søndag, september 10, 2006

Hundedag 2 av 2

Bråvakna 5 minutter før eg skulle kjøre avgårde, så i seinaste laget fekk eg heve oss i bilen. Me droppa å møte Kari Anne i Sandnes, og kjørte heller direkte til Orre. Var der i god tid før Anne Karin og Shaylee skulle inn i ringen. Swejsan bjeffa nåken gonger der inne, men la seg ned og roa seg utrulig godt til å var på utstilling. Han likte seg ikkje då me skulle ut og måtte gå gjennom alle de bura og eigerane. Og hundane ikkje minst. Ute gjekk det kjempe fint også. Han drog nesten ikkje i bandet, gjekk fint på sida av meg, bjeffa ikkje på nåken, ville bort å helse, og prøvde å dra seg framover. Eg har lovt meg sjøl at han ikkje skal få lov til det, så det klarte han heller ikkje. Eg prøvde å få han til å sitte ved forskjellige anledningar på utstillingen idag, og kvar gong gjorde han det rett. Ligg prøvde eg bare på ein gong, og han klarte det og. Då me hadde stått og gått litt der, fant eg og Kari Anne ut at me skulle gå rundt Mosvatnet inne i Stavanger. Men det enda opp med at me bare gjekk ATTMED vatnet. Swejsan drog, for att og fram, og oppførte seg som ei forvirra rotte. Eg blei lei, og me gjekk for å ta ein "timeout". Der fekk Swejsan VIKTIG "var i ro andre plasser enn på jobb og heime"-trening. Først etter at han hadde sukka tungt, og lagt seg ned for å slappe av, reiste me oss for å gå tilbake. Då hadde han reist seg ørti gonger, bjeffa fleire gonger, og bare kjeda seg mens me satt slik. Men etter 10-15 sekunder heilt i ro, kunne me også gå vidare. Eg klikka for at han gjekk fint på vei tilbake, og han gjekk som ein aen deilig hund. Rett heim etterpå, for idag e både eg og Swejsan slitne.. Endå ein herlig hundedag..

Ingen kommentarer: