mandag, juni 26, 2006

25 June 2006

Atter ein gong tok me sykkelen i bruk. I kveld begynte han å dra skikkelig godt. Eg merka tydelig forskjell opp bakken fra han drog og til han ikkje drog. Det er lett å få han til å springe lett og ledig attmed sykkelen, og idag gjekk det kanonfint å passere folk også. Han er selvfølgelig lettare distre når han ser kattar og fuglar, men slik det gjekk idag, er det veldig overkommelig.
Då me kom heim, fekk han bandet sitt i kjeften, og bar dette for meg medan eg satte sykkelen på plass, og fekk komme meg fram til ytterdøra. Då bytta eg bandet mot ein godbit. Så flinke gutten te mor e. Når me endelig hadde komt oss inn, av med sele, jakke og sko, tok me litt targeting.
Slik blei kriterieplanen sjåande ut.
-----------------------------------------------------------------------------------------------
Status før trening: Berører target, men biter over.
Delmål: Berøre target med nasen, uten å bite over.
treningsøkter:
1-1-0-0-0 40% 1-0-0-0-1 40 %
1-1-1-0-0 60 % 1-1-0-1-1 80 %
Status etter trening: Status quo, med litt mindre frekvens av biting.
<<<<<>>>>>>>>>>
- Eg klikket feil, der han beit over på iallefall 4 av 0'ane hans. Dette er min egen feil og eg må bli flinkare med klikkaren.
-----------------------------------------------------------------------------------------------
Litt seinare på kvelden skulle eg sette på meir kler te vask, og tilbydde eg bare nåke skitne kler til Swejsan som han tok i munnen med ein gong. Eg gjekk ut til vaskerommet og ropte på han. Der sa eg takk, og han slapp og fekk godbiten. Det eg ikkje skulle gjort va å gitt han godbit, for etterpå ville han absolutt ikkje ta nåke som helst i munnen, han ville bare tilby meg sitt, ligg og kontakt. Eg avslutta det heile, for då kan me heller ha kos og prat som belønning på det å ta ting som me gir han i munnen, fram til eg skal begynne med apportbukk.
Eg hadde også endå ei økt med targeting, der dette blei resultatet.
----------------------------------------------------------------------------------------------
Status før trening: Berører target, men biter ein og aen gong over.
Delmål: Berøre target uten å bite over.
treningsøkter:
1-0-1-0-1 60% 1-1-1-1-1 100%
0-1-0-1-1 60% 1-1-1-1-1 100%

Status etter trening: Mindre frekvens av biting over target.
<<<<<<>>>>>>>>
Klikket på at han beit over 2 gonger, han tilbydde å bite over i stedet for touch der han ikkje fekk klikk, altså at latenstida også blei overskridet i tillegg til feil adferd.
-----------------------------------------------------------------------------------------------

fredag, juni 23, 2006


22 June 2006

Eg reiste innover rett etter jobb, og Swejsan va igjen heime. Der hadde han og samboaren dreve å raka ut singel. Han hadde vore ute heile dagen, og storkost seg. Va regelrett kongen på haugen. De hadde dratt på fisketur på kvelden, og badenymfå vår måtte tilslutt bindas for å haldast ute av den vesle elva. Han e skikkelig ekstrem til å bade, og han kose seg skikkelig når han kan springe laus.
På fredagen etter eg kom heim, tok me litt kontakt-trening på 5 minutter. Han va skikkelig med, men det e sikkert fordi det ikkje har blitt den store treningen de siste dagane. Siste turen blei heilt vanlig, då eg va så trøtt.
Lørdag fekk han også litt sitt og ligg på kjøkken med mor, med restene av kjøttdeig som belønning. På kvelden sykla me, og det eg trudde skulle var ein tur på 1/2 time, blei nesten ein time. Eg slapp han laus nede på fottballbanen mens eg sykla over den, og han sprang i 8-tall forran meg. Han storkoste seg, og resten av turen sprang han fint på sida av meg. Han snuste ikkje så masse på denna turen, men han fekk massevis av sjansar til det. Va greit trøtt når han kom heim. Forbi postkassen henta me posten, og eg ga han et brev som han kunne gi til Anders når han kom heim. Kjempeflinke gutten gjekk rett og ga det. Hehehe, det e så artig når me får te slike ting. =)
I mårå e det konsert på Viking stadion, då har me ikkje aen mulighet enn å la han var aleine heime, og det gruar eg meg kjempemasse til. Rekne med det blir masse vasking når me komme heim, opprydding osv. Men, sålenge det må var slik, må me bare ta det som det kommer. Eg har iallefall lite lyst å la han var aleine heime. Det har han ikkje vore sidan me fann ut at han hadde seperasjonsangst, og eg ville heller ikkje utsette han for det før me var komt endå lengre på vei.

torsdag, juni 22, 2006

21 juni 2006

Vel, då var atter ein dag over, og eg går gjennom koss den har vore. Idag va Swejsan med meg på jobb, så han heime kunne sove lengre enn til 10 etter nattskiftet. Det gjekk forsåvidt veldig greit, heilt fram til etter lunsj. Me hadde forresten ei forsåvidt vellukka treningsøkt i pausen, der dama som Swejsan e skamredde og bjeffe på, kun blei bjeffa 5 gonger på. Eg hadde med meg godbitar og klikker, og såg intenst mot retningen hu pleie å komme fra. Plutselig fekk eg auge på hu, og starta med kontakt-trening. Kjempe-effektivt. Men neste gong skal eg bare klikke for at han ikkje bjeffer, og pøse på med godbitar for det. Var nok litt kort-tenkt, for eg kunne ha gjort den gyldne muligheten bedre. Etter lunsj fòr det masse glas i golvet, kun nåken få meter i fra Swejsan, og dette skvatt han så av, at han bjeffa masse etterpå. Eg har han liggande på teppet sitt når han e med på jobb, og der han han låge for det meste av dagen. Selvfølgelig har han strekt litt på seg, men etter hendelesen idag, virka han nåke shaky ja. Veeeeldig dumt, og eg blei stressa av at han bjeffa inne i hallen, så eg håpe me sleppe fleire slike dagar.
Idag tok eg turen hans med 2 hensikter. At han skulle få springe av seg litt, og forhåpentligvis slite ned litt på klørne sine. Så me sykla idag. Han va perfekt å sykle med, t.o.m uten springer. Men eg trur det hadde liten nytte egentlig, for han var ikkje møje pesen når me kom heim. Det blei ein forsåvidt lange tur, og det gjekk veldig fint, eg sykla ikkje fort, og sykla slik at han for det meste sprang på graset i vegkanten.
Då me kom heim, kom nabodamå heim og satte tolleren (hu har han bare av og til) ut i band utenfor. Eg skulle ned med bosset, og måtte då gå forbi denna hunden. Siden Swejsan ikkje klare å var aleina heime, va han med. Det så va skikkelig brødteit, va at denna damå hadde lagt opp bandet til denne tolleren slik at han kom seg tvers over veien, så møte var uungåelig. Men detta e heldigvis ein veldig fornuftig hund, og me tok likesågodt kontakt-trening, og forbigåing (MED KLIKKER). Dette gjekk også strålande. Han va sjuk etter å komme bort å helse, men satte seg likevel (veldig overivrig vel å merke) ned å såg på meg, og ga meg kontakt. Forbigåinga var med laust band. :D
Så då hadde eg iallefall nådd et av måla eg hadde satt meg for dagen. Det var å trene 3 intervaller med Swejsan på kvar 5 minutter. Og det klarte me! Det andre målet var å pakke 3 øskjer, men eg har bare pakka 1 diger ei... Men så e ikkje dagen heilt slutt for meg endå. Så eg har nå 1,5 time til på meg til å gjere det..

Er veldig sliten for tida, med nedpakking av huset for flytting, og ferie for tur, og jobben med masse tunge løft, så eg grave djupt for å finne inspirasjon til trening. Men det e ein herlig følelse å faktisk ha gjennomført planen.

onsdag, juni 21, 2006

20 Juni 2006

Huff, eg må trene meir. Var på besøk hjå Kari Anne ikveld, og eg kjenne eg slite skikkelig med å slappe av ilag med Swejsan. Skulle ønske eg hadde ei hard samenrulla avis ikveld, så eg kunne dengt laus på meg sjøl.
Note to myself; Det e din egen feil at Swejsan IKKJE kan ting!!
Vel, det som skjedde va, at nautahåve meg måtte selvfølgelig "hjelpe" han ned i ligg, slik som å ta frambeina hans og få han ned i ligg. Olaug, DU SKAL IKKJE gjer slik når du klikkertrene. Fa*n, for et nautahåve eg kan var. Eg måtte t.o.m bare gå ut, å telle ned fra 10, for eg hadde skikkelig lyst å bare gi opp heile klikkergreiene.. Og pga alt detta så blei Swejsan skikkelig utilpass, som igjen gjorde at han blokkerte meg heilt ute.. Blei sånn "away".. huff.. huff... huff....
Eg må skjerpa meg... Så te di grader og..
Vel, i bilen på vei heim gjekk det fint. Måtte inn på butikken, og eg høyrte ingen bjeffing mens eg va der inne. Når me kom heim fant eg et stykke jorde, så han fekk springe av seg litt. Det og gjekk greit. Men eg sitte med ein ekkel følelse i meg ikveld, og det må eg få gjort nåke med.
Vel, som eg så ofte pleie å sei; det blir sikkert ein bedre

søndag, juni 18, 2006


18 juni 2006

Swejsan e verdens (selvfølgelig) skjønnaste guttebasse, og har sterkt utvikla seperasjonsangst. Me trene (prøve på iallefall) kvar dag på at han skal bli meir fortrolig med dette å var aleine heime. Han like det slettes ikkje. Han er av den typen som sikle, ule, hyle og bjeffe, han drite og tisser inne, han ødelegger, han prøver å grave seg ut av bur, og sette liv og lemmer på spel for å oppnå dette. Me har klare gjeremål kvar dag, og fram til han klarer å var heime aleine, er han med meg på jobb, så han sleppe å oppleve desse fæle følelsane kvar dag. Han er også ein såkalla "cross-over" hund, altså han er tradisjonelt trent før eg fekk han, mens eg bare klikkertrene med han. Sjølv om både eg og han er ny på dette, skal me nok få det til bare me får litt input ein gong i blandt. Og takk og pris for at eg har søster mi, som også driv med klikkertrening i tillegg til å gå på klikkerkurs, så skal me nok ende opp på rett side av veien likevel.
Vel, over til dagens gode hendelse. Eg og Swejsan drog te strandå, der eg tenkte han skulle få springe laus. Eg har fått tips om å ha ein liten pakke kattemat i lomma på slike turar dersom han frastår å f.eks springe bort til hund å begynne slosskamp, jakte på fugl osv. Slik at i stedet for at han gjer dette, så komme han til meg, og får denne pakken med kattemat. Dette funker. Me gjekk på stranda, hadde hatt litt kontakt-trening, der kriteriene var svært låge siden me var der me var. Han skulle bare sjå på meg så fekk han klikket. Etter ein liten pause, auka eg kriteriene til et sekund, og dette gjekk strålande. Eg slapp han laus som tenkt, og me tusla bortover stranda, han tok kontakt med meg, og fekk seg ein liten godbit for å gjere det. Men det som skjedde var, at i vatnet låg det 10 ender, desse såg eg på lang avstand, og tenkte at eg skulle holde godt kjeft om han fekk auge på desse for å sjå ka han gjorde. Endene begynte å lage lyd, og Swejsan blei oppmerksom på de, sto i to sekund og så, før han kasta seg rundt og kom galopperande mot meg. Fekk heile kattemat-jackpotten og me tusla lykkelig vidare.
Etterpå gjekk me motsat vei, der det kom et par med ei tispe i band. Eg tenkte å ta litt band-trening, men slo heller til på at han bare skulle observere at de gjekk forbi. Den andre hunden sto på to bein i flexibandet sitt, hylte,bjeffa og kvein for den hadde så lyst å bort til oss. Me var kanskje 8-9 meter fra. Swejsan sto slik til at han kunne sjå de heile veien til de var vel forbi, og han såg på dei, såg på meg, og gjorde ingen utfall. Hverken drog i bandet, eller bjeffa! Så stolt.
Etter dette, då dei var komt laangt forbi, slapp eg han laus og han fekk seg ei skikkelig springerie. Deilig å sjå at han tar seg sånn ut, og gjett om merke det etterpå. Han ligg så rolig på teppet sitt. =)
Turen tilbake til bilen gjekk like fint som det hadde gått fram til dess. Han fekk bandet litt stramt, då stoppa eg og, han kom tilbake, me gjekk vidare med laust band. Herlig å kunne gå tur med stor hund på den måten, altså