mandag, august 29, 2011

Oliverbesøk


Me har dei siste 10 dagane hatt besøk av Oliver, den herligaste litle hunden ever, så dagane har vore fulle av latter og forbauselse over den ekstremt gode kjemien mellom han og Thassie.
Dei har leika, ete, sove og kosa ilag, og det forundrar meg endå koss kjekt dei har det. Ein skulle nesten tru dei var eit ektepar slik ein kjemi det er mellom dei.
På tur har Oliver gitt Thassie ein ekstra booster, og dei begge har oppført seg eksemplarisk. Ingenting har vore skummelt, ekkelt eller grunn til å bjeffe over. Men Oliver er ein drøm å ha i band på tur, så eg ser eg og Thassie skal trene masse på det framover. Verre vimsetroll skal ein leita lenge etter.
Oliver fant seg godt til rette hjå oss, både ilag med store og små, og var enkel å leike rundt då ungane ville leike.



På ettermiddagar/kveldar hoppa han rett som det var opp på fanget, og siste del av opphaldet syns han det var heilt greit å dele plassen hjå oss også.



Alle tre kunne faktisk ligge hjå/oppå meg uten at det blei krangel om det. =)
Nå ventar ei veke med masse planar om trening, ikkje minst rally!
Nå nærmar det seg med stormskritt dagen då me endelig får Mitchell of Nathalies Pride i hus, han kjem kommande søndag og har då reist heilt frå Nederland for å komma til oss.

 Han har allerede blitt stor gut, så det skal bli spennande å sjå kor stor dverg han endar opp som. Utrulig flott å sjå til, nydelig hale, kraftig snuteparti og utrulig skjønne auger.
Visstnok har han same favorittsovestilling som Thassie, nemlig å ligga på rygg over magen eller brystkassen min. Det skal bli interessant å ha to slike koseklumpar.


Me gler oss alle saman til denna nye dude’n skal snu om litt på kvardagen vår. <3

torsdag, august 11, 2011

Intro til slalom og ein bitte liten rallybane i hagen.

Idag kom heldigvis ånda over meg igjen, så eg fann fram to slalompinnar og sette desse opp med 60 cm mellomrom.
Før me tok til med slalomen trente me på sitt/bli i front, og eg enda opp 1,5 m frå ho, kor eg kunne bruke omvendt lokking på å gi ho godbiten. Svært nøgd med dette!
Først fekk hu klikk/godbit for bare å vera i nærleika av pinnane, og eg fann fort ut at eg skulle auke kriteriene fort for å ikkje gjera dette for enkelt for ho. Med ein gong eg lot klikket vente på seg, kom kreativiteten fram, eg fekk både påplass, sitt foran, stå foran og et par andre før ho huska på at dette dreide seg om pinnane. Ho småsprang mot midten av pinnane og gjennom, og eg fekk inn ein godt time’a belønning. Etterpå kom ho til meg, før ho huska det igjen kva dette var og sprang gjennom pinnane.
Etter et par slike repetisjonar, byrja eg å klikke for at ho starta å vende etter å ha passert mellom dei.. Me avslutta då ho hadde kome rundt den andre pinnen.

Etter ein pause, fann eg ut at eg skulle setje opp ein liten Rallybane i hagen, eg har jo ikkje store hagen, men fekk inn eit par gode øvelsar på den vesle plassen me har.

Det var
1:“stopp-sitt”
2: “270 grader høgre”
3: “stopp, 1-2-3 steg fram”
4: “venstre sving”
5: “stopp, vri 90grader, stopp”
6: “stopp, sitt-stå”
7: “springmarsj”
Me klarte fantastisk flott det første skiltet, på det andre hang ho litt etter, men eg fekk ho likevel med, det tredje skiltet fulgte ho meg ufattelig godt, og venstre svingen likeså. På 5. skiltet hadde me ein repetisjon fordi ho blei distrahert av Elvis som “blanda seg inn” (les fulgte etter pølselukta), medan skilt nr. 6 gjekk kjempefint fordi eg haldt fram handa uten at ho toucha den. =) Springmarsjen gjekk også strålande.
Heile denne banen hadde eg klikkar og godbitar, og ved stå’en fekk eg inn eit klikk som gjorde til at ho blei ståande der. =) Løøveli..
Me tok ein repetisjon av banen, men Elvis blanda seg ytterligare, og utgjorde ei stoooor forstyrring. Heldigvis fekk eg ho med meg vidare så me fekk avslutta på ein tilfredstillande måte.

Svært nøgd med Thassie sin vilje til å trene idag, ho har ikkje vore spesielt gira på leik som belønning, men svært motivert på godbitar idag. Og til tross for at ho er i skikkelig løpetid, så er eg svært nøgd med resultatet av dagens trening.

tirsdag, august 09, 2011

Hopp, seie matmor, så då gjer eg det. =)

Etter ferien i DK hadde eg skaffa nokre få element til Agilityen, ein plass må eg begynna, og det blei slalom, ring og hopp.
Endelig hadde vèret roa seg litt slik at me fekk ned plenen og satt opp hoppet. Først hadde eg det heilt nede, og hu spankulerte rett over som ingenting. Etter at eg auka høgden, måtte ho til å hoppe, og eg hadde det godt over hennar hovud før ho “fann snarvegen” og gjekk under. :/ lurehønå. Men, hu hopper iallefall, og nå skal eg prøva andre plasser med hoppet, for nå er ho iallefall introdusert til det. =) Under er ein liten videosnutt.

Thassie hopper

 

Nytt bilde har kome av Mitchell of Nathalies pride, og dagane fyker avgårde og snart er han plutselig her. =) Han er blitt heile 7 veker, og me ser virkelig fram til han kjem nå. =)

278266_254744431220954_100000561971913_997103_6826469_o