frå "kleggen". Det e det nye kallenavnet når det begynner å bli på tide med litt fri fra han. Eh.. Han e jo god, men altså, å gå rundt i huset med han 2!!!! cm fra leggen e ikkje så behagelig når eg ska snu meg. Det så skjer e at eg snuble øve han då. Så det e godt med litt fri fra kvarandre og. =) Altså, fra hunden.

Men altså, så snur solå snart, og då blir det andre boller. Strukturert trening, dagtid, kveldstid og über alles... Spesialt Mosvatnet.