tirsdag, februar 22, 2011

Falsk drektighet

Thassie viser mange teikn til falsk drektighet. Ho fekk si første løpetid veka føre jul, og hadde i slutten av januar antydning til masse i jura.
Eg blei då gjort oppmerksom på å slutte å kose på magen, noko Thassie elsker.
* Nå i skrivande stund har ho gått sidan forrige fredag, altså 10 dagar utan å ete spesielt. Litt mat har hu villa hatt, men det har vore ytterst lite. Som oftast har ho verre latt det vere og gått vekk igjen.
* I tillegg til dårlig/manglande matlyst har hu valgt å trekke seg tilbake og sove mykje. Me har hatt storpuddel i hus, og dette har ikkje hjulpe noko på hennar aktivitetsnivå.
* I går, søndag spydde ho.
* Ho har også virka for meg å vera nedstemt.
Råd har blitt gitt, og eg har lese meg fram til at det beste er å halde ho i aktivitet og aktivisere.
Så det har me gjort på best mulig måte. Me går tur, leiker, kaster ball som ho spring etter, hatt treningsøkter der ho har fått sprunge og blitt fysisk trøtt, trent diverse triks, generalisert og hatt stimuluskontroll, besøkstrening med avbrekk av leikekamerat/springing m.m. Og idag ser det ut som Thassie er tilbake. Eg vil ikkje anta at det er over, så eg kjem til å halde på slik ei god stund til, med fornuftige sovepausar innimellom.
Idag har ho ete oppbløyta tørrfòr, skjønt eg måtte først få ein bit i munnen hennar, før ho skjønte at dette faktisk smaka godt. Ho har også vore skikkelig mottakelig for godbitar og me har kome skrittet vidare på trikset “å sitte bamse”.

søndag, februar 20, 2011

Familiebesøk og lekestund

Siden Thassie har slitt med å virke litt depremert pga falsk drektighet, så har hu fått vera med på det aller meste.

Idag tok me turen til familie og hadde med Thassie også. Hu viste seg frå si beste side, som også antageligvis har med den falske drektigheten å gjera, og la seg fint attmed beina mine då me hadde oss kaffi.

20022011892

Etterpå tok me turen ut i hage, for å la dei små firbeinte leike litt saman. Desse to fant virkelig tonen saman, og hannhunden som var av rasen Jack Russel var mjuk som smør for Thassie. Kjempekoselig å sjå den gode leiken og at hu fekk springe masse ilag med han.

2002201189320022011894200220118952002201189620022011897

søndag, februar 06, 2011

Innlæring av trikset “å bukke”

Thassie har mange triks hu skal lære, og me har endelig komt igang med ein god del av dei. Me finn det endå litt vanskelig med shaping og capture, men skal nok tilslutt bli rimelig god på dette også.

Innlæringa av trikset “å bukke” har foregått på denne måten.

Først viste eg ho med handa at ho skulle ned med frambeina, eg hjelp ho ikkje fysisk i det heile tatt. Mange gonger gjekk ho rett ned i dekk, men der var ein gong rompa blei ståande opp og fekk inn et klikk på rett stad og hu fekk ein kjempebelønning. Medan ho sto slik, fekk ho mange klikk etterfulgt av godbitar. Denne siste gongen avslutta me med, etter ei økt på 4 minutter. Huska nemlig frå kurset til Thomas Stokke at øktene er bedre når dei er korte, helst mellom 3-5 minutter.

Neste dag prøvde med igjen, og nå trengte eg bare ta handa ned i golvet for at hu skulle få frambeina ned og rompa opp. Hadde ei god økt med klikk og belønning for å gjere handlingen og stå i den posisjonen. Me lot det vera med den økta, og venta igjen til i dag med neste økt.

Idag kunne eg bare sette meg ned for at hu skulle tilby å bukke, og eg ga hu mange klikk med belønning for å gjera dette. Når hu blei ståande i same posisjon klikka eg og kasta godbiten for å få intensiteten hennar opp litt. Det hjalp litt, og me hadde ein  perfekt avslutning. 

Neste økt var eg ståande foran henne, der eg tok henda mine saman foran meg, og hu gjekk rett ned i bukk. Ei 3 minutters økt på dette.

Neste gong sto eg heilt vanlig, uten form for hjelp ga hu meg både dekk, sitt, prøvde å gå slalom før hu endelig tilbydde å bukke. Då fekk hu klikk med kanongode godbitar. Full jackpot.. =) Hu fortsatte å tilby bukk, og eg klikka og ga godbit. Etter eit par minutters pause begynte eg å legga på kommandoen “”bukk”. Eg sa “bukk” og i same sekund gjekk ho ned i bukk. Vidare skal me få god stimuluskontroll på denne, samt generalisere.

Thassie trenger nemlig å trene seg (og meg) opp til å tilby meg forskjellig når me trener, og dette klarte hu jo også nå idag.

I morgon har eg planar om film for å vise kor me har enda opp hen. Denne gongen syns eg at me fort fekk vekk håndvising og at me fekk til dette med at hu skulle tenke seg fram til kva eg faktisk ville ha fram.
Goda puddeljentå mi.

fredag, februar 04, 2011

Heimetrening med besøk av barn

Idag fekk Lea 2 stk på besøk, nåke Thassie syns var ein smule skummelt. Det kom nokre bjeff, og hu strakk seg fram for å lukte på desse ungane. thassieogtanja tanja

Heldigvis var dette ungar som eg lett kunne instruere, slik at Thassie fekk ta det i sitt eige tempo, og det gjekk fort over med at dei var skumle. =) Tanja syns det var bare kjekt med ungar i hus, for hu fekk nemlig gå i fred uten å bli løfta opp.
Når dette hadde gått seg til, eg trur ikkje det var 5 minutter eingong, fekk eg Thassie til å rulle rundt. Dette syns ungane var kjempeartig og me hadde eit par repetisjonar på dette. Etterpå hadde dei lyst å gi hu godbit dei også, og eg viste dei korleis dei skulle gi ho med open hand.

IMG_6175 IMG_6179

Ho gjekk litt og rusla, før ho fann seg til rette i sofaen og roa seg heilt der.Ho brydde seg ikkje om ungane kom bort til same sofa og satte seg ved siden av. Ho fekk ligge i fred.

 

Tur på Stranda den 17. januar.

IMG_6117 IMG_6129 

IMG_6130 IMG_6133

IMG_6138 IMG_6142

onsdag, februar 02, 2011

Observatør på trenarutdannelse trinn 1 med Thomas Stokke, klikkerkurs

Dagen begynte med teori, og me (iallefal eg) sat å hutra inni eit lite rom.

Det blei gjennomgang av målsettingar og viktigheten av å sette realistiske mål, både for oss sjøl og omgivelsane og ikkje minst hunden.

Vidare gjekk det over på belønning og kva som var hensikten med mat som belønning og leik som belønning.

Mat som belønning er svært gunstig i forhold til rolige øvelsar, der me ønsker at hunden skal forholde seg rolig.

Leik som belønning brukast for å få opp fart og intensitet, ein vil gjerne at hunden skal ha god fart i det den skal gjera, og brukast gjerne til å få fram iveren og driven.

Etterpå blei det praktisk trening i form av leik som belønning, og dette skulle få hunden meir lysten på trening og leik. At den tigga etter meir. Dette arta seg i å få ei god lekeøkt med at hunden drog godt i leika. Etterpå skulle ein bare la hunden få springe vekk med ei leke når den drog godt, dvs at den fekk vinne leika, mens eigar gjorde seg interessant og hadde det veldig artig med den andre leika. Dette enda alltid opp med at hunden sprang til eigaren og ville vera med der. Dei som sleit med at hundane sprang vekk med leika og ville bare leike aleine, opplevde nå at hunden kom til eigar og ville vera med på det kjekke der.

Viktig var det også å generalisere leiken i alle miljøer slik at hunden blir mottakelig for leik som belønning uansett kor ein er.

 

Vidare var det praktisk trening på burleiken. At hunden sjøl skal velga å gå inn i buret og vera der. Dette skulle den også ha eit visst driv over seg når den gjorde, og ein kunne observera forskjellige tolkningar av det iløpet av økta.

Apport var også på planen, og dette hadde ein god del av dei allerede inne, mens dei andre kom svært godt i gang.

Teorien på slutten av dagen tok føre seg shaping og dei ulike måtane å gjere dette på. Her fekk eg mange gode tips til korleis eg kan komme vidare med Thassie, så det ser eg fram til når åndå tar meg igjen.

Dag 2

inneholdt svært mykje praksis. Ein skulle arbeide to og to ilag på å shape inn et triks.

Etter denne lange økta, blei det intervallar med kvar hundeeigar og hund, der Thomas Stokke hjalp til med kvart sitt ønske om hjelp.

Det var for det meste bakpartskontroll på samtlige av desse, men også fri ved fot.