onsdag, august 13, 2014

Litt av kvart

Det har skjedd masse sidan forrige blogginnlegg, og det kan fort henda at det blir meir blogging i tida som kjem nå.
I April var Mimi på utstilling, og fekk ck. I mai fekk hu også certet, og me var veldig fonøyd.

Me har det fryktelig kjekt ilag på utstilling, og dei voldsomme resultatene er ikkje så nødvendige for meg. Utrulig kjekt at hu får det, men for oss er dette nåke me gjer ilag og har det kjekt med.

Hausten blir særdeles spennande, og det gjenstår å sjå om Mimi er med kvalpar. Me var på besøk for ei veke sidan hjå ein mild og høflig hannhund og fekk til to flotte parringar. I veke 41 vil hu vera fødeklar om dette gjekk bra. =)

Me gler oss, og kryssar fingrane for at dette gjekk bra, og "tante" Thassie får kanskje nåken små å leike med hu og.